Minnemarkering på Gjøvik
Fleire møtte opp då det var minnemarkering på Gjøvik i dag. Det er ti år sidan terroren i regjeringskvartalet og på Utøya. Under arrangementet var det mellom anna appell frå Ingrid Myhr i AUF, kulturinnslag og eit minutts stille.
Ein av dei som deltok var Olav Malmedal. Han mista sonen sin, Even Flugstad Malmedal på Utøya for ti år sidan.
– Det har vore fint å vere her på denne markeringa. Det har vore gode ord og godt å sjå så mykje folk som kjem hit og er med, seier han.
Han seier det siste året har vore ekstra tøft for familien deira.
– Det siste året når det har vore ti år sida sist bursdag, sist jul, sist påske vi hadde saman. Det har vore slik sett eit tungt år, fortel han.