Hopp til innhold

Straumen attende på Lillehammer

580 hus var utan straum på Lillehammer sundag morgon. Ifølgje Eidsiva kom straumbrotet på grunn av feil i høgspentnettet. GD.no melde at det var straumkunder i Vårsetergrenda og Røyslimoen som var råka. Litt før klokka 10 var feilen retta.

Flere saker fra Innlandet