Hopp til innhold

Bustadhus totalskadd i brann

Politiet fekk seint i går kveld melding om ein brann i eit bustadhus i Hov. Søndre og Nordre Land brannvesen rykka ut, men huset var overtent då dei kom fram. Ingen personar var til stades i bustaden da det byrja å brenne, men ein hund og to kattar omkom truleg i brannen. Operasjonsleiar Bård Christiansen seier at det var ein av dei som budde i huset som oppdaga brannen, og fekk varsla brannvesenet. Brannårsaka er ukjent, og huset er totalskadd.