Hopp til innhold

- Takk for meg

Merete Furuberg frå Grue trekte seg søndag som kandidat til leiarvervet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

erete Furuberg trekte seg som leiarkandidat i Bonde-og småbrukarlaget
Foto: Joar Elgåen / NRK

Furuberg har stått sentralt i ein opprivande leiarkamp den siste tida, etter at valkomiteen innstilte henne til ny leiar. Dermed ville dei vrake sitjande leiar Ole-Anton Teigen frå Troms.

På landsmøtet vart valkomiteen skulda for å ha drive med ein skiten nominasjonsprosess og ein psykisk terrorkampanje mot Teigen.

Vil unngå uro

Merete Furuberg heldt ei følelsesladd tale der ho fortalde landsmøtet at ho trekte seg som kandidat til leiarvervet. Ho seier at ho trekte seg frå ei kampvotering for å unngå for mykje uro i organisasjonen. Ho takka også for seg som nestleiar og ønskte heller ingen andre styreverv i den komande perioden.

Ole Anton Teigene vart deretter attvald utan motkandidat, men nærmare halvparten av landsmøteutsendingane stemte blankt.

Ståle Støen frå Folldal, som var innstilt som ny politisk nestleiar, trekte seg frå velet i mistillit til Teigen. Katharina Sparstad frå Vang i Valdres vart attvald som organisatorisk nestleiar.

Flere saker fra Innlandet