og Odd Midtlin
Kommunestyret vedtok i går at heimesida på Internett, offentlege kunngjeringer og alle store plandokument skal vere på nynorsk. Utover det skal det vere opp til kvar enkelt medarbeidar å vurdere kva slags skriftspråk han vil bruke.
- Sjølvmotseiande
Turid Kleiva som er leiar i det lokale mållaget i Nord-Fron seier seg lei for vedtaket som vart gjort.
- Eg meiner det er sjølvmotseiande. På den eine sida krev ein nynorsk, men på den andre sida skal tilsette få gjere som dei vil. Eg meiner politikarane burde ha vald ein rett sti i språk-politikken, seier Kleiva.
Nynorsk er under press, sjølv i det som har vore karakterisert som trufaste nynorsk-kommunar. Dessutan er det ei kjend sak at andre offentlege instanser slit med å halde andelen nynorsk, som lova krev, oppe.
Nettopp difor meiner Kleiva at Nord-Fron burde ha vore konsekvent og vald nynorsk, den same målforma som i dag.