Hopp til innhold

- Må rustast opp for 40 millionar

Aulestad er nær ved å kollapse, og det trengst ein stor opprusting for å få anlegget på fote att.

Aulestad, diktarheimen til Bjørnstjerne Bjørnson
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

I vår vart det oppdaga at hovudhuset på Aulestad hadde store råteskader, og ein stor redningsaksjon er nå i gang.

Men det er ikkje billig å restaurere gamle trehus.

- Rekninga vil kome på nærare 40 millionar kroner, seier Maihaugen-direktør, Ågot Gammersvik til avisa GD.

- Hadde ikkje noko val

Ho seier at dei ikkje hadde noko val, dersom dei skulle kunne halde Bjørnstjerne Bjørnson sin heim i hevd. Arbeidet måtte starte umiddelbart.

No arbeider tolv handverkarar på anlegget i Gausdal, for å få det presentabelt til Bjørnson-jubileet i 2010.

- Vi måtte ta tak og bruker nå av oppsparte middel for å kome i gang, seier Gammersvik til GD.

- Treng pengar frå Giske

Men Maihaugen har ikkje økonomiske musklar til å klare kostnadane sjølve, og har nå bede kulturminister Trond Giske om å løyve over 35 millionar kroner over statsbudsjettet.

- Vi har ikkje fått signal om at pengane vil kome, men vi har heller ikkje høyrt det motsette, seier styreleiar Trygve G. Nordby. Han avviser overfor avisa at det er ein taktisk manøver frå Maihaugen at dei nå køyrer fram denne saka, eit drøyt år før hundreårsmarkeringa for Bjørnsons død.

- Nei, på ingen måte. Hadde vi visst dette for sju år sidan så hadde vi starta arbeidet med ein gong, seier Trygve G. Nordby.