Hopp til innhold

- Må få betre vaktordningar

Legar rømmer frå Bygde-Noreg på grunn av håplause vaktordningar og arbeidspress, trur Lillehammerlege.

Lege Øystein Skjåk
Foto: Arvid Torsgard / NRK

I Dagsrevyen laurdag kom det fram at svært mange utkantkommuner strevar med å stable på føtene ei stabil legeordning.

Berre i Engerdal kommune har det vore over 30 forskjellige legar på under to år, og ingen av dei har vore norske.

Årsaken er at vaktordningane er vanskelege og arbeidspresset stort, meiner Øystein Skjåk som er lege i Lillehammer.

- Vil ha ordna arbeidsforhold

- Mange nyutdanna legar i dag ynskjer ikkje den belastninga som ein får i distrikta. Vi vil ha ordna arbeidsforhold og vil sleppe å jobbe ugunstig så ofte, seier han.

I Lillehammer kommune er det i dag 21 allmennpraktiserande legar. Alle er norske, og fleire av dei kjem faktisk frå utkantkommuner i Hedmark og Oppland med stor legemangel. Ein av dei er Øystein Skjåk. Han trur det berre er ei løysing på problema, nemleg ei legevaktordning der fleire kommuner samarbeider slik at arbeidspresset, særleg i helgene, blir mindre på kvar enkelt lege.

- Eg trur det er alfa omega, seier Skjåk.

Men han trur ikkje det vil bli lett å få gjennomført i praksis.

Reidar Åsgård

Ordførar i Engerdal, Reidar Åsgård, meiner legemangelen er ein vond sirkel.

Foto: Anne Næsheim / NRK

- Da må politikarane fortelje folk at dei må reise lengre til lege på kveld og nattestid. Kanskje må dei køyre 6-7 mil, og det er det mange som vegrar seg for å seie, meiner Skjåk.

Vond sirkel

Desse tankane er ikkje ukjente i Engerdal, fortel ordførar Reidar Åsgård. Men det er ikkje lett å få gjennomført i ein kommune der 1500 innbyggjarar bur spreidd over eit område like stort som Vestfold fylke.

- Legemangelen er ein vond sirkel som det er vanskeleg å bryte ut av, seier ordførar Reidar Åsgård.

Flere saker fra Innlandet