Forskarar skal auke interessa for realfag blant dei yngste.
Vitensenteret Innlandet har nå sett i gang forskarkurs for 5.-7. klassingar i Hedmark og Oppland.
Entusiastiske skrik
Det er lærerstudentar frå Høgskolen i Hedmark som kjem til å besøkje skular med spennande aktivitetar innafor kjemi, fysikk og biologi.
Det er ikkje ofte at eit fysikkrom blir fylt med så mykje latter og entusiastiske skrik som det vart på Arstad skole i Ottestad i dag.
Arstad skole er ein av omlag 25 skular i Hedmark og Oppland som har meldt seg på forskarkurset.
Ekte forskarspirer
I to dagar fungerer elevane som ekte forskarspirer, der dei får prøvd seg på eksperiment frå både kjemi, fysikk og biologi.
Leiarane for kurset er lærarstudentar frå Høgskolen i Hedmark. Student Anette Rundsveen meiner det er viktig at barna er interessert i realfag.
- Realfag er alt som foregår i naturen, og det er veldig spennande, seier Rundsveen.
Sprekk ballongen??(Alle foto: Knut Erik Solhaug/NRK)
DNA frå kvitlauk
Og å prøve sjøl fekk ungane i 5. klasse ved Arstad Skole.
Noko av det deltakarane på forskarkurset får prøve seg på er å isolere DNA frå kvitlauk, eksperimentere med tørris og å lage krystallar.
Målsetninga med forskarkurset er å motivere og inspirere elevane til å lære meir om naturfag og teknologi.
Tøff ballongblåsing
Det som engasjerte mest på Arstad skole i dag var utan tvil forsøket med ballongblåsing for latsabbar.
Forsøket gjekk ut på å fylle ein ballong med natron for så å feste han på ein flasketut. I flaska var det eddik. Da natronen blanda seg med eddiken, skjedde det ting.
Hyl og hvin i klasserommet vitna om at dette var ein suksess, og fleire meinte at forskarkurs, det var kult!