- Hamar burde bygd stadion på Tjuvholmen

Dersom Hamar hadde satsa på Tjuvholmen i staden for Briskeby ville dei fått både ein fotballstadion og eit kulturhus til ein langt rimelegare pris. Det meiner eigendomsutviklar John Grønlien.

Briskeby Stadion Hamar

Utbygginga av Briskeby gressbane har vorte eit økonomisk mareritt for Hamar kommune. - Hamar kommune ville fått meir for pengane ved å satse på eit anlegg på Tjuvholmen, meiner eigendomsutviklar John Grønlien.

Foto: Knut Sveen / NRK

I 2004 vart planane om Skibladner stadion på Tjuvholmen i Hamar lansert. Der skulle det vere både fotballstadion, kulturscene og eit 20-etasjers hotell.

– I mi verd var det eit ganske trygt og sikkert prosjekt, og vi følte oss trygge på at dette var noko å gå for, seier administrerande direktør i firmaet Totalprosjekt, John Grønlien.

Politikarane sa nei

Tjuvholmen i Hamar

Firmaet Totalprosjekt ville byggje fotballstadion på idylliske Tjuvholmen i Hamar.

Foto: Anders Steinshaug

Planane skapte begeistring i starten, men administrasjon og politikarar var ikkje like imponerte. Tjuvholmen var regulert som fritidsområde, og ein omkamp om dette ville vorte for belastande.

Formannskapet stemte også nei til prosjektet fordi dei meinte at den økonomiske risikoen var for høg. I staden vart det vedteke ei utbygging av det allereie eksisterande fotballanlegget på Briskeby. Totalprosjekt vart bede om å ta seg av denne utbygginga, men takka nei.

– Vi meinte at situasjonen på Briskeby var for kompleks, og det var store spørsmål knytt til kostnadane, seier John Grønlien.

Han meiner at både kompliserte eigedomstilhøve og plassering inne i eit bustadområde tala mot ei utbygging på Briskeby.

Pengesluk for kommunen

Og opprustinga har vorte ein politisk og økonomisk verkebyll for Hamar.

Ved juletider måtte kommunen ut med over 50 millionar kroner for å redde selskapa som driftar Briskeby gressbane. Men det var ikkje nok, og nyleg vart det klart at kommunen må spytte inn 60 nye millionar for å hindre at selskapa som driftar Briskeby skal gå konkurs.

John Grønlien meiner kommunen ville fått ei langt betre pakke til ein langt rimelegare pris dersom dei hadde gått for løysinga på Tjuvholmen.

– Både fotballstadion, hotell og kulturscene kunne vorte realisert med langt lågare kostnadar enn det dei ville kosta kvar for seg. Det ville vore ein vinn-vinn-situasjon for alle partar.

Sjå TV-innslag om pengesluket Briskeby frå 10. juni 2010:

Video Kritisk for Briskeby