Ikkje før har Helse Øst stadfesta vedtaket om at fødeavdelinga på Gjøvik blir lagt ned, så kjem det altså signal frå Helse Sør om at føden på Ringerike sykehus er i fare.
- Trist
- Det er trist at økonomi skal styre starten på et nytt liv, seier jordmor i Gran, Margaret Staurbakk Skavern.
Helse Øst har i sitt vedtak om fødetilbodet tatt atterhald om at fødande frå Hadeland fortsatt skal få føde på Hønefoss.
Staurbekk Skavern syner til at det som no skjer i Noreg, er det same som skjer i Sverige.
- Og der kjem dei faktisk med åtvaringer mot det vi no gjer, fordi det økonomisk ikkje er noko å spare på å leggje ned fødeavdelingene, seier Staurbekk Skavern.
- Kvar skal vi dra?
Eit av argumenta som vart brukt i høve til nedleggjinga av fødetilbodet på Gjøvik, var at det var stutt veg for Hadeland-kvinner til Ringerike sjukehus på Hønefoss.
Men Helse Sør ser på moglegheiten for å slå saman sjukehusa Blefjell, Ringerike og Drammen. Målet er ei innsparing på vel 200 millionar kroner. Dette kan resultere i ei sentralisering av akuttberedskapen ved eit eller flere av sjukehusa.
- Dette gjev berre meir uro for dei fødande. For mange er ei lita fødeavdeling det tryggaste, seier jordmora på Gran.
Skeptisk
Elin Jorstad Heier er ei av dei som hadde tenkt å føde på Ringerike sjukehus. Spareplanane no, er ho skeptisk til.
- Eg synes det høyrest drygt ut, spesielt viss ikkje fødeavdelingene i Oslo ikkje har kapasitet til å ta imot fleire fødande, seier Heier, som ikkje er glad for at alternativet då er Lillehammer eller Drammen.
Ho seier stadig fleire av dei fødande på Hadeland vel å dra til Ringerike framfor Gjøvik og Oslo.
- Dette er en kvinnefiendtlig politikk. Dette hadde aldri skjedd viss ein mann skulle ha fått ungar, seier jordmor Margaret Staurbakk Skavern.