Fem lensmannskontor i Hedmark er med i eit treårig prosjekt som skal føre til at fleire saker blir sendt til Konfliktrådet, men så langt i år har dei ikkje sendt over ei einaste sak.
Det seier leiar av Konfliktrådet i Hedmark, Henning B. Pedersen.
Ueinige
Vi i politiet er ikkje einige i at vi sviktar prosjektet, seier lensmann i Moelv, Thor Haugen. Dei behandlar 700 - 1.000 straffesaker i året.
Det var Stortinget som sette i gang prosjektet med påtalekompetanse for lensmenn til å overføre saker til konfliktråd.
Dei fem lensmannskontora i Hedmark som er med i prosjektet kan sjølve avgjera at mindre straffesaker som tjuveri og hærverk kan førast over til Konfliktrådet. Dermed kan politiet og politijuristane bruke meir tid på dei større sakene.
Fiasko
Leiar av Konfliktrådet i Hedmark, Henning B. Pedersen, meiner prosjektet er mislykka, og at åraska er ein profesjonskamp i politiet. Juristane har vore dei einaste i politiet som kan ta ut påtale, mens lensmenn som er med i prosjektet nå også kan gjera det i enkeltsaker.
- Men dei er varsame med å trakke juristane på tærne, og er ikkje motivert til å sende frå seg saker, meiner Pedersen.
Oppland ikkje med
Dei kommunane i Hedmark som er med i samarbeidsprosjektet med Konfliktrådet er Moelv, Trysil, Tynset, Rendalen og Eidskog.
Ingen kommunar i Oppland er med i prosjektet.