Hopp til innhold
Info fra NRK

Radioprestane 2022

Kyrkjelydane i Foldnes i Øygarden, Byåsen i Trondheim, Finnsnes i Senja, Filadelfiakirken i Drammen, Lura i Sandnes og Jessheim i Ullensaker vil vere gjengangarar i radiogudstenestene i NRK i 2022.

Radioprestane 2022

Radioprestar og organistar som blir å høyre i radiogudstenestene i NRK gjennom 2022. (Sjå under for namn på den einskilde)

Foto: NRK / NRK

Kvart år blir eit knippe kyrkjelydar landet over bedne om å ha fleire av dei radiooverførte gudstenestene som NRK sendar i løpet av året.

- Ved å ha nokre gjengangarar, blir prestane litt meir van med denne forma for gudsteneste, seier Gudbjørn Bondhus som er ansvarleg for å produsere radiogudstenestene i NRK.

Den første gudstenesta frå dei faste kyrkjelydane i år vil komme frå Foldnes i Øygarden kommune utanfor Bergen søndag 16. januar.

Etter Foldnes vil det komme gudstenester frå Byåsen kyrkje 23. januar, Finnsnes kyrkje 30. januar, Filadelfiakirken i Drammen 20. februar, Lura kyrkje 27. februar og Jessheim kyrkje 20. mars.

Når året er omme vil kvar av desse kyrkjelydane ha hatt radiogudstenesta i NRK seks eller sju gonger.

Sokneprest Maria Tveten og organist Aasmund Brekke.

Sokneprest Maria Tveten og organist Aasmund Brekke frå Foldnes kyrkje i Øygarden kommune blir gjengangar i radiogudstenestene frå NRK i år.

Foto: Vegard Blakstad / NRK

Noregs største kyrkjerom

Radiogudstenestene er stadig ein populær programpost i NRK. Til saman får rundt 300 000 med seg gudstenesta ein vanleg søndag når den sendast i samsending på NRK P1 og NRK P1+ og også er å høyre både direkte og i opptak via nettet i NRK Radio.

På den måten blir radiogudstenesta Noregs største kyrkjerom.

Gudbjørn Bondhus seier det blir litt ekstra å tenke på for kyrkjelydane når NRK kjem på besøk. - Derfor har vi funne ut det er betre når nokre kyrkjelydar har fleire gudstenester i løpet av året. På den måten blir alle godt vant med kva som må gjerast. Det gir ekstra tryggleik for alle partar, noko eg trur radiolyttarane og merkar, seier Bondhus.

Nyleg var organistar og prestar frå 2022-kyrkjelydane samla i Trondheim for å førebu seg på oppgåva med å ha radiogudstenesta hos seg dette året. Å halde ei god preike handlar blant anna om å kunne formidle historier på ein måte som gjer at folk høyrer etter kva som blir sagt.

Den kristne kulturarven har ein spesiell plass

- Innhaldet og bodskapen i den enkelte radiogudsteneste er det likevel den einskilde prest som står for. Vi i NRK rettleier og gir gode råd, seier Bondhus.

Han viser til at å spegle eit breitt livssynsmangfald er ein viktig del av NRK sitt oppdrag. Den kristne kulturarven har ein spesiell plass, både gjennom morgonandakten og radiogudstenestene.

Gudbjørn Bondhus er ansvarleg for å produsere radiogudstenestene i NRK.

Gudbjørn Bondhus er ansvarleg for å produsere radiogudstenestene i NRK.

Foto: Erlend Lånke Solbu

- Samtidig er det viktig at innhaldet formidlast på ein involverande måte, slik at det når fram til eit bredt publikum, seier Gudbjørn Bondhus i NRK sin livssynsredaksjon.

Radiogudstenester sidan 1924

I tillegg til dei rundt 40 gudstenestene frå dei seks faste vil det og i 2022 vere gudstenester frå fleire andre kyrkjelydar landet over.

Tradisjonen med å sende radiogudstenester går heilt tilbake til 1924, før NRK vart oppretta, og som NRK har ført vidare i alle dei år.

Sjå radioguiden på radio.nrk.no for meir informasjon om gudstenesta den einskilde søndag og kvar den sendast frå. Her kan du og høyre att alle gudstenester, når det passar deg.

Bilete: 1. r f v Ruth-Astrid Stellmacher, sokneprest Finnsnes kyrkje, Sarah Blamire, kyrkjemusikar Finnsnes kyrkje, Per-Kristian Bandlien, sokneprest Jessheim kyrkje, Ingelin Dahl Helbø, kyrkjemusikar Jessheim kyrkje og Marte Solbakken Leberg, prest Byåsen kyrkje. 2. r f v Gunhilde Brun-Pedersen, adm.leder Filadelfiakirken Drammen, Jarle Waldemar, hovudpastor Filadelfiakirken Drammen, Viggo Arne Fagerjord, kantor Lura kyrkje, Ove Gundersen, NRK, Torkil Skille, kantor Byåsen kyrkje, Ludvig Aasen fung. sokneprest Byåsen kyrkje. 3. r f v Maria Tveten, sokneprest Foldnes kyrkje, Aasmund Brekke, organist Foldnes kyrkje, Øyvind S. Alsaker, sokneprest Lura kyrkje og Gudbjørn Bondhus, NRK.