NRK Meny
Normal

OK med action

Kringkastingsrådet oppfordra NRK til å vere forsiktige med vold, men fekk ikkje smekk på fingeren for å ha vist filmen «Shoot em up». Men intervjuet Skavlan gjorde med Anna Wahlgren burde ikkje vere sendt i den form det blei.

Fra filmen Shoot 'Em Up

Dei som klaga på at NRK sendte filmen «Shoot em up» fekk ikkje medhald i Kringkastingsrådet.

Foto: New Line Productions

Klagarane på filmen «Shoot em up» fekk ikkje medhald i Kringkastingsrådet i møtet 25. april. Trass åtvaringar mot filmen frå valdsforskar Ragnhild Bjørnebekk.

Ho sa ikkje eksplisitt at NRK ikkje burde ha sendt filmen, men viste til at den oppfyller ei rekke kriterium for «problematiske valdsskildringar», som at den aggressive blir lønna for aggresjonen sin, at valden rettferdiggjort og ikkje har konsekvensar, og at sex og vald blir blanda.

- Eg vart kvalm av filmen, sa Bjørnebekk til nrk.no.

Ingen av medlemmane i Kringkastingsrådet ga uttrykk for at dei hadde opplevd filmen på ein slik måte, og fleire ga uttrykk for at dei opplevde filmen som så karikert, urealistisk og humoristisk, at den ikkje kunne takast seriøst.

Sjangerforståing betyr ikkje noko
Eit viktig poeng frå Bjørnebekk er at sjølv om filmsjåaren har sjangerforståing, og veit at dei ser på ein urealistisk actionfilm, blir vedkommande påverka av filmen.

- Det er sjølve innhaldet som er sentralt, ikkje sjangeren. Til og med teiknefilmar påverkar, sa Bjørnebekk.

- Akkumulert forsking viser at medievald er ein signifikant faktor som bidreg til aggresjon og vald i samfunnet, fortalte ho Kringkastingsrådet, som endte med å vedta følgjande fråsegn:

«Kringkastingsrådet er glad for at NRK praktiserer eit regelverk der både sendetid, volum og kanal vurderes når filmer med sterkt voldsinnhold programsettes. Rådet vil likevel oppfordre NRK til å være forsiktige med å vise filmer der vold rettferdiggjøres, og der forholdet mellom vold og sex blandes sammen. Kringkastingsrådet ber derfor NRK om å følge årvåkent med på ny funn i forskningen om sammenhengen mellom vold i mediene og aggressive handlinger».

To rådsmedlemmar stemte mot: Pål Morten Borgli og Stein Gauslaa.

Det var Paul Anderson og Jarle Haugland (leiar av Familie og Medier) som stod bak klagane. Sistnemntes klage er mellom anna publisert hos Dagsavisen: Et naivt ønske om mindre medievold

Kritikk av Skavlan

Den neste klagen Kringkastingsrådet behandla, var intervjuet med Anna Wahlgren på Skavlan. Det er Walgrens tidlegare ektemann som har står bak klagen.

Han reagerer på det han omtaler som løgner om han frå Anna Wahlgren, og skriv at han «vil ifrågasätte etiken i programmet når man tillåter en uppenbart obalanserad person som Anna Wahlgren at visa upp sin förnedring på det sättet»

Anna Wahlgren hos Skavlan

Fredrik Skavlan gjorde ein god jobb, men intervjuet med Anna Wahlgren burde ikkje vorte sendt slik det vart, meiner Kringkastingsrådet.

Foto: NRK

Både representantar for Skavlan-redaksjonen og NRKs eksternredaksjon møtte i Kringkastingsrådet for å forsvare at intervjuet vart sendt.

Sensur?

- Ei avgjersle om å ikkje sende kunne ført til debatt om sensurering. Både presse og publikum sit i salen. Det var eit vondt program å vise og denne episoden er den tøffaste vi har vore gjennom. Vi kunne tatt ei anna avgjersle, men vi står for den vi tok, sjølv om det var veldig vanskeleg, svarte Petter Wallace, leiar av eksternredaksjonen.

Også kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen kommenterte debatten. Han sa mellom anna at det er ei svært tung prinsipiell beslutning å komme til at nokon må beskyttast mot seg sjølv.

- Å frata nokon moglegheita til å fortelje historia si, er ei også ei belastning, sa Eriksen.

Rett til tilsvar i same program
Fleire av kringkastingsrådsmedlemmande ville vite om dei hadde vurdert å klippe bort denne delen av sendinga, og om ikkje andre former for tilsvarsrett enn deltaking i programmet i studio var mogleg. Til slutt vedtok dei denne fråsegna:

«Kringkastingsrådet mener at Skavlan-programmet har et format som gjør at det alltid vil være risikabelt når kontroversielle og vanskelige temaer taes opp. Kringkastingsrådet har forståelse for at det er problematisk å planlegge og kontrollere et slikt program i detalj, men siden programmet er i opptak, er rådet av den oppfatning at Skavlan-redaksjonen bør redigere bort grove anklager mot tredjepersoner som ikke har tilsvarsmulighet i samme program»

Intervjuet med Wahlgren blei felt i «Granskningsnämnden för radio och tv» i Sverige.

Les mer: Alt om Kringkastingsrådet