Hopp til innhold
Info fra NRK

Ny distriktsredaktør i Møre og Romsdal

Charlotte Ervik (44) er tilsett som ny distriktsredaktør ved NRK Møre og Romsdal.

Charlotte Ervik, distriktsredaktør NRK Møre og Romsdal

Charlotte Ervik er ny distriktsredaktør ved NRK Møre og Romsdal.

Foto: REMI SAGEN / NRK

Ervik er i dag redaksjonssjef i Møre og Romsdal og tek over etter Hallstein Vemøy.

Den nye distriktsredaktøren er busett på Valderøya i Giske kommune, utdanna journalist og er cand. polit. frå Universitetet i Bergen. Ho har lang journalistisk erfaring, blant anna gjennom leiarstillingar i fleire nyheitsredaksjonar i NRK.

- Brenn for journalistikken

Regionredaktør Sigrid Gjellan i NRKs region midt er glad for å kunne tilsette Ervik som ny distriktsredaktør i Møre og Romsdal.

- Charlotte brenn for journalistikken og kjenner regionen godt. Ho ser moglegheiter og er ein lagspelar med humør og pågangsmot. Eg er trygg på at NRK Møre og Romsdal kjem til å utvikle seg til det beste for publikum med henne ved roret, seier Gjellan.

- Fortelje gode og viktige historier

Charlotte Ervik er både stolt og glad for å ha fått moglegheita til å leie NRK Møre og Romsdal.

- Å fortelje gode og viktige historier frå Møre og Romsdal - også i det nasjonale nyheitsbiletet - er ein vesentleg ambisjon for meg og for redaksjonen som heilskap. Eg gler meg til å jobbe vidare med det saman med ein dyktig gjeng, seier den nye distriktsredaktøren ved NRK Møre og Romsdal, Charlotte Ervik.

Les også: