Hopp til innhold
Info fra NRK

Foredlar talent med samling på tvers

Møte med kringkastingssjefen, Nytt på Nytt og andre NRK-stjerner var berre nokre av høgdepunkta når NRK for fyrste gong samla alle praktikantane frå NRKs tre talentprogram til ei felles fagleg samling på Marienlyst i Oslo.

Praktikantar og leiarar frå NRKs tre talentprogram NRK FleRe, NRK Nynorsk mediesenter og Samisk talentprogram i NRK på besøk hos Nytt på nytt.

Praktikantar og leiarar frå NRKs tre talentprogram NRK FleRe, NRK Nynorsk mediesenter og Samisk talentprogram i NRK på besøk hos Nytt på nytt. Bak frå venstre: Alice Jektevik (faglærar), Sondre Dalaker (faglærar), Sander Eide Aase, Bård Tufte Johansen, Philip Jason Omollo, Rune Fossum Lillesvangstu, Zahra Katrine Arnesen, Sunniva Skurtveit. Foran frå venstre: Mona Solbakk, Solveig Oddvarsdotter Myren, Solveig Norberg, Mirja Flodin, Ida Emilie Lindseth, Biret Inger Eira, Ailo Thomassen, Yasmin Mouafak Abokatmah, Ayaan Aden, Inga Máret Solberg Åhren, Berit Helle Jonsgård og faglærar Eva Marie Felde.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Kva har seks samiske talent frå Karasjok, fem praktikantar frå Nynorsk mediesenter i Førde og sju FleRe-stipendiatar i Oslo til felles?

Ida Emilie Lindseth frå Samisk talentprogram i NRK med sitt store forbilde, Fredrik Solvang.

Ida Emilie Lindseth frå Samisk talentprogram i NRK med sitt store forbilde, Fredrik Solvang.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Det fekk dei atten praktikantane moglegheita til å finne ut i løpet av ei kort, men innhaldsrik arbeidsveke saman på Marienlyst. Gjennom tre intense dagar har stipendiatane frå FleRe-programmet, nynorskpraktikantane og dei samiske talenta fått større kjennskap til NRK som organisasjon, møtt fleire redaksjonar og profilar, blitt fagleg drilla og ikkje minst hatt hyggeleg sosialt samvær med kvarandre.

Utvidar nettverk og lærer av kvarandre

NRK FleRe-stipendiat Zahra Katrine Arnesen trur dagane dei har hatt saman vil vere til stor nytte for læretida i NRK framover:

– Vi har jo det til felles at vi er nye i ein bransje som vi ikkje har så mykje nettverk og erfaring frå, og det er gøy å treffe andre som opplev mykje av det same, enten vi sit i Karasjok, Førde eller Oslo. Eg har jo et fleirkulturelt perspektiv med meg i utgangspunktet, men denne samlinga har gitt meg eit enda breiare perspektiv. Aldri har eg lært så mykje om samisk kultur som denne veka!

Nynorskpraktikant Sander Eide Aase er opptatt av fordelen ved å treffast på tvers av geografi.

– Det er utruleg spennande å høyre meir om variasjonen i korleis vi løyser NRK-oppdraget ut frå våre ulike ståstader, både geografisk, språkleg og kulturelt. Vi har utveksla ulike erfaringar og har utvilsamt lært meir om både fellestrekk og kulturelle skilnader. For meg var det også artig å kome til store Marienlyst frå ein liten plass som Førde, gå i gangane her og bli klar over kor stort NRK er og kor mange som jobbar i denne organisasjonen, seier han.

Fra venstre: Nynorskpraktikant Sander Eide Aase, NRK FleRe-stipendiat Zahra Katrine Arnesen og Mirja Flodin frå Samiske talentar.

Frå venstre: Nynorskpraktikant Sander Eide Aase, NRK FleRe-stipendiat Zahra Katrine Arnesen og Mirja Flodin frå Samiske talent.

Foto: Lotten Christiansen / NRK

Mirja Flodin, ei av dei seks samiske talenta denne hausten trekker fram den positive opplevinga av å vere del av det store NRK:

– Det har vore helt fantastisk å få innblikk i korleis ting fungerer på Marienlyst og på eit nasjonalt nivå. Vi har fått levert eit supert faginnhald frå NRK sine dyktige medarbeidarar. Det har også vore spesielt fint å bli kjend med dei andre talentprogramma og praktikantane der. Godt å høyre at vi har mange av dei same utfordringane som minoritetar, det gir oss ei ekstra styrke i kampane vi står i, seier Flodin.

Alle tre framhevar at det kjenst meiningsfylt å få ei så sterk kjensle av at dei har ein funksjon å fylle i NRK, både på grunn av alder og på grunn av mangfaldskompetansen dei har med seg.

Styrkar fellesskap og samarbeid i NRK

Praktikantane frå alle tre talentprogramma saman med kringkastingssjefen.

Praktikantane frå alle dei tre talentprogramma saman med kringkastingssjefen. Foran frå venstre: Biret Inger Eira, Inga Máret Solberg Åhren, Ailo Thomassen, Ayaan Aden, Mirja Flodin, Yasmin Mouafak Abokatmah , Solveig Oddvarsdotter Myren, Vibeke Fürst Haugen, Ida Emilie Lindseth, Ingrid Nedrebø, Solveig Norberg og Berit Helle Jonsbråten. Bak frå venstre: Philip Jason Omollo, Laik Hanbaly, Aida Zulic, Zahra Katrine Arnesen, Sunniva Skurtveit, Sander Eide Aase og Usman Ali.

Foto: Andreas Sundby / NRK

– Her er atten unge med et fantastisk mangfald som vi har stor tru på og som vi treng i NRK. Det er viktig at dei blir kjende med kvarandre og bygger nettverk. Dei er rekrutterte til NRK for å utvikle oss og gjere oss betre, samtidig som vi bruker dei beste hovuda i NRK til å lære dei opp. Det er utruleg viktig at dei får møte kvarandre på tvers av talentprogramma. Desse atten kjem til å jobbe rundt omkring i landet og ved mange ulike redaksjonar. NRK kan virke stor og skremmande, men etter denne samlinga håper eg at NRK blir ein litt mindre og tryggare stad, seier Mona Solbakk, fagleiar av Samisk talentprogram i NRK.

NRK FleRe-stipendiat 2022, Laik Hanbaly.

NRK FleRe-stipendiat Laik Hanbaly i aksjon under live-trening.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Dei tre leiarane av talentprogramma har over tid sett ein stor fordel av å samle dyktige talent, faglege ressursar og gode folk i NRK på ein stad. Det er mykje fagleg innhald som alle de tre programma kan ha nytte av i journalistopplæringa, seier leiar for NRK FleRe-programmet, Iram Ansari.

– I tillegg har dei tre praktikantgruppene mykje til felles, dei har alle mangfaldskompetanse og veit korleis det er å vere ein minoritet i samfunnet. Det å styrke dette fellesskapet internt i NRK håper vi kan bidra til gode kollegiale relasjonar og ikkje minst sjølvtillit inn i talentprogrammet som igjen kan bidra til at NRK lykkast med oppdraget sitt.

Dei er samde om trua på at slike fellessamlingar kjem til å styrke både samarbeid og innhald på tvers i hele NRK. Leiar for Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu, seier dei alle har eit ønske om at talentprogramma samarbeider mest mogleg også i framtida.

– Dei tre talentprogramma viser at NRK tar oppdraget på alvor, og det er eg stolt av. Det er utruleg kjekt at vi for første gong kan samle alle praktikantane i dei tre tiltaka våre. NRK FleRe og NRK Nynorsk mediesenter har ofte møttest til middag ein gong i året, men aldri tidlegare har vi hatt fagleg opplegg saman på denne måten. Eg har klokkartru på at dette er positivt for oss alle. Eg trur vi blir sterkare av å samarbeide, vi kan hauste erfaringar og lære av kvarandre, vi har mykje fagleg til felles. Det er veldig kjekt både for praktikantane og for oss leiarar å møte kvarandre og byggje nettverk, seier han og håpar at dei får til eit liknande opplegg også neste år.

Fra venstre: Mona Solbakk, fagleiar for samisk talentprogram i NRK, Iram Ansari, leiar for NRK FleRe-programmet og leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.

Frå venstre: Mona Solbakk, fagleiar for samisk talentprogram i NRK, Iram Ansari, leiar for NRK FleRe-programmet og leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Les saken på nordsamisk: Boahtteáigge taleanttat deaivvadedje