Hopp til innhold

Liten fuggel mest spelt i Ønskekonserten

For fjerde år på rad var Liten fuggel mest spelte låt i Ønskekonserten.

Vamp spelar direkte i NRK Sogn og Fjordane

Mest spelt i Ønskekonserten: Vamp sin låt 'Liten fuggel'.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Vamp sin Liten fuggel vert ønska på nytt og på nytt i radioklassikaren Ønskekonserten.

Sjølv om det er gått noen år sidan Vamp kom med låten, vert han ikkje glemt av radiolyttarane.

Amazing Grace og Tio tusen röda rosor deler andreplassen på lista over dei mest ønska låtane i fjor.

Andre gjengangarar i Ønskekonserten i 2015 var Gabriellas sång, Har du fyr og La oss leve for hverandre.

Mest populær i Ønskekonserten i 2015

Mest populær i Ønskekonserten i 2015.

Foto: NRK

Aldri lei av Alf Prøysen

Ser vi på kva for artist som var mest spelt i 2015 så ragar Alf Prøysen på topp. Hans klassikarar vert og ønska på nytt og på nytt.

Vamp har fleire låtar som er populære, det har og Åge Aleksandersen, dei to var nest mest ønska på Ønskekonserten i fjor.

Kjende namn vidare på artistlista er Elvis Presley, Kari Bremnes, Odd Nordstoga og Sissel Kyrkjebø.

- Ingen store overraskingar verken her eller der, med andre ord, konstaterer programleiar for Ønskekonserten Helge Raftevold.

Verdt å merke seg er og at 2015 var det første året då Ønskekonserten gjekk berre i NRK P1+.

Ave Maria mest populær i 1950

Programmet har vore på lufta heilt frå 1950. Det året var Ave Maria av Franz Schubert mest ønska.

Aldri før har same låta vore den mest ønska fire år på rad.

Les meir: Lys levende radioklassiker