Hopp til innhold

Levande kulturminne

Ragnhild Sælthun Fjørtoft har vore del av nordmenn sin kvardag i 40 år. NRKs kanalvertar er heidra som eit eige kulturminne.

Yasmin Syed, Bjørn Johann Rief, Ragnhild Sælthun Fjørtoft og Britt Holm.

Kanalvertane i NRK har helt sidan vi fekk fjernsyn i Noreg vore ein del av folk sitt daglegliv. No er dei funne verneverdige. F v Yasmin Syed, Bjørn Johann Rief, Ragnhild Sælthun Fjørtoft og Britt Holm.

Foto: Marit Holmquist Fenne / NRK

Det er som ein del av Kulturminneåret 2009 at NRK sine kanalvertar er funne verneverdige. Målet er å ta vare på kvardagsminna våre. Kanalvertane i NRK har vore i stovene våre sidan vi fekk fjernsyn i Noreg.

- Vi stussa litt først, særleg vi eldste. Er vi så mosegrodde, spurte vi oss, ler Fjørtoft. Men vi fann etterkvart ut at det har eit veldig positivt forteikn. Vi representerer noko kjent og kjært i folk sine daglegliv.

- Det er rart å vere eit kulturminne, men eg ser på det som ei ære. Det er veldig positivt meint, seier Yasmin Syed.

Betyr noko for folk

Ragnhild Sælthun Fjørtoft

- Det er ikkje lett å vere aleine i studio, alltid på direkten og med tilmålte sekund til å presentere program, seier Ragnhild Sælthun Fjørtoft.

Foto: Marit Holmquist Fenne / NRK

Ragnhild Sælthun Fjørtoft og Britt Holm merkar at dei bringer fram minne i folk.

- Dei barske 30 og 40-åringane blir mjuke i blikket, nesten vemodige, når dei ser meg. Fjernsynet har betydd mykje for folk. Det er ei god kjensle å vere dette kontaktpunktet, å representere noko hyggeleg, seriøst og trygt, seier Holm.

Starten på slutten?
Kulturminne, sjølve ordet har ein historisk klang. Er utnemninga til kulturminne eit varskot om slutten?

- Allereie i 1960, rett etter at vi hadde begynt, så var det oppslag i vekebladet Nå, med bilete av meg og dei andre, med spørsmålet «treng me desse»? Så det har vore ein kamp heile tida, men vi har vist at vi kan gjere god nytte for oss, seier Fjørtoft.

Kanalvertane er ikkje store gruppa i NRK (11 stykk), og ikkje har dei mange kollegaer utanlands. Mange kringkastarar har slutta med synlege kanalvertar. Professor Helge Rønning skriv at i andre land vert kanalvertar vurdert som «usmart og umoderne og kostbart». Men i NRK har dei altså overlevd.

Ragnhild Sælthun Fjørtoft anno 1969

Ragnhild Sælthun Fjørtoft har vore del av nordmenn sin kvardag i 40 år. Her eit bilete frå da ho var ny i NRK i 1969.

Foto: Håkon Messel / NRK

Konstant fornying
- Årsaka til at det har gått bra her, er at vi heile tida har oppdatert og utvikla kanalverttenesta, ut i frå korleis vi best kan gjere nytte for oss, seier Fjørtoft. I andre land stagnerte tenesta, men vi er veldig anerkjente i NRK for den informasjons- og promoteringsjobben vi gjer, seier Fjørtoft.

- Vi har brukt tid på å lære opp NRK. Vi kan seie kva som helst, til ei kvar tid og kan slik få spreidd mykje informasjon, skyt Syed inn.

- Kvifor har ikkje kanalverttenesta i NRK stagnert, som i andre land?

- Det må du ta på deg skulda for, seier Yasmin til Ragnhild. Du har kjempa med nebb og klør for oss!

- Ja, det har vore mange oppoverbakkar, medgir Fjørtoft. Men eg vil påstå at vi gjer ein grundig og nyttig jobb.

- Eg trur det også handlar om evne, glede over og eit ønskje om å formidle noko, seier Holm.

Ein krevande jobb
- Då er det avgjerande at vi rekrutterer riktig, understrekar Fjørtoft. Jobben sett store krav. Det irriterer ho at ein del trur det viktigaste er å ha utsjånaden i orden.

- Det er mange programleiarar som har prøvd seg, men ikkje fiksa kanalvertjobben, fortel Fjørtoft. Det er ikkje lett å vere aleine i studio, alltid på direkten og med tilmålte sekund til å presentere program på språkleg og innhaldsmessig best mogleg måte. I tillegg skal grafikken styrast, mens kroppen elles må vere heilt i ro. Stemning i førre og neste program må bindast saman, og publikums interesser så vel som alder må takast høgde for. Kven snakkar du til og kva er dei interesserte i?

-- Blir de ofte gjenkjente av folk?

- Det skjer nesten aldri meg, fortel Rief. Han trur det skuldast at folk i byane er litt blaserte, dei ønskjer ikkje å vise at dei kjenner han igjen.

- Reiser du til andre byar og stader i Noreg er det noko heilt anna, fortel Fjørtoft. Då eg og Kirsten Schøyen var i Stavanger i fjor blei vi stoppa på omtrent kvart gatehjørne, fortel ho.

Det seier litt om kva plass kanalvertane har i folks liv og hjarter.

Vedlikehald av kulturminnet
- Som kulturminne har staten visse plikter overfor oss. Det er lovar om vedlikehald og oppussing av fasaden, plikter om tilskot og så vidare. Så eg ser lyst på framtida, smiler Noregs og NRKs grand (old) lady, Ragnhild Sælthun Fjørtoft.

---

Om kulturminnet

Kvar veke blir eit kulturminne utpeka som ein del av Kulturminneåret 2009. Kanalvertane i NRK ble i uke 44 peka ut fordi programverten helt sidan vi fekk fjernsyn i 1960 har vore ein del av folk sitt daglegliv.