Hopp til innhold
Info fra NRK

Kvar medieplattform må innfri nynorsk-kravet

NRK er samd med Medietilsynet om at kvar einskild av dei tre medieplattformene - radio, tv og nett - i framtida bør nå kravet om 25 prosent nynorsk.

Nynorsk
Foto: NRK

I Allmennkringkastingsrapporten for programåret i NRK i 2021 konkluderer Medietilsynet med at NRK oppfylte kravet til minst 25 prosent nynorsk på tv i 2021, men at NRK ikkje når nynorskkravet på radio og nett, einskildvis.

Sjølv om nynorskdelen i NRKs tilbod samla for dei tre medieplattformene var på over 25 prosent i 2021, er NRK samd med Medietilsynet om at det ikkje berre er totalen av innhaldet i dei tre ulike medieplattformene som skal ha ein del på 25 prosent nynorsk, men at kvar medieplattform sjølvsagt også isolert skal nå kravet om ein nynorskdel på 25 prosent.

Sett i gang fleire ulike tiltak

I NRK har vi dei to siste åra sett i gang fleire ulike tiltak for å få meir nynorsk. Ein effekt av dette ser vi no på nett, i takt med at NRK.no har utvikla seg til å bli eit av NRK sine største tilbod. NRK meiner at synleggjeringa av det skriftelege språket er viktig for både ei styrking og utvikling av det nynorske språket.

I dialog med Medietilsynet

Men sjølv om NRK har sett fleire planar ut i handling for å auke nynorskbruken i NRK generelt, har dei ikkje gitt ønskt effekt på kort sikt. Det blir no arbeidd med fleire strategiske tiltak som NRK meiner vil føre til meir nynorsk på alle dei tre plattformene.

I dialog med Medietilsynet vil NRK arbeide for å styrke språkarbeidet i NRK, slik at kvar einskild av dei tre medieplattformene i framtida når kravet om 25 prosent nynorsk, på radio, tv og nett.