NRK Meny
Normal

Kommenterte kommentatorane

Dei same kommentatorane har klippekort til alle studio og blir meir og meir like kvarandre. Det var nokre av synspunkta da Kringkastingsrådet drøfta NRKs bruk av kommentatorar.

Torbjørn Røe Isaksen

La oss få færre ekspert-journalistar, kast terningane i søpla og lag fleire typar nyheits- og debattprogram, oppfordra Torbjørn Røe Isaksen NRK då han var i Kringkastingsrådet.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Kringkastingsrådet møttest torsdag 6. desember. (Les meir om Kringkastingsrådet.)

Innleiar og Høgre-politikar Torbjørn Røe Isaksen viste mellom anna til ei masteroppgåve som gjekk gjennom omtalen av Erna Solberg i valkampen i 2009.

- Konsensusen gjekk frå å vere nærast irrasjonell negativ, til det motsette, sa Isaksen. Han etterlyste kommentarar som handlar mindre om spel, framtoning og enkeltsaker, og meir om det som gir forståing.

Innlegget var basert på artikkelen han og SVs Audun Lysbakken skreiv i Samtiden i 2008: Kommentariatets diktatur

- Lågare krav til kommentatorar?

I tillegg til å kritisere kommentatorar for flokkmentalitet, meinte han at lista for kva kommentatorar kan tillate seg å seie tilsynelatande ligg lågare enn krava til nyheitsjournalistikken.

Her brukte han eit eksempel frå NRK: - I nyheitssendinga 22.7 brukte NRK ein ekstern kommentator som sa at dette truleg var islamsk ekstremisme. Men i nyheitsdekninga etterpå vart ikkje dette brukt, poengterte han.

- Sausar saman
Røe kritiserte NRK eksplisitt for å ikkje skilje mellom type kommentatorar: dei som er analyserande og dei som er meiningskommentatorar som flaggar ståstad og som har ein agenda. Han argumenterte også for at NRK ikkje bør «blande format» med å ha kommentatorar på første rad under for eksempel valkampdebattar.

- Eg synest det bør vere eit formatskille, slik at ein ikkje saumlaust glir over frå vanleg journalistikk til kommentering og synsing.

Tok sjølvkritikk
Den ballen plukka nyheitsredaktør Stein Bjøntegård opp.

- Eg forstår at folk reagerer på at ein kommentator augeblikkeleg etter ein debatt skal avgjere på vegne av folket «kven som vann». Det er ikkje ei form eg liker sjølv. Vi planlegg ikkje neste års valkamp slik, sa Bjøntegård.

- Vi har retningslinjer for kommentarar og bruk av dei, sa han til Kringkastingsrådet, og gjekk så gjennom ulike typar kommentarar: Informative, analyserande, kåserande og meiningskommentatorar. Han fortalte også om nrk.nos debattforum Ytring.

- Ei myte
Blant dei som tok ordet i debatten etterpå var rådsmedlem Gerd von der Lippe.

- Den objektive kommentaren er ei myte! Det som er viktig er at den er rimeleg, kunnskapsbasert og søkar sanninga. Då er det heilt greitt å vere rykande ueinig.

Medan Knut Haavik etterlyste meir underhaldande kommentatorar, før han slapp hjartesukket:

- Kan ikkje NRK avslutte klippekortsavtalen med Stanghelle og Simonsen?

"Folkeopplysingen"

Kringkastingsrådet drøfta og programserien "Folkeopplysingen". Her hadde professor i førebyggjande medisin Vinjar Fønnebø og Peter Wallace, sjef for eksterne produksjonar i NRK kvar si innleiing.

Les meir: NRK vurderer ny sesong av «Folkeopplysningen»

Les meir: Alt om Kringkastingsrådet