Rådgivar Rune Hagberg i NRK Produksjon. (Alle foto: Hans T. Wiig)
- Ein så stor produksjon som Hurtigruta 365 hadde mest vore umogeleg om vi skulle brukt tradisjonelle videoband. Vi har 800 diskar a 45 minutt. Det er enormt mykje materiale, seier Hagberg.
Medan bruken av band inneber kopieringar og sending av band hit og dit, blir diskar frå Hurtigruten 365 kopiert over på ein server slik at alle leidd i prosessen har tilgang på den. Teknologien, som er utarbeidd av Sony, heiter XDCam.
Internasjonal interesse
NRK er først ute i verda med å nytte denne teknologien i så stort omfang. Derfor har kringkastarar frå Kina, Tyskland, BBC, Sverige og Danmark spurt om å få kome til NRK for å sjå systemet.
Alltid tilgang
Ifølgje rådgivar Rune Hageberg i NRK Produksjon ligg vinninga i spart tid og såleis pengar, og at alle som arbeider med produksjonen når som helst har tilgang til alt råstoffet.
- Dette gir ein mykje betre arbeidsflyt. Fordi vi kan leggje inn så mykje metadata er det mykje lettare å finne fram i materialet, noko som til dømes gjer det lettare å leggje til nye klipp. Det er såleis eit kreativt verkty som vil gi betre kvalitet på produksjonen.
Pilot
Hurtigruten 365 er ein pilot for NRK Produksjon, men prosjektet har også stor verdi for arbeidet med Programbanken i NRK, systemet med filbasert radio- og fjernsynsproduksjon.
Fotograf Anders Leines og producer Anneli Frølich følgjer 1. maskinist Tormod Sandakers avskjed med sine kollegaer på Midnatsol under innspelinga av Hurtigruten 365.
- For å teste kva teknologien hadde å seie for arbeidsflyten i programavdelingane valte vi Hurtigruten 365. Dette fordi produksjonen går over eit heilt år, og er såleis ikkje så tidskritisk i høve til eventuelle problem.
Tapefri fjernsynsproduksjon blir også testa ut på andre felt i NRK. Det føregår eit liknande forsøk med diskbasert nyhendeproduksjon leia av Hroar Pettersen i NRK Rogaland.
Snakke saman
Utfordringa har ligge i å få dei ulike produksjonssystema i NRK til å fungere i lag.
- Vi ville unngå å lage fleire generasjonar av filene. Derfor var det viktig for oss å få leverandørane til å snakke saman, noko som ikkje alltid har vore lett.
Men NRK og Sony har prata saman. NRK har meldt behov for teknologigiganten som dei har tatt med seg.
I NRKs nye dokusåpeserie Hurigruten 365 kan sjåarane følgje livet på Midnatsol gjennom eit heilt år.
- Til dømes har Sony endra namngivingsfunksjonen for filene etter ønskje frå NRK. Sony skal presentere NRK-løysinga på IBC-messa i Amsterdam i år og ønskje å ha med seg folk frå NRK.