Sjå:
NRKs årsrapport og årsrekneskap 2022 (nynorsk)
NRKs årsrapport og årsregnskap 2022 (bokmål)
NRKs allmennkringkasterrekneskap 2022 (pdf) inkl. statistikk
Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen er glad for at NRK har så stor oppslutning og tillit, som NRK-rapportane for 2022 viser.
– Å kjenne tilhøyrsle er viktig for alle menneske. Ei sentral oppgåve for NRK er å skape felles referansar og knyte folk saman. Vi ønskjer å vere eit raust og mangfaldig samlingspunkt. Dette er spesielt viktig i urolege tider, seier Fürst Haugen.
Krig i Europa og ein utfordrande økonomisk situasjon har også prega NRKs verksemd gjennom året som har gått.
NRKs årsrekneskap for 2022 viser at NRK fekk eit årsresultat på minus 54 millionar kroner i 2022, fortel Andreas Norvik, økonomidirektør i NRK.
– Det negative resultatet kjem som en følge av statsbudsjettildelinga i fjor haust, der NRK berre delvis vart kompensert for den høge lønns- og prisveksten. Det førte til ekstra kostnader knytta til nedbemanning, samstundes har kostnader til prosjektering av nytt hovudkontor på Ensjø påvirka resultatet. Korrigert for desse særskilde kostnadspostane leverte NRK eit årsresultat på ein million kroner, seier Norvik.
Når verda blir meir uroleg, er allmennkringkasting eit av demokratiets viktigaste verktøy, vert det slått fast i NRK sin årsrapport og årsrekneskap. Her korrespondentane Gry Blekstad Almås, London og Yama Wolasmal, Beirut i aksjon.
Dette er 2022-rapportane
Gjennom NRKs årsrapprort og årsrekneskap og allmennkringkastarrekneskapen blir det gitt eit breitt innblikk i verksemda og dokumentasjon på korleis NRK har svart på oppdraget som allmennkringkastar i året som gjekk.
Snarvegar til 2022-rapportane:
Sjå info.nrk.no/rapporter for alle NRKs rapportar for i år og tidlegare år.
NRKs årsrapport og årsrekneskap
NRKs årsrapport, inkludert NRKs økonomiske oversikt og rekneskap for førre år, blir levert til NRKs generalforsamling, som er Kulturdepartementet ved kulturministeren. Rapporten inneheld NRKs oppsummering av innhaldsproduksjonen i året som gjekk, resultat og nøkkeltal for dei fire siste åra, årsmeldinga til styret og årsrekneskapen for det førre året.
Allmennkringkastarrekneskapen
Kvar vår leverer NRK ein rapport til Medietilsynet om korleis oppdraget som allmennkringkastar har vore utført det førre året - allmennkringkastarrekneskapen.
Medietilsynet er tilsynsorgan for NRK etter kringkastingslova. Dei kontrollerer derfor om NRK innfrir samfunnsoppdraget slik det er definert gjennom NRK-plakaten, NRKs vedtekter og utfyllande føresegner.
Som eit vedlegg til allmennkringkastarrekneskapen blir det også levert ei oversikt over eksterne produksjonar gjort for NRK i 2022 og den årlege profilundersøkinga som fortel noko om omdømet NRK har hos publikum.
NRKs rapport for menneske, miljø og styring
Her vil vi også leggje ut NRKs rapport for menneske, miljø og styring.
NRK gjer greie for status og utvikling av NRK som organisasjon og arbeidsgivar i ein eigen rapport. Det inkluderer arbeidet for likestilling og mot diskriminering i tråd med Aktivitets- og forklaringsplikta (ARP). Rapporten inneheld også NRKs klimarekneskap for 2021 og ei forklaring på korleis NRK jobbar med å redusere klima- og miljøfotavtrykket sitt og dessutan fremje grøn produksjon.
NRKs trusselvurdering
For andre gong har NRK gjort ei eiga trusselvurdering. Den viser at eit høgt trusselnivå treffer NRK på mange måtar.
Det blir peika på ein aukande digital trussel gjennom ulike dataangrep og forsøk på å øydeleggje digital infrastruktur.
Målet med rapporten er å få oversikt over forhold som truar NRK sin posisjon til å utføre oppdraget sitt.
Gjennom rapporten ønskjer NRK å kartleggje moglege faktorar som kan hindre NRK i å drive fri journalistikk og fritt formidle tilbodet sitt til publikum.
Les rapporten: NRKs trusselvurdering 2023
Alle NRK-rapportar heilt tilbake til Landsplan for kringkastingen i Noreg (1930) og fram til i dag er å finne via lenkjer du finn på samlesida info.nrk.no/rapporter.