Hopp til innhold

Godt nøgd med NRK

NRK varetek kravet om å vere nyskapande, ha høg kvalitet og gi auka samfunnsverdi i innhaldstilbodet sitt på alle plattformer, skriv Medietilsynet i Allmennkringkastingsrapporten for 2014.

Til Dovre faller - grunnloven på 1 2 3 - NRK Super

Nøgd med NRK sitt breie faktatilbod: Og Noregshistoria fortalt på ein - to - tre av NRK Super, har og Medietilsynet lagt merke til, kjem det fram i Allmennkringkastingsrapporten for 2014.

Foto: NRK

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen blir stolt, når han les rapporten.

Thor Gjermund Eriksen

Thor Gjermund Eriksen er einig med Medietilsynet om å anstrengje seg ytterlegare for å spegle mangfaldet i det norske samfunn betre.

Foto: Per Ole Hagen / NRK

- Det er viktig at NRK leverer i tråd med oppdraget. Det er difor grunn til å vere stolt over ein organisasjon som både klarer nyskaping, å levere på oppdrag, og samtidig er ein brei og samlande fellesarena i det norske samfunnet, seier han.

Han merkar seg at Medietilsynet er bekymra for om NRK klarer å spegle mangfaldet i samfunnet.

- Det er ei utfordring vi er einige i, og som vi har høgt på agendaen i organisasjonen, seier Eriksen.

Les: NRK-delen i Allmennkringkastingsrapporten

Les: Allmennkringkastingsrapporten 2014

I den årlege vurderinga av NRK er Medietilsynet stort sett godt nøgd med NRK.

NRK får kritikk for ikkje å ha oppfylt nynorskprosenten og tilbodet til minoritetar.

Tilsynet er ikkje nøgd med omfanget av NRK sine program for nasjonale og språklege minoritetar. Her seier tilsynet at tilbodet stadig er på eit lågt nivå.

Som fleire gongar før, får og NRK nok ei korreks for lite nynorsk. Medietilsynet føreset at NRK fortset tiltaka for å auke bruken av nynorsk, i tråd med NRKs uttrykte mål om å ta vare på og vidareutvikle norsk språk gjennom begge målformer.

Breitt faktatilbod

I rapporten skriv Medietilsynet: "NRK har eit breitt faktatilbod innanfor vitskap, natur, helse, livssyn, livsstil og forbruk, undersøkjande dokumentarar, bakgrunnsstoff og historie. NRK tilbyr denne typen innhald på alle plattformer."

Tilsynet er og godt nøgd med at NRK i 2014 har teke i bruk nye verkemiddel for å gjere tema innanfor folkeopplysningstradisjonen relevant og interessant.

Medietilsynet meiner at NRK oppfyller kravet om å tilby tenester som kan vere kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap med eit solid og mangfaldig tilbod:

  • NRK gir gjennom innhaldstilbodet sitt auka kunnskap om internasjonale forhold og kunnskap om nordiske samfunnsforhold, kultur og språk.
  • Kravet om å tilby innhald tilrettelagt for skuleverket, oppfyller NRK gjennom skuleportalen NRK Skole.

Varetar krava knytte til nye medium

NRK har eit særskilt ansvar for å stimulere til kunnskap, forståing og bruk av andre medieplattformar blant brukarar i alle aldrar. Medietilsynet vurderer at NRK varetar krava knytte til nye medium.

Tilsynet skriv at NRK vektlegg å følgje barn sine medievanar og tilpassar innhaldet til dei plattformene der barn er. Medietilsynet meiner dette er viktig for å oppfylle kravet om å fremje barn sin rett til ytringsfridom og informasjon, og at NRK oppfyller dette.

Medietilsynet konkluderer med at NRK oppfyller alle krav til nyheits- og aktualitetsdekninga på radio, tv og nett.