Hopp til innhold

Fire av fem nordmenn bruker NRK

NRK når målet om å nå fire av fem nordmenn kvar dag. 86 prosent av befolkninga bruker NRK dagleg, viser Forbruker og Media-undersøkinga av TNS Gallup frå første kvartal i år.

NRK Marienlyst
Foto: Nadia Frantsen

TV 2 Gruppen samlar 71,1 prosent av befolkninga, mens VG kjem på ein tredjeplass blant mediehusa, med 51 prosent av befolkninga som daglege brukarar.

Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas

Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas er godt fornøgd med at så mange tek del i NRK sitt tilbod.

Foto: Nadia Frantsen

- Vi klarer målsettinga vår med god margin, seier ein fornøgd kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas. NRK har eit uttalt mål om å nå fire av fem nordmenn dagleg, enten på nett, radio eller tv.


- Tala er betre enn dei føregåande. Dette skuldast delvis ei metodeomlegging hos TNS Gallup, men også at tala dekker ein periode der vi har hatt ein svært sterk posisjon, spesielt på TV, seier kringkastingssjefen.

I aldersgruppa 12 – 19 år er det TV 2 Gruppen som når ut til flest. 70 prosent i denne aldersgruppa bruker eit TV 2-tilbod kvar dag. I same aldersgruppe er det 63 prosent som bruker eit tilbod frå NRK.

NRK størst frå 20 +

I aldersgruppa 20-39 er det 79 prosent som bruker NRK dagleg, og 70 prosent som bruker eit TV 2-tilbod. Avstanden mellom TV 2 og NRK aukar med aldersgruppene, i NRKs favør. Dess eldre, dess fleire daglege NRK-brukarar.

I aldersgruppene 40-59 år og 60+ held prosenten held seg nokolunde stabil for TV 2, mens det er over 92 og 97 prosent som kvar dag er innom eit NRK-tilbod, på enten radio, TV eller nett.

TV når flest

NRK når flest nordmenn gjennom TV-kanalane. 72,9 prosent av dei spurte ser dagleg på NRK TV. Om lag halvparten, 49,6 prosent av dei, høyrer på NRK Radio kvar dag.

Tekst-TV større enn nett

24,9 prosent av dei spurte les dagleg på NRK Tekst-tv. Det er litt fleire enn NRKs nettbrukarar. 23,7 prosent av befolkninga var innom nrk.no/yr.no dagleg i første kvartal i år, i følgje målinga. NRK mobil er det minst brukte tilbodet, 0,4 prosent oppgir at dei dagleg nyttar NRK Mobil.

Ny metode

På grunn av metodiske endringar i år frå i fjor, kan ikkje tala frå denne målinga bli samanlikna med tidlegare målingar. Endringane går mellom anna ut på at ein har spurt om bruk dagen før totalt sett, og dette har kvalifisert for å bli rekna som dagleg brukar. Det har ikkje vore nødvendig å hugse når på døgnet, slik det var tidlegare. Konsekvensane av desse metodiske endringane er at den daglege dekninga har gått opp for dei daglege nasjonale TV- og radiokanalane. Dette medfører igjen at dekninga for medieverksemder som driv med radio og tv, har gått opp.

Den nye metoden inneber og at radio- og tv-målingar ligg nærare korleis papiraviser og nettstader vert målte.

- Tala blir meir samanliknbare, og det er positivt for oss, seier Bjerkaas.