Hopp til innhold
Info fra NRK

Arve Uglum kåra til vinnar av Språkprisen 2018

Kringkastingssjefens språkpris 2018 går i år til Arve Uglum frå NRK Sogn og Fjordane, kjent som programleiar i TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Uglum får prisen for å dyrke dei breie flatene på fjernsyn med ein nynorskbruk som kler landskapet i programmet, seier juryen.

Arve Uglum

Arve Uglum som overtok programleiar-rollen etter Oddgeir Bruaset i TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er vinner av Kringkastingssjefens språkpris 2018.

Foto: Lotten Christiansen / NRK

Arve Uglum leverte sist haust fjerde sesong av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Sidan han tok over som programleiar, har han fornya og løfta historieforteljinga i det tradisjonsrike programmet, meiner juryen.

Sjølv synest vinnaren det er stor stas å bli lagt merke til på denne måten, men seier teksten ikkje er hans forteneste åleine.

– Denne prisen har eg jo fått på grunn av TV-kommentaren. TV-kommentaren må aldri sjåast for seg sjølv. Det er på ein måte lyd som skal ledsaga bilde. Eg er heldig som får lov til å jobbe med dei vakre bilda som er tekne av så flinke fotografar, seier Uglum.

– Målet vårt er å nå opp til ein høgare eining i lag, gjennom musikken og anna lydpålag. Så kan vi kanskje nå lenger og få meir kraft enn både eg eller fotografen hadde klart aleine.

Språk med tydeleg identitet

I grunngjevinga skriv juryen også at:

«Stilen hans er sober og lågmælt. Han har ei tilbaketrekt rolle i sine program, der han lar dei medverkande skine.

Samtidig har forteljarstemma hans ein tydeleg identitet. Språket er nært og kvardagsleg, men òg utforskande og originalt. Setningane er gjennomarbeidde ord for ord, og dei spelar fint saman med TV-bileta.

Språkbruken er eit dramaturgisk verkemiddel hjå prisvinnaren, der val av ord og stil bidreg til den stemninga og ettertanken som er sentral i programmet.

Han brukar ein nynorsk som er farga av dialekta hans og som kler landskapet i TV-serien.

Dei same kvalitetane i språket hans er òg tydelege i dei to sesongane han har laga av serien «Fjellfolk».

Overrekkelse av NRKs språkpris 2018

Distriktsdivisjonens direktør Marius Lillelien overrekker årets språkpris til Arve Uglum.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Om prisen:

Kringkastingssjefens språkpris blei delt ut første gang i 2003, og har kvart år sidan gått til ein medarbeidar eller ein redaksjon som utmerkjer seg ved god språkbruk i tråd med språkreglane til NRK.

I juryen for Kringkastingssjefens språkpris 2018 i år sat Knut-Sverre Horn, Toril Opsahl (UiO), Terje Gilleshammer og Ingvild Bryn.

Juryen skal legge særleg vekt på bruk av stilistiske verkemiddel og eit sjangermedvite språk. Overordna er evna til å bruka språket slik at bodskapen når fram til målgruppa.

Prisen kan også gå til ein person eller redaksjon som har sett i verk tiltak som på ein framifrå måte har vore med på å auke det språklege medvitet i redaksjonen.