Hopp til innhold
Info fra NRK

– Heilskapleg mediepolitikk og langsiktig avklaring for NRK

I dag la kulturminister Trine Skei Grande fram mediestøttemeldinga. Som venta er dette blitt ein heilskapleg gjennomgang av mediepolitikken i Noreg. Meldinga etablerer ei ny finansieringsordning for NRK og gjennomgår allmennkringkastaroppdraget.

Thor Gjermund Eriksen

- I det nye forslaget blir det langsiktige og stabile tatt godt vare på, seier krigkastingssjef Thor Gjermind Eriksen.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

– Regjeringa slår fast at NRK skal ha eit breitt allmennkringkastingstilbod, og at vi skal ta i bruk alle relevante medieplattformer for å nå ut til publikum. Det hadde ikkje vore mogeleg å treffe heile folket utan å bruke mobil og nett i tillegg til radio og tv. Dette er avgjerande for at NRK kan bidra til å styrke demokratiet, norsk og samisk kultur, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

Meldinga: Mangfald og armlengds avstand — Mediepolitikk for ei ny tid

Eriksen viser til at statsråden har lagt Medietilsynets rapport om mediemangfald til grunn.

– NRK er ein viktig del av norsk mediemangfald. Saman med alle dei andre mediebedriftene bidrar NRK til at folk i Noreg kan nytte seg av eit rikt medietilbod. Dette var også Mediemangfaldsutvalet opptatt av, seier Eriksen.

Finansiering over statsbudsjettet

Regjeringa går inn for at NRK skal finansierast over statsbudsjettet, og at inntektene til NRK blir bestemt for fire år om gongen. Ordninga er føreseieleg og langsiktig for allmennkringkastaren, som i dag står i sterk, internasjonal konkurranse.

– Lisensordninga er gått ut på dato. Etter fleire år med politiske løfte om å avskaffe ordninga, merkar vi at innkrevjinga av lisens er blitt meir sårbar. I det nye forslaget blir det langsiktige og stabile tatt godt vare på, seier Eriksen.

Kringkastingssjefen åtvarar likevel mot risikoen ei slik finansiering kan ha for NRKs sjølvstende.

– Det er ingen løyndom at NRK har vore skeptisk til statsbudsjettfinansiering, til liks med eit breitt stortingsfleirtal. Frå enkelte andre land har vi sett at finansiering over statsbudsjettet har gitt mindre stabilitet og brå skifte både med tanke på oppdrag og økonomi.

– NRKs redaksjonelle sjølvstende er heilt fundamentalt for at NRK skal ha tillit hos folk. Nettopp fordi NRK er 100 prosent eigd av staten og kulturministeren er generalforsamling, er vi sårbare, seier Eriksen.

Han peikar på at meldinga viser at kulturministeren har tatt dette innover seg, når ho skriv:

«Departementet erkjenner samstundes at det for ein offentleg finansiert allmennkringkastar som har til oppgåve å avdekkje kritikkverdige forhold og maktmisbruk frå mellom anna politiske grupper og offentlege myndigheiter reiser seg særlege spørsmål knyta til uavhengigheita.»

– Det er difor svært bra at regjeringa legg fram konkrete forslag og rammer som reduserer problemet med å vere finansiert over statsbudsjettet. Bruken av såkalla romartalsvedtak, at NRKs inntekter skal vedtakast for fire år av gongen, gjer dette til ei meir føreseieleg ordning. I meldinga blir det også opna for å vurdere ytterlegare tiltak for å sikre eit sjølvstendig NRK, seier Eriksen.


NRK-plakaten

– Like viktig som finansieringsordninga, er at NRK-plakaten gir eit breitt og positivt allmennkringkastaroppdrag. Plakaten gir NRK gode rammer for å drive nyutvikling, innovasjon og publisering av norsk innhald og er med på å sikre NRKs sjølvstende.

Framlegget frå Regjeringa er at NRKs inntekter skal halde omtrent same nivå i åra som kjem. Inntektene skal regulerast i tråd med pris- og lønnsutviklinga, men med eit effektiviseringskrav på 0,5 prosent.

– Vi er sjølvsagt glade for at kulturministeren forstår den konkurransesituasjonen NRK står i, med sterkt press frå globale aktørar, som Netflix og YouTube. Det er bra med eit fireårig vedtak som gir langt betre stabilitet enn den noverande ordninga. Samtidig er det ingen tvil om at den globale konkurransen gjer at publikum forventar høgare kvalitet. Når det norske innhaldet skal konkurrere med det beste og dyraste som vert laga i verda, vil kostnadane for produksjonane våre auke, seier Eriksen.

Lisenskontoret i Mo blir nedlagt i 2020. NRK mistar nesten hundre arbeidsplassar.

– Det er ein tøff dag for dei hundre medarbeidarane det gjeld, gode folk som har gjort ein flott jobb for NRK i mange år. Det viktige no er at vi tar vare på dei undervegs, støttar og hjelper dei med å finne nytt arbeid. Det er sjølvsagt gledeleg at regjeringa ønsker å styrke Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana med 70 nye jobbar.