NRK Meny
Normal

Denne skulen er ein av få som får mange elevar ut i verda

ODDA (NRK): Svært få norske elevar ved yrkesfag reiser på utveksling. Det prøver Odda vidaregåande skule å gjere noko med.

Elev ved Odda vidaregåande skule, Stine Myrvoll Kaland

VIL TIL TYSKLAND: Stine Myrvoll Kaland har lyst utanlands, og håpar ho skal få erfare å vere industrimekanikar i Tyskland.

Foto: Tale Hauso / NRK

Innan 2020 har EU eit mål om at minst seks prosent av alle yrkesfagelevar skal ha eit utanlandsopphald på minst to veker som ein del av opplæringa.

Men på landsbasis i Noreg er det endå svært få norske elevar som reiser ut.

Ved Odda vidaregåande skule er situasjonen derimot ein anna: Her reiser godt over måltallet på seks prosent.

– Dette er ei bevisst satsing på noko me synest er viktig, seier rektor Øyvind Bjørkevoll.

Han har no fått søknadar frå ei rekkje elevar som vil utanlands.

Ti får reise

– I søknadsbunken ligg elevar frå fleire linjer, både køyretøy, industriteknologi, byggfag, smed-linja og el-energi-klassen vår, seier Bjørkevoll.

Ti yrkesfagelevar frå skulen får moglegheita til praksis i utlandet. Stine Myrvoll Kaland er ei av dei som har søkt.

– Eg har lyst til Tyskland for å sjå korleis dei arbeidar der, og lære meir innanfor feltet mitt. Eg vil bli industrimekanikar, seier Kaland, som går i 2. klasse på produksjon og industriteknologi.

– Eg er veldig spent og håpar verkeleg at eg får lov å reise, seier ho.

– Lærerikt og viktig

– Mange tenkjer nok at for yrkesfagelevar er det ikkje like naturleg å reise på utveksling, men det er ikkje riktig, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til NRK.

Han meiner fleire bør satsa på å reise til eit anna land for å få praksis.

– Dei siste åra har me jobba med å synleggjere at uansett kva du tar av utdanning så er det store moglegheiter for å reise ut og ta eit utanlandsopphald, seier Isaksen.

Øyvind Bjørkevoll

SATSAR PÅ UTVEKSLING: Rektor ved Odda vidaregåande skule, Øyvind Bjørkevoll, skal senda ti elevar frå yrkesfag til utlandet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Rektor Øyvind Bjørkevoll seier Odda Vidaregåande skule har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare yrkesfagelevar som har reist ut.

– Dei som har vore med på dette skryt veldig, og synest det har vore eit fantastisk opphald der dei har lært mykje. Dette smittar nok over på neste generasjon elevar, seier Bjørkevoll.

Han meiner ein får mykje igjen av å ta sjansen på eit opphald i eit anna land.

– Elevar som reiser på utveksling får ikkje berre opplevingar dei vil hugse resten av livet, men dei får sjå korleis arbeidslivet fungerer i eit anna land og lære seg faglege ting som ikkje nødvendigvis er like vanlege her i Noreg.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.