NRK Meny
Normal

Yr populær hos svenskar og danskar

Danskar gir betre karakter til Yr.no enn til sin eigen vérmeldingsteneste, viser fersk undersøking. Svenskane stolar også mykje på den norske nettstaden.

Kvinne studerer yr.no

EIN AV FIRE: Kvar fjerde svenske har Yr som førsteval når dei skal sjekka vêret, viser ei fersk undersøking. Gamal vane, trur statsmeteorologen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Danskar har større tillit til Yr enn til Danmarks Meteorologiske Institut (DMI), og svenskane har eit betre inntrykk av Yr enn av Sveriges meteorologiska och hydrologiska institutt (SMHI).

Det viser ei fersk undersøking Respons Analyse har gjort blant innbyggjarane i dei fire nordiske landa.

– Veldig hyggeleg, seier statsmeteorolog Jon Smits ved Meteorologisk institutt i Oslo.

Rett nok brukar folk i Norden først og fremst vêrmeldingstenesta frå sitt eige lands meteorologiske institutt når dei skal sjekka vêret. Dette viser undersøkinga:

  • I Danmark meiner 78 % (av dei som har ei meining) at Yr er påliteleg, medan 74 % meiner DMI er påliteleg.
  • I Sverige svarar 75 % at dei har ei positiv haldning til Yr, like mykje som svenskane gir til si eiga værteneste SMHI.
John Smits
Foto: Kaland, Ole / Ole Kaland, NRK

Sverige: Gammal vane

Ifølge Smits utgjer utlendingar om lag halvparten av brukarane til Yr. Blant dei dominerer svenskar og danskar.

Kvar fjerde svenske har Yr som førsteval når dei skal sjekka vêret (41 % vel SMHI).

– Det har truleg historiske årsaker. Mange svenskar omfamna Yr.no då den vart etablert, fordi det svenske tilbodet til SMHI den gongen var ei betalingsteneste. Svenskane var nøgde med Yr frå starten, og har blitt verande av gammal vane, trur Jon Smits.

Det er i så fall i tråd med svara frå nordmenn i undersøkinga: 66 % svarar at dei brukar Yr.no av gammal vane.

Danmark: – Veldig merkeleg

Yr har altså større tillit enn Danmarks Meteorologiske Institut blant danskane. Då er det påfallande at berre 13 prosent av danskane svarer at dei først og fremst brukar Yr når dei skal sjekka vêret. 48 % svarar at førstevalet er DMI.

Anne G. Meyer i Repons Analyse er ansvarleg for undersøkinga.

– Dette var veldig merkeleg, svarar ho om danskane sine noko merkverdige svar.

– Tyder det på at danskane ikkje har svart truverdig i undersøkinga?

– Nei. Men det viser i alle fall at Yr har eit svært godt omdøme og marknadspotensial i Danmark, seier Meyer.

– Dette var litt rart. Kanskje dei først vel DMI, deretter Yr, og likevel stolar mest på oss, seier statsmeteorolog Jon Smits.

Nordlendingar likar Yr mindre

Undersøkinga viser også at 68 % av alle nordmenn har Yr som førsteval. Nest mest populær er Pent.no (11 %), med Storm.no og iPhones vêrmeldingsapp på delt tredjeplass (5 %).

Men i Nord-Noreg er bilete annleis. Blant nordlendingar er Yr vesentleg mindre populært (58 %), og Pent.no meir populært (18 %).

Om årsaka er at nordlendingar stolar meir på Pent.no, eller om dei rett og slett tykkjer den tenesta har eit meir løfterikt namn, seier undersøkinga ingenting om.

27.09: Denne saka har blitt endra etter publisering, etter feil i dei første tala frå Respons Analyse. Først melde vi at 81 prosent av svenskane har ei positiv haldning til Yr, medan det rette talet var 75 prosent.

Siste video

Programleder: Marte Rommetveit
Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio