NRK Meny
Normal

Ny pris til Ylvis for revehiten

Amerikanarane får ikkje "The Fox" ut av hovudet. Ylvis-brødrene vart i natt tildelt amerikansk pris for den mest fengande låten i 2013.

Ylvis i Las Vegas

VIL INGEN ENDE TA: Merksemda Ylvis-brørne får for hiten 'The Fox' held fram. I førre veke passerte videoen 400 millionar visningar på YouTube, og i natt fekk dei amerikansk pris for årets mest fengande låt.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters

Ylvis pris

VINNAR: 'The Fox' var ifølgje Disney den mest fengande låten i 2013.

Foto: Skjermdump / Radio Disney Music Awards

Det tek aldri slutt. Ylvis-brødrene held fram med å få merksemd for hitlåten "The Fox". I januar fekk vann dei Spellemannsprisen for "årets hit". Også internasjonalt vinn dei prisar for låten, som i utgangspunktet vart laga for å promotere TV-programmet "I kveld med Ylvis".

Seinast i natt vart dei tildelt Radio Disney Music Award i kategorien "Stuck in our head - Catchiest New Song".

400 millionar visningar

Ylvis vann prisen i konkurranse mot Cher Lloyd sin hit "I Wish" og MKTO sin "Classic".

Sjølv om den største delen av "The Fox"-feberen har lagt seg, er det framleis ein god del som er inne å ser videoen på YouTube. Onsdag førre veke passerte musikkvideoen 400 millionar visningar.

I skrivande stund har låten 404.164.002 visningar.

Og det gir pengar i kassa, ifølgje VG. Kvar avspeling på Spotify gir opphavsmennene tre øre, noko som med statistikken frå Spotify gir 1,4 millionar kroner skriv avisa. Legg ein til same reknestykket for YouTube-visningane kan dei to brørne plusse på tolv millionar kroner.

Hektisk

Ylvis går ei hektisk tid i møte. 16.mai opptrer dei på Bergenhus festning, og dei skal også besøke Stavernfestivalen og Malakoff på Nordfjordeid.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.