Hopp til innhold

Endå meir o-fag frå Bergen

No blir det endå meir o-fag frå Bergen. Alt mellom himmel og jord får plass når Ylvis-brødrene går på lufta med nytt program.

Ylvis med O-fag på NRK Gull
Foto: Åge Algerøy / NRK

Det er ei tilsynelatande rolig stemning i O-fag-redaksjonen i Bergen, sjølv om klokka og kalendaren viser at det berre er timar igjen til første sending. Så dukkar det opp ei uventa utfordring:

- Vi må og få sjå på den skjermen din. Dette må vi få ordna, seier Ylvis-brødrene til redaksjonskollega Anne Dorte Lunås. Dei testar studio, og oppdagar at dei blir ståande på kvar si side av studiobordet. Altså er ikkje absolutt alt heilt i boks enno.

- Kvifor trur du vi er på jobb no i helga, spør Lunås.

BILDEGALLERI: Sjå bilder frå O-fag-redaksjonen

Sommar-programmet hadde sin debut for to år sidan, og blei belønna med Prix Radio-prisen i kategorien humor.

OPPLEV HØGDEPUNKTA OM IGJEN: Høyr gull frå O-fag

I fjor gjekk heile sommaren utan ein einaste o-fag-time. Men no er Bård og Vegard Ylvisåker klare igjen!

- Vi gler oss veldig til å koma i gang igjen, seier dei.

Forrige runde hadde dei eit sterkt fokus på morse. Denne gongen ser det ut til å bli veldig mykje om det samiske språket.

- Noko av det vi jobbar med er å få til eit samisk språk-kurs for mannen i gata, seier Bård og Vegard.

LES MEIR OM PROGRAMMET:

Mandag 16. juni klokka 12 startar første programmet på NRK P3. Det blir daglege sendingar frå mandag til fredag utover sommaren.

Dei to Ylvis-brørne er kjende for fleire show, radioprogram og tv-program dei siste åra. Dei er no blant dei mest profilerte komikarane her i landet. Sketsjen "Pingushow" er ein av dei mest kjende til dei unge brødrene frå Bergen.

LES MEIR OM SUKSESSEN: Håver inn etter Ylvis-suksess

Ylvis med O-fag på NRK P3

HELD ORDEN: Anne Dorte Lunås held styr på både spakar og ylvisar.

Foto: Åge Algerøy / NRK