DS Blink

Bildet skal vere tatt i Manchester Ship Canal i England.

Foto: Lillesand Sjømannsforening

Styrmann Lundes logg

16 sjømenn «blev sinnssvake og døde» etter at tyskarane torpederte norske DS Blink. Birger Lunde (28) overlevde den dramatiske livbåtferda, og dokumenterte kameratane sine siste timar på unikt og uhyggeleg vis.

Journalist/fotograf
Simen Sundfjord Otterlei

For 74 år sidan, 11. februar 1942, blei det vesle norske lasteskipet DS Blink torpedert av den tyske ubåten U-108 utanfor austkysten av USA.

Fem av mannskapet døydde i eksplosjonen. 23 kom seg om bord i ein livbåt. Tre dagar seinare var dei fleste i livbåten døde.

Førstestyrmann Birger Lunde frå Fana ved Bergen førte ein uhyggeleg logg under livbåtseglasen – ein logg som er heilt unik i norsk krigshistorie.

«Ca. Kl. 03.00 blev kaptein S. UIvestad sinnssvak og døde».

Førstestyrmann Birger Lundes logg

Nådelaust nervepress

Birger Lunde

FØRSTESTYRMANN: Birger Lunde skreiv som 28-åring ein detaljert logg over hendingane på livbåten etter Blink-forliset. Lunde overlevde tre forlis, det same gjorde utruleg nok passet hans.

Foto: Dag Indrebø / NRK

Under andre verdskrig var mannskapet på Blink langt frå aleine om å leve under det nådelause nervepresset krigsseglasane medførte.

Over 30000 norske sjøfolk deltok i seglas. År ut og år inn – kvart sekund kunne torpedoen råke. Og skjedde det, var håpet om berging lite.

Dei norske skipa var viktige for dei allierte. Mange opererte i den viktige forsyningslinja mellom Amerika og England i Nord-Atlanteren, der slaget raste på sitt mest brutale hausten 1941.

DS Blink blei bygd i 1920. Vel 20 år seinare blei det eitt av over tusen norske skip som deltok i krigsseglas.

Vi så hvitt skum rundt munnene deres. Like etterpå døde de.

Førstestyrmann Birger Lunde til NRK i 1994

Offer for Operasjon Paukeslag

I 1941 gjekk tyske «Wolfpack» – flokkar med ubåtar – ustanseleg til angrep på dei allierte sine skip i Nord-Atlanteren.

Men eskortetenesta til konvoiane og den allierte etterretningstenesta blei stadig betre – og dei tyske ubåtflokkane opplevde store tap.

Sjefen for dei tyske sjøstridskreftene, Karl Dönitz, ville endre strategi, og omdirigerte i januar 1942 mange av ubåtane til austkysten av USA.

Skipstrafikken der hadde på dette tidspunktet svak og lite utvikla konvoi og eskorteteneste. Dönitz introduserte Operasjon Paukeslag.

DS Blink si siste reise

DS Blink

DS BLINK: 1920-tonnaren DS Blink, her truleg fotografert i Manchester Ship Canal i England.

Foto: Lillesand Sjømannsforening

Etter å ha vore med i ulike konvoiar sidan hausten 1941, skulle DS Blink, det vesle norske lasteskipet bygd i Bristol, bli eit offer for Dönitz' plan.

11. februar 1942 var Blink på veg nordover austkysten av USA, på seglas frå Charleston til Halifax med ei last fosfat.

Men skipet skulle aldri nå fram.

Rett aust om Cape Hatteras låg nemleg den tyske ubåten U-108 klar til angrep.

To dagar tidlegare hadde U-108 sokke eit anna norsk skip, DS Tolosa. 20 sjøfolk hadde mist livet.

No gjorde ubåtkapteinen Klaus Scholtz seg klar til angrep på Blink.

Tre torpedoar trefte. DS Blink søkk til botnen i løpet av ein halv time.

Fem av mannskapet vart drepne momentant. To kom seg opp på ein gummiflåte, som aldri kom til rette.

Resten, 23 mann, entra ein livbåt og hadde godt håp om berging. Men for dei fleste skulle det ikkje gå slik.

Livbåten kantra

I den grove sjøen kantra livbåten tre gonger det første døgnet. Mannskapet fekk båten på kjøl att, men livsviktige ting gjekk tapt.

«Da man kantret blev alt inventar inkludert vann og brød revet løs og gikk over bord», skriv førstestyrmann Birger Lunde i loggen som gjer livbåtseglasen til den best dokumenterte i norsk krigshistorie.

Ein av sjømennene omkom i kantringa. Dyvåte, i ein livbåt halvfull av vatn, kjempa dei 22 attverande sjøfolka for livet. Håpet var at andre skip skulle oppdage dei. Men det skjedde ikkje før det var for seint for mange av livbåtpassasjerane.

Skreiv logg: «Blev sinnssvak og døde»

Birger Lunde

50 ÅR ETTER: Birger Lunde i intervju med NRK i 1994, i samband med serien «Evig heder».

Foto: Dag Indrebø / NRK

Lunde såg kollegaar og kameratar døy kring seg. Samstundes skreiv 28-åringen nøkternt og nøyaktig om det som hende dei to neste døgera.

Her er førstestyrmannens uhyggelege logg frå livbåtferda i februar 1942:

«Kl. 17.00 blev lettmatros K. Larsen sinnssvak og døde.

Kl. 18.30 blev lettmatros P. Winther sinnssvak og døde.

Kl. 19.00 blev en båt passert ca. 800 meter av. Man gjorde signaler til den ved hjelp av en oljefrakke festet til båtshaken. Skipet fortsatte sin kurs uten å ha merket oss. En halv time senere blev atter en båt passert. Denne gang litt nærmere. Samme signaler blev gjort, men forgjeves.

Ca. Kl. 19.00 blev tredjestyrmann K. Johansen sinnssvak og døde.

Ca. Kl. 21.00 blev kokk Eriksen sinnssvak og døde.

Ca. Kl. 22.00 blev lettmatros F. George sinnssvak og døde.

Ca. Kl. 22.30 blev lettmatros O. Sahlin sinnssvak og døde.

Fredag 13. februar. Vind nordlig, styrke 6, sjø nordlig, styrke 4. Drev for vind og strøm. Sjøen skyllet stadig over oss. Livbåten fremdeles ca. en halv fot under vannet.

Når ein mann tapte håpet, omkom han raskt.

Birger Lunde

Ca. Kl. 01.00 blev lemper J. Donace sinnssvak og døde.

Ca. Kl. 03.00 blev kaptein S. Ulvestad sinnssvak og døde.

Ca. Kl. 04.30 blev tredjemaskinist Sørensen sinnssvak og døde.

Ca. Kl. 05.00 blev annenmaskinist K. Johansen sinnssvak og døde.

Ca. Kl. 07.00 blev kanonér J. White sinnssvak og døde. Hele dagen gikk uten at noen så noe. Vind og sjø holdt seg stadig like frisk, så lensing var umulig enda flere forsøk blev gjort.

Lørdag 14. februar: Vind nordlig, styrke 6, sjø nordlig, styrke 4. Drev stadig for vind og strøm. Livbåten fremdeles under vann. Sjøen skyllet stadig over.

Ca. Kl. 04.30 blev fyrbøter Kvia sinnssvak og døde.

Ca. Kl. 07.00 blev matros E. Plume sinnssvak og døde.

Ca. Kl. 09.00 blev matros A. Hennum sinnssvak og døde.

Ca. Kl. 11.00 blev fyrbøter M. Larsen sinnssvak og døde.

Ca. Kl. 12.00 blev annenstyrmann F. Feydt sinnssvak og døde.

Klokken 15.30 blev en båt observert. Man gjorde signaler så godt man kunne. Man blev sett, og ca. tyve minutter efterpå var man tatt ombord i s.s. «Monroe», kaptein W. W. Clendaniel. Ombord s.s. «Monroe» fikk man god behandling og pleie».

Fekk andre til å signere

Berre seks av mannskapet overlevde. Mellom dei var førstestyrmann Lunde. Han og dei fem andre blei frakta til sjukehus i Baltimore.

Lunde skjønte at loggen frå livbåtseglasen verka for vanvitig. Difor fekk han to andre overlevande, matros O. Numme og fyrbøtar G. Gulliksen, til å skrive under og gå god for journalen.

I ettertid kunne ikkje Lunde, Numme og Gulliksen gi ei god forklaring på kvifor så mange av kameratane deira «blev sinnsvake og døde». Men påkjenningane med frost, svolt, angst og søvnløyse i livbåten, blei truleg for mykje.

– Blei angripne av haiar

Dei mista håpet, sa Birger Lunde sjølv, då han i 1993 fortalde historia si i BBC-dokumentaren «Forgotten Heroes».

Eg er framleis, uheldigvis, forfølgt av mareritt som får meg til å vekke heile huset.

Birger Lunde i 1993

Forteljinga hans er ei sterk skildring:

«Når nokon døydde, gjorde vi kva vi kunne, før vi kasta dei i sjøen. På eit tidspunkt oppdaga haiane oss. Dei følgde etter lika, blei svoltne på meir, og byrja å prøve å dra oss ut av den oversvømte livbåten. Trøytte og utslitne stod vi der og slo etter haiane med den siste båtshaka vår. Ropande, skrikande gjennom opphovna lepper og tunger, dunkande på sidene av livbåten, gjorde vi alt vi kunne for å få dei til å forsvinne. I eit slikt strev er håpet den store livskrafta. Når ein mann tapte håpet, omkom han raskt».

Blei heidra 50 år etter

Birger Lunde overlevde ikkje mindre enn tre krigsforlis: «Taranger» (1941), «Blink» (1942) og «Oregon Express» (1943).

Etter krigen busette han seg i USA, og blei president i Norwegian Seamen's War Veteran's Club. Lunde blei i 1990 tildelt St. Olavs orden med eikeløv under ein seremoni i New York.

Etterverknadane etter krigsopplevingane skulle aldri sleppe taket i Lunde.

«Eg er framleis, uheldigvis, forfølgt av mareritt som får meg til å vekke heile huset», sa han i 1993.

Birger Lunde døydde 24. september 1996, 82 år gamal. To år tidlegare fortalde han om livbåtseglasen i eit intervju med NRK:

Førstestyrmann Birger Lunde på Blink

Over 5000 norske sjømenn omkom

Den tyske offensiven i Atlanterhavet, Operasjon Paukeslag, tok mange menneskeliv mellom januar og juli 1942.

I løpet av halvåret blei 397 skip senka, og kring 5000 sjøfolk mista livet. Dei norske skipa som deltok var administrert av det norske statsreiarlaget Nortraship, og særleg var den norske tankflåten viktig for dei allierte.

Den sterke norske involveringa gjorde også at mange nordmenn mista livet på sjøen. I tillegg til at 923 omkom i teneste for marinen, reknar ein at 4768 sjøfolk omkom og 730 norske skip krigsforliste under andre verdskrig.

Loggen etter Blink-forliset er truleg mellom dei mest dramatiske frå andre verdskrig. Men forlisa sette spor hos tusenvis av norske sjømenn. Her er fire andre godt dokumenterte krigsforlis:

Fanga skjelpadder for å få mat

MS Moldanger blei 27. juni 1942 torpedert av U-404 og kaptein Bühlov på den amerikanske austkysten. 13 omkom, 22 av mannskapet kom seg i to livbåtar. Der blei dei verande i 48 døgn. Sjømennene berga seg ved å fange skjelpadder.

Harald Revaa og Johan Moe fortalde historia til NRK i 1994:

Harald Revaa og Johan Moe

19 døydde i Nord-Atlanteren

MT Nyholt blei 17. januar 1942 angripen av U-87 på veg frå Island til New York. 19 døydde.

Johannes Bauge og Adam Egede-Nissen overlevde, og fortalde om forliset i intervju med NRK i 1994:

Johannes Bauge og Adam Egede-Nissen

Skaut mot livbåten

MT Alcides var på veg frå Abadan til Freemantle, då ho 23. juli 1943 vart torpedert av den japanske ubåten I-10. 46 døydde etter skyting mot livbåten.

Telegrafist Johan A. Johansen fortalde om møtet med I-10 og kaptein Kinzo Tonozuka til NRK i 1994:

Telegrafist Johan A. Johansen fortel.

Ubåtkapteinen som bad om orsaking

Tyske U-155 angreip MS Siranger på veg frå New York til Vest-Afrika 24. oktober 1943. Ingen døydde, og den tyske ubåtkapteinen Adolf Pienning bad nordmennene om orsaking.

Matros Roald Larsen (20) frå Røyken opplevde forliset, og fortalde historia til NRK i 1994:

Matros Roald Larsen (20) frå Røyken

Kjelder: «Evig Heder», Magne Misje og Dag Indrebø, NRK 1995, «Seilas med døden», Vetlesen & Wahl, Vega forlag 2014, Erik Byes intervju med overlevande frå Moldanger 1964, «Tusen norske skip», warsailors.com, Sjømennenes Minnehall.