Nigeriansk prostituert saksøker staten

UT: To veker før ho blir sendt ut fekk Esther vita at mora var banka opp i heimlandet. No fryktar ho at bakmennene ventar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Risikerte alt for å ta bakmennene

Esther fekk tilsendt bilete av mora, blodig og forslått på sjukehus. No sender Noreg henne heim. Der trur ho dei som skal ha tatt mora ventar.

– Kven er du redd for?

I rettssal 277 i Oslo tingrett sit ei slank kvinne i blomstrete tights og strikkejakke.

I to lange dagar har ho svart på spørsmål. No er det dommaren som spør.

Kvinna i rettssalen har fortalt om valdtekt, overgrep og slag. Om dei mange hundre horekundane på gata i Oslo. Om voodoo-seremonien i heimlandet.

– Bakmennene. Dei har folk i Nigeria og Europa. Dei veit at eg har tysta.

Den fattige 25-åringen blei frakta hit for å selja sex. Som tusenvis av andre kvinner som blir slukt av eit av verdas mest organiserte trafficking-nettverk.

Men tvangsprostituerte som henne kan også få fast opphald i Noreg.

Me har nemleg ei lov som gir offera beskyttelse, dersom dei vitnar i ei straffesak og peikar ut bakmennene. Gjerningspersonane treng ikkje ein gong bli dømde.

Stortinget har nemleg sagt at dei vil hjelpa tvangsprostituerte som Esther.

Likevel blir mange titals sende ut kvart år.

For kva med dei som aldri kjem seg til ein rettssal, fordi politiet legg bort saka?

Det skjedde med Esther.

Difor oppsøker ho rettssalen sjølv. Og saksøker staten.

– Kva fryktar du vil skje dersom du reiser tilbake?

– Uansett kor i Nigeria eg blir plassert, kjem dei til å finna meg. Og drepa meg.

Bør prostituerte kvinner som hjelper politiet, få opphald sjølv om ingen bakmenn får straff?

Mor til offer for menneskehandel banka opp i Nigeria

MOR: Ifølge mora til Esther blei ho angripen av ukjente menn. Ifølge legeerklæringa blei ho overfallen og brekte beinet. Norske myndigheiter trur ikkje på historia.

Foto: Privat

Hore på kvinnedagen

Kvart år reiser fleire hundre utanlandske kvinner til Noreg med eitt mål: Å selja sex til norske menn. Som regel blir dei lurt av bakmenn, som lovar jobb.

I staden får dei ei gigantisk rekning, som skal betalast i sex.

Mange blir følgt opp av norske hjelpeorganisasjonar.

Men fleire blir også kvart år sendt ut av landet. Utan at norske styresmakter veit kva som skjer med dei.

Mange av kvinnene frå Nigeria har lært å halda seg unna politifolka i heimlandet – landet som er rekna som eit av verdas mest korrupte.

Difor er det nesten ingen som anmelder bakmennene som står bak.

Nettopp difor har Stortinget tatt til orde for å gi dei få som vågar å samarbeida beskyttelse.

Men vegen dit er lang.

– Når politiet klarar å identifisera bakmenn på grunn av offera sine forklaringar, meiner eg desse må få opphald. I dag mister kvinnene alle rettar i det saka blir lagt bort, og blir kasta på hovudet ut. Kor er rettferda i det? spør Kristine Aarre Hånes, Esther sin bistandsadvokat.

Esther er ikkje hennar eigentlege namn. Av omsyn til sin eigen tryggleik ynskjer ho å vera anonym.

Advokaten hennar, som har menneskehandel som spesialfelt, har førebudd saka i mange månader. Jobben kostar ikkje Esther ei krone.

Saka kan endra korleis Noreg behandlar kvinner som er frakta hit for å selja sex til norske menn.

Fleirtalet på Stortinget har jo kravd betre vern for kvinner som Esther.

Denne saka er prøvesteinen.

Advokaten har klokkartru.

Bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes

BISTANDSADVOKAT: Kristine Aarre Hånes har spesialisert seg på saker om menneskehandel. Ho fører saka til Eshter gratis.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

For Esther starta den nye brutale kvardagen på kvinnedagen for fem år sidan.

Berre timar etter at ho kryssa riksgrensa ved Svinesund, blei den då 21 år gamle kvinna innlosjert i eit hus på Bislett. Langt frå parolane og talane på Youngstorget møtte ho dei ho skulle dela hus med – fem nigerianske prostituerte.

På kvelden forsvann dei. Timar seinare kom dei tilbake med pengar til madammen – og den første kunden til Esther.

Det var først då madammen – sjefen i huset – bad henne kle av seg på soverommet, at Esther forstod, forklarar ho.

Same dag som ho kom køyrande over Svinesundsbrua selde ho kroppen sin for første gong.

– Dei sa eg skulda 65.000 euro. Eg var i eit framand land og dei einaste eg kjende var dei som tvinga meg til å selja sex. Eg hadde ikkje noko val.

Over eitt år seinare går Esther til politiet med historia om kvifor ho verkeleg er i Noreg.

Det skal ho angra på.

For trugslane frå bakmennene i Nigeria blir fleire, sjølv om politiet legg bort saka.

Etter kvart skal dei enda i fysiske angrep, ifølge Esther. Min vil Noreg tru på henne?

Offer for menneskehandel saksøker staten

KARL JOHAN: Brutorvet. Storgata. Brugata. I 15 månader var det i sentrum av Oslo Esther tente pengar til bakmannsapparatet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Hundrevis av prostituerte

I 2014 avslørte NRK Brennpunkt korleis menneskehandelsoffer som samarbeider med politiet blir sendt ut av Noreg.

Sjølv om dei har gjort alt dei kan for å følga styresmaktene sitt råd, blir dei likevel sende ut dersom saka blir lagt bort.

I etterkant kravde Stortinget handling.

Men så langt er ikkje nye reglar komne på plass. Seinast i vinter bad Justiskomiteen departementet om å sjå på saka på nytt.

Tre år etter vedtaket i Stortinget registrerer dagleg leiar i Rosa-prosjektet, Mildrid Mikkelsen, at lite har skjedd.

– Situasjonen i dag har berre blitt forverra. Før såg me at nokon fekk opphald på humanitært grunnlag. Det ser me ikkje lenger.

Sidan oppstarten i 2005 har Rosa-prosjektet hjelpt rundt 500 personar ut av menneskehandel.

Berre i fjor blei det registrert over 262 nye moglege offer for menneskehandel i Noreg. Mørketala er store, meiner hjelpeorganisasjonen.

Stortinget ville hjelpa fleire trafficking-offer. I staden har det blitt vanskelegare å få opphald, meiner Mikkelsen.

– Me veit at mange av offera hamnar tilbake på gata og går ut igjen i prostitusjon. Men kva som skjer med dei som blir sendt ut, er det ingen som har oversikt over.

Mildrid Mikkelsen, leder av Rosa-prosjektet

FORVERRING: Mildrid Mikkelsen i Rosa-prosjektet seier forholda har blitt verre for nigerianske kvinner dei siste åra.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Året då Esther kom til Noreg registrerte norsk politi 63 saker på menneskehandel. Dei fleste sakene dreier seg om utnytting til prostitusjon.

I 2017 hadde talet gått ned til 41.

Felles for alle offera er at dei er avhengige av at politiet etterforskar. Og at bakmenn blir tiltalt og stilt for retten.

Som regel skjer ikkje det. Som regel er bevisa for få og svake til at saka munnar ut i ein tiltale.

Då Esther leverte sin politimelding starta meldingane. Og e-postane. Og telefonane frå det same nummeret i Nigeria.

Ukjende menn kom med trugslar mot familien i heimlandet. Esther hadde tysta og skulda dei pengar.

Familien i Nigeria valde å flytta. Bort frå landsbygda og inn i byen – der dei kunne forsvinna blant hundretusenvis av andre.

For sjølv om saka blir lagt bort, har offera likevel sett seg sjølve i ein sårbar situasjon. Den som blir sikta, eller andre i bakmannsapparatet, veit kva som har skjedd.

Men UNE meiner trafficking-offer som returnerer til Nigeria vil vera trygge. Det same gjeld Esther.

Spesielt sidan straffesaka mot kvinna som var sikta, for lengst er lagt bort.

– I denne saka har me ikkje funne at det er fare forbunde med retur til Nigeria, seier seksjonssjef Terje Østraat ved Afrika-seksjonen i asylavdelinga til Utlendingsnemnda (UNE).

Utlendingsnemnda opplyser at dei ikkje følgjer opp personar som blir uttransportert. Dei lener seg på vurderingane til Utlendingsforvaltningens fageining for landsinformasjon, Landinfo, som slår fast at kvinner eller familiane ikkje nødvendigvis risikerer represaliar ved heimreise.

– Me set inn store ressursar på å fatta eit riktig vedtak, slik at den enkelte ikkje blir sendt heim til ein farefull situasjon.

Mikkelsen var blant dei som slo alarm for tre år sidan. I dag ser ho endå mørkare på situasjonen.

Spesielt ille meiner ho det er for kvinnene frå Nigeria.

– Oppmodinga frå justiskomiteen, om å gje desse offera betre rettar, er ikkje fylgt opp. Me har fått fleire uromeldingar den siste tida. Me kjenner mellom anna til ei kvinne som blei returnert til Nigeria i januar i 2017. Ho er etter alt å døma er tilbake på gata i Frankrike, etter å ha blitt trafikkert på nytt då ho kom til heimlandet.

Dei siste fem åra har Noreg returnert 674 nigerianske kvinner over 18 år tilbake til heimlandet.

Slett ikkje alle er prostituerte eller trafficking-offer. Men mange er det.

Rosa-prosjektet festar ikkje lit til at apparatet i Nigeria følger opp kvinnene som blir returnert.

– Me har grunn til å tru at fleire som blir returnert til Sør-Europa eller Nigeria ikkje er i live i dag. Det gjeld kvinner som norske styresmakter har sendt ut.

Offer for menneskehandel stevner staten

GATEJENTE: Esther gjekk på gata i Oslo i 15 månader. Ho seier ho ikkje ante kva ho gjekk til då ho reiste frå Nigeria.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Sexsal

Dei faste plassane var i Møllergata. I Konges gate. På Stortorvet.

Mellom to og tre tusen kroner var fortenesta per gong. Somme betalte meir for å ha sex utan kondom.

Kundar var valdelege, andre hadde sex utan å betala.

– Det var forferdeleg. Eg var desperat etter å få pengar til å betala madammen. Ho slo oss om me kom heim utan pengar. Ein gong hamna eg i ein krangel med ein kunde. Han slo meg slik at eg mista synet. Så tok han det eg hadde.

Esther hadde betalt ned 36.500 euro då det sa stopp. Halvparten av summen bakmennene kravde.

– Viss eg blir sendt tilbake kjem bakmannen til å finna meg og tvinga meg tilbake til prostitusjon, fordi han hevdar at eg skuldar han pengar.

I 15 månader gjekk Esther på gata og selde sex, før ho ein sommarkveld i 2014 blei plukka opp av politiet.

I avhøyr opplyste ho at ho hadde blitt utsett for forfølging fordi ho var lesbisk.

Ho fekk avslag på asylsøknaden, og reiste til Italia. Det var hit ho kom med flyet som bakmannen hadde organisert og betalt for.

Men italienske styresmakter såg at Esther hadde søkt asyl i Noreg, og sende henne tilbake. Her blei ho sendt rett på eit asylmottak på Vestlandet.

Etter å ha fått avslag igjen, søkte Esther om refleksjon. Det er eit tilbod som gir offer for menneskehandel opphald i ein kort periode, medan dei vurderer om dei skal anmelda.

Då perioden gjekk mot slutten, oppsøkte Esther det lokale lensmannskontoret.

Ho trudde ho skulle bli beskytta då ho namngav tre bakmenn.

Esther vart éin av 62 personar som i 2015 fekk status som fornærma i ei menneskehandelssak.

Under eit år seinare var saka lagt bort på grunn av manglande bevis. Ho peika ut kvinna som etter kvart blei sikta. Men det var ikkje nok.

– Viss dei hadde sagt at dei ikkje kunne beskytta meg, ville eg aldri ha sagt noko. No er eg i større fare enn eg var før eg gjekk til politiet.

I august 2017, etter to forsøk på å gjera om vedtaket, fekk Esther – for andre gong – endeleg avslag på søknaden om vern og opphald på humanitært grunnlag.

Sidan har ho oppheldt seg ulovleg i Noreg. Etter at ho flytta frå asylmottaket har ikkje politiet visst kor ho har budd. Før rettssaka i Oslo tingrett.

Forskar på innsatsen mot menneskehandel: – Alvorleg

Doktorgradsstipendiat Heidi Fischer Bjelland ved Politihøgskolen i Oslo har forska på politiet sin innsats mot menneskehandel. I ein studie har Bjelland sett nærare på dei 358 menneskehandelssakene som blei oppretta frå 2003 til 2013.

Doktorgradsstipendiat Heidi Fischer Bjelland ved PHS

SPRIKER: Kor vidt politiet etterforskar og sender saker til påtaleavgjerd, varierer stort, konkluderer doktorgradsstipendiat Heidi Fischer Bjelland ved Politihøgskolen. – Det kan slå svært uheldig ut for offera.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Det er første gong at nokon ser systematisk på politiet si etterforsking på feltet.

I perioden ho har sett på, auka talet på årlege politimeldingar av menneskehandelssaker. Samstundes blei politiet meir passive, meiner Bjelland.

– Eg finn at politiet ser ut til å verta ein stadig svakare aktør gjennom denne tiårsperioden. Talet på melde saker til politiet går opp, men politiet melder sjølv inn stadig færre saker. Det var overraskande.

I ein tredel av sakene er det politiet sjølve som tar initiativ til å opna etterforsking.

Men når politiet først står bak, har saka langt større sjanse for å resultera i ein tiltale enn når saka blir meldt til politiet av offeret eller ein tredjepart.

Faktisk er sjansen heile tretten gongar så stor.

Politiet i Oslo stod for halvparten av alle registrerte menneskehandelssaker i perioden frå 2003 til 2013. Politiet tok sjølv berre initiativ til å oppretta sak i ein femtedel av sakene.

Det som no blir kalla Vest politidistrikt, tidlegare Hordaland politidistrikt, stod for ein femtedel av alle sakene i perioden.For

Til gjengjeld tok dei initiativ til etterforskinga i meir enn halvparten av dei.

Fem av tolv politidistrikt hadde 1. januar i år ei eiga gruppe mot menneskehandel. Dei resterande sju politidistrikta vil i løpet av 2018 etablera ei særskilt gruppe med fokus på feltet. Ressursane kvart enkelt distrikt set inn på feltet, varierer mykje.

Men på kva måte påverkar dette offera?

– Ettersom regelverket er som det er i dag, der retten til opphald er knytt til vitneforklaring i ei straffesak, kan ein slik praksis (at enkelte politidistrikt i større eller mindre grad tar initiativ til å etterforska ei sak, journ.merk.) få potensielt alvorlege konsekvensar for offeret, med tanke på til dømes rettar og vern.

Bjelland vil ikkje kalla menneskehandelsoffer som får saka si etterforska i Vest politidistrikt heldigare.

Men er dei det?

– For offera burde det ikkje ha noko å seia kva politidistrikt saka blir meldt til. Men ettersom politiet i Bergen i langt større grad initierer saker, er det altså ei naturleg følge at eit offer for menneskehandel truleg har noko større sjanse til å få saka si ført for retten når saka blir etterforska i Bergen.

Staten meiner ho lyg

I Oslo tingrett har advokat Hånes kalla inn åtte vitne. Tre er nigerianske kvinner, som har nærast identiske historier som Esther. Skilnaden er at dei i dag bur lovleg i Noreg. Alle fekk saka si ført for retten.

Hånes går til angrep på UNE si behandling av saka til Esther. Ho meiner dei har tolka lovverket feil.

I retten viser ho gong på gong til «vitneavgjerda» i utlendingslova. Advokaten meiner at Esther har gitt så mange detaljerte opplysingar om bakmennene i politiavhøyr og i brev, at det vil setja henne i stor fare ved ein retur til Nigeria.

Svært få har fått opphald på denne måten. Tal frå Utlendingsdirektoratet og UNE viser at berre ei handfull kvinner har fått opphald utan å vitna dei siste åra.

Advokaten til Utlendingsnemnda klaskar ein perm med hundrevis av dokument i bordet.

Papira dokumenterer alle løgnene Esther har oppgitt i avhøyr med politiet. Som då ho blei pågripen medan ho selde sex i 2014 og fortalde at ho var lesbisk asylsøkar som flykta frå homofobe Nigeria.

UNE meiner Esther har forsøkt å manipulera seg til opphald i Noreg. Dei har tidlegare slått fast at ingenting ved Esther sin situasjon tilseier at det er farleg for henne å reisa tilbake.

Mellom anna har ho betalt ned halvparten av pengane ho skuldar. Erfaringsmessig er det lite som tyder på at bakmenn i Nigeria oppsøker tidlegare trafficking-offer. I staden finn dei nye og rekrutterer på nytt.

Hånes argumenterer med at nesten alle nigerianske tvangsprostituerte fortel politiet det dei har fått beskjed om å seia.

Vitne frå menneskehandelsgruppa hjå politiet i Bergen og Mildrid Mikkelsen i Rosa-prosjektet stadfestar det.

Retten er ein einaste stor dragkamp. Hånes vil at UNE gjer om vedtaket. UNE meiner lova ikkje gir Esther rett på opphald.

Ingen seier imot at Esther er eit trafficking-offer.

Trandum

INTERNERT: På Politiets utlendingseining Trandum sit kvinner og menn som skal transporast ut. Her har Esther sete i snart åtte veker.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Telefonen frå Nigeria

– Hei. Du har besøk. Advokaten din.

Vakta har tatt oppstilling i døra. På ei smal seng i ei naken celle sit ei kvinne kledd i blomstrete tights, tøflar og strikkejakke.

Me skrur tida litt fram. Fram til 1. mai.

Esther kom seg aldri heim att til bygda på Vestlandet. Dei få eigedelane frå kjellarleilegheita ho leigde, er komne over fjellet.

Førti minutt etter at ho forlét Oslo tingrett blei ho pågripen av sivilt politi. Tre politifolk stansa henne på gata.

No sit 25-åringen frå Nigeria på ei seng på utlendingsinternatet Trandum. Kleda ho har på seg er dei same som dagen ho blei arrestert.

Esther reiser seg frå senga og slår følge med vakta.

Dommen var nedslåande. UNE vann fram på alle punkt. Retten meiner lova er klar: Når Esther ikkje vitna i ei straffesak, har ho ikkje krav på opphald.

Retten styrer etter lovene som politikarane har sett, poengterer dommaren.

«Hvorvidt reglene slik de foreligger i dag fungerer etter sin hensikt og faktisk fører til at ofrene tør eller vil tørre å bistå politiet, er et spørsmål som faller utenfor rettens prøving», heiter det i dommen.

14. mai skal ho sendast ut.

Men to veker før ho skal sendast ut skjer det noko.

Familien i Nigeria tar kontakt. To menn skal ha oppsøkt heimen der dei bur. Dei flytta hit for nokre år sidan, då trugslane frå bakmannsapparatet var på det verste.

Berre mora var heime. Mennene skal ha spurt etter Esther, og sa dei visste at ho var på veg til Nigeria. Mora ville ikkje fortelja. Ifølgje faren blei ho banka opp og slengt i bakken. Mora blei utsett for vald, og blei innlagd på sjukehus med brot i eine foten.

Faren kontakta advokaten, og sende bilete av mora og ei legeerklæring frå sjukehuset.

Esther tar beskjeden svært tungt.

Hånes sender umiddelbart eit nytt krav om omgjering av vedtaket til UNE. Ho ber om at utsending blir sett på vent til UNE får vurdert kravet.

UNE avviser det tredje forsøket på omgjering kontant. Nemnda stiller seg tvilande til om skadane bileta av mora til Esther visstnok viser, faktisk er reelle.

Offer for menneskehandel på Trandum

VENTER: Esther saksøkte Noreg for å få bli. Ein time etter at ho forlèt tingretten blei ho arrestert.

Foto: Vegar Erstad / NRK

«UNE mener de nye opplysningene fremstår svært lite troverdige. UNE finner ikke at det er sannsynliggjort at skadene hennes mor skal ha fått, har årsakssammenheng med klagerens situasjon».

UNE meiner legeerklæringa, som er skriven av ein lege ved eit sjukehus i Nigeria, har liten verdi nettopp fordi han er skriven i Nigeria.

UNE tvilar ikkje på at mora har vore innlagd, men meiner korkje bileta eller legeerklæringen kan forklara ei samanheng mellom skadene ho er påført og bakmannsapparatet Esther fryktar.

Spesielt reagerer UNE på at det på bileta av Esther si mor, er venstre beinet som er bandasjert. Høgre beinet er skjult under eit teppe. I legeerklæringa er det høgre beinet som skal vera brote.

UNE stiller seg også skeptisk til at personar frå bakmannsapparatet skulle oppsøka Esther sin familie akkurat no. Spesielt sidan det er mange år sidan ho slutta å betala ned på gjelda si.

«Det foreligger ikke opplysninger som tilsier en endret vurdering av at klageren kan få effektiv beskyttelse i sitt hjemland».

I alle åra advokat Hånes har jobba med slike saker, karakteriserer ho denne saka som den definitivt verste å tapa.

– Eg er svært uroa for kva som vil skje.

Bak murar, piggtråd og flylarmen på Gardermoen sit fleire i same situasjon: Nigerianske kvinner som skal sendast ut.

– Dei lurte meg og sveik meg. Dei lovde å beskytta meg om eg fortalde om bakmannsapparatet, men etter å ha gjort alt dette får eg ikkje hjelp, sa Esther dagen etter at ho blei plassert på utlendingsinternatet.

Etter nesten to månader på Trandum er det hennar tur. Ho har fått innvilga hjelp frå organisasjonen IOM til å reisa til heimlandet.

Når flyet lettar frå Gardermoen 14. mai, forlèt Esther Noreg etter fem år. Etter fleire hundre horekundar.

Fleire hundre tusen kroner i inntening.

Pengar som hamna hjå ein bakmann. Som ho fryktar vil møta henne i Nigeria.

Kjelder:

Global Slavery Index, UNODC (United Nations Office on Drugs and Crime), Koordineringsenheten for menneskehandel (KOM), Transperancy International