Emilie Kvam
Foto: Tale Hauso / NRK

Emilie går på ein skule der alle har slutta

Emilie Kvam (17) hadde det tungt på vidaregåande. Så fann ho ein heilt spesiell skule.

– No må de stå opp, seier lærar Ørjan Hjeltnes.

Kvar morgon går lærarane rundt og sjekkar at ungdommane på internatet har vakna.

Sola skin og klassen skal ut med båt i Osafjorden i Hardanger. I går vart fleire teiner sett ut.

Emilie Kvam (17) sit framme i båten. Sjølv om solstrålane treff ansiktet, er dei rosa solbrillene plassert på hovudet. I dag er ein god dag.

Det er snart eitt år sidan ho takka ja til å byrje her.

Skulen ho går på finst det berre to av i heile landet. Klassen til Emilie er liten, med berre elleve elevar.

For Emilie blei valet ho tok eit pusterom.

Eit pusterom ho sårt trong for å få tilbake lysten til å gå på skule.

På den blikstille fjorden lyser ei raud blåse.

Den einaste lyden er motorduren frå båten.

Det er tid for å sjå om klassen har fått krepsefangst.

Emilie skal for første gong trekkja ei krepseteina.

Emilie må setja seg ned på huk for å klara å dra opp teina. Men ho skal få det til.

For ungdommane her er målet å delta, samarbeida og læra nye ting. Målet er ikkje å vera best.

Emilie kjenner på forventningspresset som er i samfunnet i dag. Ho synest det er vanskeleg å vera ung.

Vi møter Emilie på Hardanger produksjonsskule i Ulvik.

Produksjonsskule er eit konsept henta frå Danmark, og er enkelt. Det er retta mot ungdomar mellom 16 og 21 år. Dei som av ulike årsaker ikkje fullfører vidaregåande skule.

Tanken er å gje ungdommane eit pusterom. Samtidig skal dei gjera meiningsfylte oppgåver og produsera noko.

Det finst to slike skular i Noreg. Hyssingen produksjonsskule har sidan 2015 eksistert i Bergen. Hardanger produksjonsskule kom hausten 2018.

Skulane er på kort tid blitt ein suksess.

Likevel er framtida til det spesielle tilbodet uviss. Om få år kan det vera borte.

Når vanleg skule ikkje går

– No kjem den. Sjå det er to i teina!

I dag er Emilie er gira. På timeplanen står fiske. I teina er det to oransje kreps.

– Dei er litt skumle. Bit den meg om eg tar den i klørne?

Skulen har fleire ulike «verkstadar». Emilie har vald seg «Natur og miljø». Her er tanken å bruka heile naturen frå fjell til fjord.

Sjølv om ho smiler frå øyra til øyra, er det krevjande å vera med.

Emilie har i over fem år hatt den utmattande sjukdommen ME. Ho opplever å mista fullstendig energien, som om batteria er totalt flate.

Skulen vart vanskeleg. Niande og tiandetrinn på ungdomsskulen vart aldri fullførte.

– Det vart for mykje. Eg blei så fort sliten.

Emilie Kvam

NYSGJERRIG: Emilie er først litt skeptisk, men etter kvart skikkeleg interessert i det oransje leddyret.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ein skule utan karakterar

Starten på tenåra vart prega av turar inn og ut av sjukehuset og mange lange dagar heime.

Men Emilie ville prøva seg igjen. Ho starta på både hestelinja og på helsefag på Voss.

Det gjekk ikkje.

– Ofte kjenner eg på å ikkje strekkja til og ikkje vera god nok. Det er ikkje noko kjekt, seier Emilie.

Då ho oppdaga produksjonsskulen i fjor, bestemte ho seg for å prøva.

Ingen eksamen, lekser eller bøker. Her er det praksis som gjeld. Men ungdommane må følgja reglar og retningsliner. Kvar dag må dei stilla på arbeid.

– Her har eg ein kvardag eg meistrar og der eg får oppgåver som eg kan gjennomføra. Det er veldig godt, seier Emilie.

Målet til produksjonsskulen er at ungdommane skal kome tilbake til skule eller ut i arbeid.

13.301 står utanfor

Sjølv om det er gjort mykje for å hindra høgt fråfall, vart det i vinter registrert 13.301 ungdommar mellom 16 og 21 år i Noreg som er utanfor opplæring og arbeid.

Det er ungdom som ikkje har søkt, som har takka nei, ikkje møtt opp ved skule-/lærestart, som har slutta på skulen eller av andre grunnar ikkje er i opplæring eller jobb.

Men produksjonsskule kostar.

9,6 millionar kroner i året for å vera meir nøyaktig.

Kostnaden for Hardanger produksjonsskule er finansiert for tre år av Hordaland fylkeskommune. Kunnskapsdepartementet betalar også for prosjektet.

Alt tydar på at det er noko med skulen som fungerer.

Etter eitt år har 60 prosent av elevane på skulen i Ulvik søkt seg tilbake til vidaregåande skule.

Ein av dei er Robbin.

Han har vore ein rastlaus type. Konsentrasjonsproblem gjorde at han ikkje klarte å sitta stille ved skulepulten.

Robbin droppa ut.

Men på ein verkstad i Hardanger fann han seg sjølv og skulelysten igjen.

I verkstadsbygget heng ungdommane som går på mekanisk verkstad.

Her er det berre gutar.

Ein bil skal ha oljeskift og ein grudig service.

Ein gamal traktor treng og hjelp.

– Har du sett denne stilige veteranen, seier Robbin Kolltveit (17).

Med verktøy i handa og oljemerke på dressen er målet å få liv i den gamle traktoren.

Robbin byrja på studieførebuande, men det vart for tungt. For mykje teori og for mange prøvar.

Men på produksjonskulen fann han gleda i ha noko å henga fingrane i.

– Eg merkar no at eg likar betre å gjera praktiske oppgåver enn å skriva heile dagen. Her har eg alltid noko å gjera og lærar alltid noko nytt, seier Robbin.

Han løfter eit lokk på oljetanken på traktoren og kikkar ned.

– Dette året har vist meg at eg har andre moglegheiter enn eg visste om. I tillegg til at eg har fått mange nye vener. Det hadde eg ikkje forventa.

Robbin har service på traktoren

VEDLIKEHALD: Veterantraktoren må ha ein oljesjekk. Robbin har funne seg til rette på den mekaniske verkstaden.

Foto: Tale Hauso / NRK

På skulen er det ungdommar både frå by og bygd. Nokre med litt meir bagasje enn andre. Ungdommane kan melda seg på produksjonsskulen når som helst heile året.

Elevane bur på internat når dei går på skulen. Her jobbar det ti lærarar og instruktørar, inkludert nattevakt.

Skulen er bygd opp rundt fire ulike verkstadar, som elevane velja ut frå eigne interesser:

  • Natur og miljø
  • Mekanisk verkstad
  • Gardsbruk med fokus på Mat og grønt
  • Digital verkstad

Eitt år med olje og skiftenøkkel

Robbin har det siste året brukt tida på mekanisk verkstad. Skru, mekka, banka og bli kjend med olje, motorar og skiftenøklar.

Året har gjort at han har bestemt seg: Han vil byrja på Teknikk og industriell produksjon på vidaregåande til hausten.

– Eg skal klara det. Det er noko eg har blitt interessert i og eg er blitt meir motivert. Dette litt over halve året har vist meg at eg ikkje skal gje opp, seier han.

Andre treng meir tid.

Ein av dei er Emilie. Ho vil ta eitt år til på skulen i Hardanger.

– ​​​​​Målet er å verta frisk og å kunna arbeida. Eg håpar eg kan gjera det ein dag.

Men pengesekken for «dropout-skulen» kan snart vera tom.

Kokk Målfrid Hjeltnes og Emilie

MATMOR: Målfrid Hjeltnes (t.v.) er kokk på skulen og passar på at ungdommane får i seg både frukost, lunsj og middag.

Foto: Tale Hauso / NRK

Uviss framtid

Skulen har lovnad om støtte i eit år til. I 2020 blir Hordaland og Sogn og Fjordane til eit fylke, Vestland. Då er det usikkert kva som vil skje vidare med Hardanger produksjonsskule.

Dei som jobbar på skulen håpar på mange år med skoletrøytt ungdom.

– Alle ungdommane har hatt ei utvikling. Nokon er klar til å gå vidare, medan andre treng litt meir tid, seier Håkon Gjerde.

Han er rektor på skulen. Og meiner det er all grunn til å vera nøgd med det første skuleåret.

Gjerde meiner det er viktig at tilbodet får fortsetja utover dei tre åra dei er lova økonomisk støtte.

Draumen? At det skal bli eit fast tilbod i heile landet.

– Det vil alltid vera ungdommar som treng ei kursendring og som treng litt tid til å finna ut kva dei vil vidare med livet sitt, meiner Gjerde.

Ørjan Hjeltnes styrar verkstaden for natur og miljø. Han ser ungdommar som kjem til skulen etter lang tid borte frå skulen.

Elevar som har snudd døgeret og er oppe til langt på natt.

– No ser vi at dei kjem seg opp om morgonane og er med. Vi ser at det nyttar.

– Dei får veldig tru på seg sjølv. Sjølvtilliten veks. Det er veldig kjekt å sjå. Vi skal ta oss tid og bruka den tida som ungdommane treng. Det er viktig, seier Hjeltnes.

Vil bli ungdomsarbeidar

Emilie har søkt om å få gå eitt år til på produksjonsskulen. I sommar kom den gledelege meldinga:

Ho er ein av to elevar frå første året som får halde fram i skuleåret 2019/2020.

Opphaldet har motivert ho.

– No har eg lyst å bli barne- og ungdomsarbeidar, seier Emilie med eit glimt i auga.

Det første året har ho fått lov til å trekkja seg tilbake når det blir for slitsamt, og ta tidleg helg om ho ikkje klarar å gjennomføre heile veka.

– Det er eg veldig glad for, seier Emilie.

No håpar ho andre får sjansen til det same i framtida.

Gjengen i båten

POSITIVT: Lærar Ørjan Hjeltnes ser stor utvikling blant ungdommane på produksjonsskulen.

Foto: Tale Hauso / NRK