Eivind Gullberg Jensen
Foto: Halvor Folgerø / NRK

Historisk på verdas største scene

Eivind Gullberg Jensen blei første norske dirigent i legendariske Wiener Staatsoper. – Som å spele finalen i Champions League.

Halvor Folgerø

WIEN (NRK): Vi er i dirigentgarderoben i Wiener Staatsoper: Eivind Gullberg Jensen ser seg sjølv i spegelen. Snur seg i profil, og stryk ei solbrun hand gjennom dei svarte krøllene.

Snart skal den same handa styre orkester og solistar gjennom Puccinis opera Tosca.

Opp gjennom åra har folk som Gustav Mahler og Herbert von Karajan stått på nøyaktig same plass, og sett seg sjølv i kvitauga.

Kanskje har dei også kjent på nervane før dei skulle ut og bukke for verdas kanskje mest kresne operapublikum.

– Slikt kan eg ikkje tenke på. Det blir for svært. Eg må berre konsentrere meg, og fokusere på det eg skal gjere.

Det er som å høyre ein toppidrettsutøvar snakke. Og kanskje er ikkje den samanlikninga så dum.

– Så stort som det kan bli

Det han skal gjere, har ingen nordmenn gjort før han. Musikkprofessor Erling E Guldbrandsen ved Universitetet i Oslo seier det slik:

– Dette er så stort som det kan bli innanfor kunstmusikk og opera. Å dirigere i Wiener Staatsoper, er som å spele finalen i Champions League på San Bernabeo stadion i Madrid. Større blir det ikkje.

45-åringen frå Stord likar å jobbe under press. Det store internasjonale gjennombrotet kom i Paris, rett før jul i 2005.

Orchestre Nationale de France skulle spele Sjostakovitsj 6. symfoni. Dirigenten blei sjuk, og gode råd var dyre. Ei anna dirigentlegende, Kurt Masur, anbefalte 33-åringen frå Stord.

Han sa ja, og det neste halvanna døgnet kjem Eivind aldri til å gløyme.

I løpet av ein flytur og ei natt, måtte han lære seg heile den massive symfonien. Ei stor, tjukk bok full av detaljar, nøye nedskrive frå komponistens side.

I det han går på podiet, forventar både orkester og publikum med at han har full kontroll. Og ikkje nok med det, dei ventar også at han skal ha ein klår tanke om korleis han vil tolke dei mange detaljane. Korleis han vil gjere musikken til sin. For dei fleste høyrest det ut som eit mareritt.

– I slike situasjonar rekk du ikkje å bli nervøs. Alt går så rasande fort, og du må berre prøve å vere fokusert.

Eivind Gullberg Jensen i garderoben

HISTORISK GARDEROBE: Her i dirigentgarderoben i har nokre av verdas største namn i bransjen stått. Denne månaden var det norske Eivind Gullberg Jensen sin tur.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Utropt til stortalent

Nok ein gong kjem assosiasjonen til toppidrett. Det handlar om å vere godt førebudd. Om å takle nervane og presset. Vere best når det gjeld.

Kritikarane i Paris likte det dei såg. I februar året etter gjentok historia seg: Nytt innhopp med same orkester, på like kort varsel. Resultatet blei ståande applaus, og ein kickstart på turen opp i dirigentane sin eliteserie.

Musikkmagasinet Le Monde de la Musique utropte han til ein av verdas ti viktigaste unge dirigentar dei kommande åra.

Mykje kan tyde på at magasinet fekk rett. I løpet av dei siste tolv åra har Eivind dirigert i store opera- og konsertsalar over heile verda. Concertgebouw i Amsterdam og Berlinfilharmonien er blant namna som osar av prestisje og gammal stordom.

Men oppdraget i statsoperaen i Wien er likevel heilt spesielt.

– I grunnen er det rart at ingen nordmenn har vore her før. Wiener Staatsoper, med sin stolte historie, og med alt sitt gull og glitter, noko av det gjævaste og flottaste denne bransjen har å by på, seier Jensen.

Eivind Gullberg Jensen utenfor

WIEN: Statsoperaen i Wien er rekna som kanskje den aller beste scena innanfor klassisk musikk i verda.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Travel småbarnspappa

Livet som internasjonal dirigent er først og fremst hardt arbeid. Og mykje reising. Kor mange reisedøger han har i år, veit han ikkje sikkert, men på det meste har han vore oppe i over 200.

Av og til kan det bli einsamt.

– Det er klart eg saknar familien. Det blir mange døgn borte, og mykje å ta igjen når eg først er heime.

Familien tel fire barn, i alderen ni månader til 13 år.

Og ektefellen Mari Eriksmoen (34), mor til dei to yngste, har også ein internasjonal karriere som operasolist.

– Utan au pair, og god hjelp frå familien hadde det aldri gått, innrømmer Eivind.

Skal ein nå toppen som dirigent, krev det hundre prosent innsats og fokus. Det vanskelegaste er overgangen mellom borte- og heimebane. Å komme heim etter ein lang arbeidsperiode, og så plutseleg måtte omstille seg til fullt køyr som småbarnspappa.

– I løpet av sekund må du bryte ut av musikkbobla og stupe inn i ein kvardag full av lekser, foreldremøte, handballkampar, leik, venner, sorger og gleder. Det hender eg må ta ein timeout første dagen.

Eivind Gullberg Jensen under øving

DIRIGENTTALENT: Eivind Gullberg Jensen instruerer under øving i Wien.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Lærer musikken på spasertur

Før konserten i Wien er Jensen på spasertur i parken. Han likar å gå. Gjerne fort, og gjerne langt. Og som regel med musikk på øyra.

– Eg har ein app som registrerer alle rørsler. Så langt i år har eg gått 1000 kilometer.

Held han fram i same takt, vil han ha gått ein distanse tilsvarande Noreg på langs før året er omme.

– Eg brukar turane til å lære meg musikken eg skal dirigere. Det er ein enkel måte å jobbe på, utan å bli forstyrra av telefonar eller mail.

All gåinga har fått andre konsekvensar også. Fleire kilo lettare har han blitt på treningsturane.

– Eg merkar det godt på dirigentdressen. Den er blitt så romsleg at eg snart må få sydd den inn. Den sit ikkje som den skal lenger.

Sjølv for ein stjernedirigent er det mykje som står på spel i Wien. Og mykje som kan gå gale. Berre det å finne fram i Wiener Staatsoper kan vere ein prøvelse. Med NRK-teamet på slep, har han si fulle hyre med å finne vegen til dirigentgarderoben.

Huset er som ein svær labyrint, med gangar og trapper overalt.

Orkesteret får han ingen prøvetid med.

– Vi møtest for første gong på premieren, ja. Slik er det her i huset. Det er klart det blir nervepirrande.

Er det vanleg?

– Eg har ofte opplevd å ha lite prøvetid med orkesteret, men dette er første gongen at eg ikkje får møte dei i det heile. Å dirigere eit orkester for første gong, er som å køyre ein heilt ny bil. Du veit ikkje heilt kor clutchen tar. Er det er ein tung Mercedes, eller ein lett Ferrari Testarossa?

Eivind Gullberg Jensen skal spele på sjølvaste statsoperaen i Wien. Først må han berre finne garderoben...

SJÅ VIDEO: Eivind Gullberg Jensen skal spele på sjølvaste statsoperaen i Wien. Først må han berre finne garderoben...

Arva gamal diva-konflikt

Solistane er henta frå det internasjonale toppsjiktet. Spesielt den rumenske sopranen Angela Gheorghiu og tenoren Jonas Kaufmann frå Tyskland, er store namn i operaverda.

Det byr også på utfordringar for ein dirigent.

– Skal ein jobba med slike divaer, må ein vere litt psykolog også. Stryke folk litt med håra, og samtidig vere klar og tydeleg.

Eivind fortel om sterke kjensler. Både på – og ikkje minst bak scena. Under fjorårets Tosca i Wien, sat Eivind i salen.

Dei to stjernene var sentrale den gongen også. Etter tenoren sin tårnarie, fekk Kaufmann brakapplaus i fleire minuttar. Det enda med at han tok glansnummeret ein gong til. Til publikums glede, og sopranens store irritasjon.

– Angela Gheorghiu blei så sint at ho gjekk i garderoben. Og framsyninga måtte stoppast.

Denne årsgamle konflikten har Eivind Gullberg Jensen arva. Det merkar han godt på prøvane med stjernene.

Nokre timar med solistane er dei einaste førebuinga han får.

– Stemninga blir fort elektrisk, ja. Eg må ta eit val. Dersom publikum klappar like mykje som i fjor, skal eg då la Kaufmann ta arien sin om att? I så fall blir eg sikkert populær i salen. Men eg risikerer at Gheorghiu blir blodig fornærma igjen. Om eg i staden vel å slå av applausen, og gå vidare, risikerer eg at publikum blir sure, og buar på meg.

Det er slike dilemma eit dirigentliv byr på.

– Men vi får tru det går bra. Eg får berre vere litt romsleg. Ein enkel gut frå Stord kan vel ingen bli provosert av?

Snubla på veg opp scena

Endeleg er augneblinken komme. Eivind rettar på jakkeslaga, og sveivar litt i lufta med taktstokken. Så bankar det på døra. Eit signal om at alt er klart.

Den ærverdige salen er full av festpynta menneske. Folk som har betalt hundrevis av euro for billettane. Operapublikumet i Wien er i tillegg kjent for å vera nådelaust ærlege.

Dei kvir seg ikkje for å bue, om dei er misnøgde med prestasjonane. Med alt dette i bakhovudet, er det at Eivind Gullberg Jensen går mot podiet i Wiener Staatsoper. Ute i salen blir han blenda av det sterke lyset.

Og i det han skal stige opp på podiet, skjer det.

Han hektar eine foten fast i eit trinn, og snublar. Heldigvis klarer han å ta seg for, og unngår fallet. Han høyrer publikum le bak ryggen, og ser at orkesteret kvepp til. Men han ristar sjokket av, finn tilbake til konsentrasjonen og hevar taktstokken.

Eivind Gullberg Jensen snublar når han skal opp på podiet i statsoperaen i WIen.

SJÅ VIDEO: Her går det nesten gale før det i det heile tatt har starta.

Så er han i gang.

I løpet av dei første minuttane er det mykje han må finne ut av. Korleis er reaksjonstida til orkesteret? Er Wienfilharmonikarane ein Mercedes eller ein Ferrari? Kjem solistane inn når dei skal? Vil dramaet i kulissane komme til uttrykk på scena også i år?

To timar seinare, kjem det store spenningspunktet: Tårnarien til tenoren.

Han briljerer som venta, og applausen eksploderer. I minutt etter minutt rungar klappsalvene mellom søyler og gulldekorerte galleri. Eivind ser ut over orkesteret, og gløttar opp på solisten.

Frå salen kan det sjå ut som han er i tvil om kva han skal gjere. Han ser på klokka, og vekslar nokre ord med konsertmeisteren. Endeleg stilnar det, og han går vidare.

Slik såg det ut då norske Eivind Gullberg Jensen blei første nordmann til å spele på legendariske Wiener Staatsoper.

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut då Eivind Gullberg Jensen spelte på verdas største scene innan opera.

Ingen happy ending

Litt etter kjem sopranen inn der ho skal, og Eivind kan puste letta ut. Berre sjarmøretappen står att. Skjønt, noko happy ending er det ikkje snakk om i Tosca. Tenoren blir drepen. Og hans store kjærleik, sopranen kastar seg ut frå eit tak, og tek livet sitt, før det enorme plysjteppet set punktum.

Applausen talar sitt tydelege språk. Trampeklapp, jubel og taktfaste bravorop i minst ti minuttar. Gong etter gong må Eivind og solistane inn att på scena for å bukke. Dei to solistane og tidlegare erkerivalane held kvarandre i hendene og smiler.

Om det er ektefølt eller ikkje, speler mindre rolle no. Dama på setet framfor oss, er glad og rørt. Ho fortel at ho har venta i to år for å få høyra den store helten sin, tenoren Jonas Kaufmann.

I dirigentgarderoben møter NRK ein like lukkeleg nordmann. Han tar av seg den sveitte skjorta, og er eit einaste stort smil.

– No er eg berre fantastisk glad og letta. Eg skal innrømme at det var mykje å tenke på denne gongen.

– Det var herleg at det ikkje blei meir ugreie med dei to solistane. Og orkesteret er jo eit av dei beste i verda. Ein kombinasjon av Mercedes og Ferrari, vil eg seie. Lette, men også tunge på labben når det trengst.

Alt neste dag, får han handfast bevis på at arbeidsgjevaren er nøgd med innsatsen. Til hausten blir det da capo i Wien. Då er Eivind Gullberg Jensen hyra inn til nok ein Puccini-opera; denne gang La Boheme.