Olve Velve på tur med barnehagen
Foto: Richard Evanger / Privat

– I ei ideell verd er det heilt trygt i barnehagen. Men så skjer ting

Det tok over ti år før mora fekk ein grunn til å fortelje kva som skjedde då Olve (5) skada seg i skogen.

Lone Myrvold sit i sofaen heime på Stord ein kveld i januar 2019 og blar seg gjennom Facebook-feeden.

Nokre dagar tidlegare hadde ein eittåring blitt alvorleg skadd i ei ulukke i ein barnehage i Bergen. Han ramla ut av barnevogna han sov i. Fekk ein stropp rundt halsen. Seinare døyr han av skadane, men det veit ikkje Lone enno.

Lone stoppar opp ved ei NRK-sak om ulukka. Les gjennom kommentarane. Ho plar vanlegvis ikkje å skrive i slike kommentarfelt. Men no kjenner ho at ho blir både engasjert og irritert av det ho les.

I kommentarfeltet blir allereie skulda for ulukka fordelt. Passa ikkje dei tilsette godt nok på? Bør dei ikkje eigentleg få sparken?

Det er veldig lett å døme, tenker Lone. Ho bestemmer seg for å svare. Lone veit nemleg korleis det er. Ho har vore i same situasjon.

Ein gong var det hennar son det handla om.

Han var fem. Alltid på veg ein stad. Så høgt opp i trea han kunne kome.

Men det var før ulukka skjedde.

Lone på Facebook 230519

Turen

Det er fint vêr den oktoberdagen i 2005. Nokre av ungane i Litlabø barnehage på Stord skulle på tur. Like utanfor porten låg eit eventyr av ein skog. Med maurtuer. Klatretre. Ei bru å balansere over.

Ungane kjende vegen godt. Dei to vaksne som var med tok ofte ungane med hit. Slik at barna kunne meistre terrenget. For å teste korleis røter og mose kjennest under foten.

Planen denne dagen var å utforske skogen, ete nista ute, og så gå tilbake til barnehagen.

Ein av dei som sprang fyrst oppover grusvegen var fem år gamle Olve.

Saman med ein kamerat bygde Olve ei lita bru frå ein knaus til ein annan. Men trestokkane dei bygde med var rotne, og plutseleg gav dei etter. Det var ikkje høgt ned, kanskje ein meter. Men Olve fall og landa på skogsbotnen med hovudet ned.

Dei andre ungane ropte til dei vaksne at dei måtte kome.

Femåringen blødde frå leppa, men så ikkje ut til å vere alvorleg skada. Ikkje gret han heller. Men dei tilsette merka at han ikkje var seg sjølv.

Olve gjekk på eigne bein ned mot barnehagen. Ein av dei vaksne leia han bort til legekontoret like ved. Berre for å vere sikker.

Enno visste dei ikkje kor alvorleg skaden var.

Luftbobla på bildet

Det var nokre timar til Lone Myrvold skulle hente i barnehagen då telefonen ringde. Ho stod på kjøkkenet og skulle til å starte på middagen.

Det var måndag og Olve og dei to brørne hadde vore hos far sin den helga. Ho kan hugse at ho gledde seg ekstra til å hente.

På telefonen får Lone høyre at Olve hadde falle på tur i skogen og vore til lege. At han hadde blitt dårleg på legekontoret. Og at dei hadde sendt han til Stord sjukehus i ambulanse.

Lone kom seg raskt i bilen, men tenkte berre at «Ja, ja, no har Olve falle igjen».

Det var ikkje lange vegen til sjukehuset på Stord. Lone fann Olve, som blødde frå ei hoven leppe.

Lone og sjukepleiar stelte såret i leppa. Den blødde litt, men dei tenkte aldri at det kunne vere ein alvorleg skade.

Men på CT-bilda av hjernen såg legane noko. Noko som likna ei lomme med luft. Som dei ikkje skjøna kva var.

Og medan legane granska bileta, blei Olve dårlegare. Det blei vanskelegare å få kontakt med han.

Avgjera blei tatt. Olve måtte til Haukeland universitetssjukehus. Lone blei med i luftambulansen.

Far til Olve heiv seg i bilen og køyrde alt han kunne etter.

Pinnen

Overlege Frode Svendsen hadde sett mange skader gjennom fleire tiår som nevrokirurg. Kraniet til barn er mjukare enn hos ein vaksen. Han hadde fått inn barn med ein blyant i hovudet. Men ingen med så alvorlege skadar som den femåringen frå Stord kom inn med.

På Haukeland tok overlegen Lone til side. Han fortalde at luftbobla dei hadde sett på bilda på Stord sjukehus, var ein pinne. Inne i hjernen.

Lone tenkte at det måtte vere ei flis. Kanskje så stor som ei fyrstikk. Men pinnen var åtte centimeter lang og tjukkare enn ein kulepenn.

Den hadde treft Olve på undersida av leppa. Fallet hadde hatt nok kraft til at pinnen hadde trengt seg opp gjennom nasen og fleire centimeter inn i hovudet.

I andre enden av rommet blei Olve gjort klar til operasjon.

Legane måtte få pinnen ut.

Det tryggaste var å dra den ut same veg som den hadde kome. Men Frode Svendsen var redd det skulle starte ei styrtbløding i hjernen. Då kunne Olve døy.

Difor gjorde dei noko han ikkje hadde gjort på eit barn før. Dei skar ut ein bit av kraniet. Nesten heile panna blei opna opp og tatt ut. Slik kunne dei kome raskt til og stoppe ei bløding dersom det skulle skje.

Pinnen sat godt fast. Legen strevde for å få den ut. Men det gjekk.

Olve blei lagt i respirator som hjelpte han å puste. Dei torde ikkje vekke han før hevinga i hjernen hadde gått ned.

Olve (5) på Haukeland etter operasjonen

Olve blei haldt i kunstig koma etter operasjonen. Kirurgane hadde måtte skjere ut delar av kraniet for å kome til, og på bandasjen står det «minus pannelapp».

Foto: Privat

– Vi visste ingenting om korleis det ville gå. Han låg der og kjempa for livet sitt, og vi måtte berre vente til han vakna, seier Lone i dag.

– Eg tenkte ikkje på dei tilsette i barnehagen då. Dei dagane handla det berre om å eksistere.

På stuebordet heime på Stord ligg ei minnebok frå sjukehuset. Sjukepleiarane har limt inn bilde og ting frå vekene Olve låg der.

I ei mappe heilt fremst ligg pinnen. Den som hadde sitte fast inne i hovudet til Olve.

Fyrste gong Lone såg den var på sjukehuset etter operasjonen. Då hadde den ein fersk brotkant i den eine enden.

Pinnen hadde knokke tvert av då Olve fall på den. Den var ikkje synleg frå såret i leppa.

Det var difor ingen av dei tilsette i barnehagen hadde forstått kor alvorleg skadd han var.

– Eg var litt sint på dei då. Kvifor hadde dei ikkje passa betre på?

Kan eg ut og sykle, mamma?

Legane vekte Olve frå den kunstige komaen nokre dagar etter operasjonen.

Han var sjuk og kroppen uroleg. Heile han hovna så mykje opp at Lone var redd neglene på fingrane skulle sprette ut.

Etter ti dagar kom det enkle ord som «ja» og «nei». Men legane var framleis usikre på om hjernen hadde fått permanente skader.

Samstundes tikka sms-ane inn på mobilen til Lone frå folk på øya. Ho svara på så mange som ho orka. I dag er ho glad Facebook ikkje var noko ho måtte tenke på då.

Det gjekk nokre dagar til. Og så losna det.

Olve vakna til og sa at han ville ut og sykle. Beina gjekk i sjukehussenga. Han blei sur då han fekk høyre at sykling måtte vente.

– Då visste vi at han hadde språk, og at han kunne bevege beina sine.

Overlege Frode Svendsen sa at Olve hadde vore veldig heldig med plasseringa av pinnen. Den kunne gjort mykje meir skade.

Etter ei stund kom også luktesansen tilbake. Akkurat det hadde ikkje den røynde overlegen rekna med.

– Men barn har ei fantastisk evne til å reparere seg sjølv.

Ikkje lenge etter kunne Olve reise heim igjen. Rundt hovudet hadde han ein bandasje som heldt pannebeinet på plass.

Olve Velve på sjukehuset etter ulukka

I minneboka frå sjukehuset har femåringen fått smilet tilbake. Bandasjen rundt hovudet måtte han gå med i over eit år etterpå.

Foto: Privat

Dei som skulle vere trygge

Ti prosent av alle barnehagebarn skader seg i løpet av eit år. Men berre to prosent av skadane krev oppfølging av lege eller tannlege.

Dei mest alvorlege skadane skjer ute. Fallulukker, dei fleste av dei. Lik den til Olve.

Men i 2005 hadde ikkje Facebook kome til Noreg.

I 2019 kan alle meine noko om slike ulukker i kommentarfelta.

Saka om eittåringen i barnehagen i Bergen blir kommentert over tusen gonger på NRKs Facebooksider. Mange av kommentarane går på tryggleik i barnehagar og ansvaret til dei tilsette.

Olves ulukke kan ikkje samanliknast med den til guten som døyde i Bergen. Men Lone meiner likevel at ho kan lære oss noko viktig. Som å vente med å kommentere når noko er uavklart.

– I ei ideell verd er barna heilt trygge i barnehagen, men så skjer ting likevel. Og av og til får det forferdelege konsekvensar. Men eg skulda aldri på dei tilsette for det som skjedde. Det har ingenting føre seg.

Lone Myrvold, Olve Velve, Richard Evanger

Det er over ti år sidan dei såg kvarandre sist. No vil Richard Evanger vise kor ulukka skjedde.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Der det skjedde

Våren har spela alle eit puss, og snøen dekker bakken i skogen. Sidan sist Olve var her, har skogsmaskinar togge seg gjennom landskapet.

Men han kjenner seg att.

To meter framfor han går Richard Evanger. Han var ein av dei to tilsette som var med på turen. No vil han gjerne vise kor det skjedde – og forklare.

For det var ikkje langt ned frå steinen Olve stod på. Kanskje ein meter? Det var ingenting farleg ved leiken. Det stod vaksne like ved. Likevel skjedde det.

Olve nikkar, jo også han trur det var her.

Han er 19 år nå, men hugsar framleis noko av dagen. At dei leika og at han fall. Og at han sat på fanget til ein av dei vaksne medan det blødde frå nasen.

– Så tok du meg med på legekontoret. Der fekk eg lese Donald, seier han til Richard.

Richard har aldri kjent skuld for det som skjedde. Han veit at om ein skal unngå slike ulukker, kan ein ikkje ta med ungar i skogen.

– Men så skulda de foreldre heller aldri på oss, seier han til Lone.

Ei ruglete panne

Olve var så uheldig som det går an å bli, men også veldig heldig.

Under luggen ligg det einaste synlege teiknet på at det nesten gjekk gale. Ei ruglete panne med ein kant som nesten ikkje går an å sjå før han peiker på den. Olve synest den er alt for tydeleg.

I ryggen sit framleis eit dren fordi han i åra etter ulukka hadde for mykje væske i hjernen. Drenet leia overskotsvatnet bort. Verken Olve eller legane veit om han framleis treng det, eller om kroppen har ordna opp. Men det som fungerer, gjer ein ikkje noko med.

Det er dagar der Olve må legge seg ned, heilt stille, fordi det verkar i hovudet. Men det er det einaste. Han går på tømrarlinja og har planane for sitt eige hus klart i hovudet.

– Men eg tenker på ulukka når eg høyrer om andre ulukker der barn har skada seg.

Det same gjer Lone. Ho les framleis alle sakene om barn som skader seg i barnehagen, sjølv om det gjer vondt langt inni kroppen.

No vågar ho seg også ut i kommentarfelta.

For det gjeld ho. Det gjeld Olve. Og det gjeld Richard.

Ho har ei klar oppfordring til deg og meg om korleis vi snakkar om saker der barn har blitt alvorleg skadd.

– Det er så mange som er involvert. Både barnet, familien og dei tilsette i barnehagen. Då må ein tenke litt før ein hiver ut kommentarar. Ver heller litt raus, tenker eg...

Olve Velve og Richard Evanger
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK