Rudolf Schmitz montasje

Rudolf Schmitz levde for det nazistiske tankesettet. – Det var storarta for han i Noreg, menneska her var så ariske og «reine», fortel dottera.

Krigen var den beste tida i far sitt liv

Tyske soldatar forstod ikkje kva dei utsette nordmenn for, meiner dottera til soldaten Rudolf Schmitz. Ho skammar seg framleis over korleis han framstilte krigen og tida i Noreg.

Rudolf Schmitz var 22 år gamal då han kom til Voss og Noreg som soldat for det frykta Hitler-regimet sine militære styrkar i 1941. NRK har no fått innblikk i eit fotoalbum og eit soldatliv som dei aller færraste har sett frå innsida.

I heimen sin i Berlin finn dottera Dorothee Schmitz-Köster fram bilete frå faren Rudolf sitt liv. Eit langt liv, men der krigstida var åra som sette aller mest spor.

Og det var ikkje krig, konflikt og mørke minner som prega soldaten. Heller vart det opplevingar, reiser og kameratskap som sette minner hos ein ung soldat som var gjennomsyra nazist.

Far fortalde at krigen var eit eventyr, og den største tida i livet hans. Han var i Noreg, Nederland, Ukraina, Romania, Baltikum og Danmark, og fekk sett mykje av verda. Det var fine tider for han, seier dottera Dorothee Scmitz-Köster.

Dei private bilete har i 75 år lege godt innpakka i album og esker hos familien. Faren sitt fotoalbum frå krigens dagar på Voss var ein del av oppveksten.

Som den gong, ligg albumet framme når NRK er på besøk hos henne i familien sitt husvære i Berlin.

Forstod ikkje at alt var så harmlaust

Eit album med bilete av blide soldatar, og skiturar i flott natur. Rein idyll med alltid smilande menneske.

Men i barndomen var det alltid noko som skurra for dottera. For frå bestemora fekk ho samtidig historier om den konstante frykta for bombene og den raude armeen på marsj mot Berlin.

Gå til forsiden

Rudolf Schmitz sine bilete frå krigen på Voss

Tyske soldater på ski på Voss

Rudolf Schmitz sine bilete frå krigen på Voss

5 bilder

    For Dorothee vart dei ulike skildringane ein stor konflikt, der ho trudde mest på bestemora. Faren var mest opptatt av at han lærte seg å stå på ski, køyra bil og øva på militæraktivitetar. Historiene om krigen frå han handla om eit fint og roleg liv i to år.

    Men dottera kunne ikkje førestilla seg at krigen var så harmlaus, og kom i mange kranglar med faren.

    – Det var nok sant når far sa at krigen var flott for han. Kampane var over då han vart sendt til Voss, og dei var okkupasjonssoldatar. Det var liten fare for han.

    Faren opplevde at folk var snille og venlege mot han og dei andre tyske soldatane. Den 22 år gamle soldaten var plassert i Skulestadmoen leir, der det var 50 bygningar og plass til 1500 soldatar.

    Dorothee Schmitz-Köster hjemme i Berlin
    Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

    Harde kampar på Voss

    Totalt var det over 4000 tyske soldatar i dei tre leirane på Voss under okkupasjonen, fordelt på Bømoen, Tvildemoen og Skulestadmoen leir.

    Før Voss vart okkupert av tyskarane 25. april 1940, vart Vossevangen bomba sund og saman av tyske bombefly, tre dagar til endes.

    Då Bergen vart teken av tyskarane 9. april, vart Voss etter kvart eit nytt hovudkvarter for den norske motstanden for heile Vestlandet. Norske soldatar trekte seg austover langs Bergensbanen, og på det meste vart 6000 mann mobiliserte på Voss.

    Dermed vart Voss også eit militært mål for Tyskland.

    87 bygningar vart bomba i brann og flata med jorda. Ni menneske vart drepne i bombinga, og berre kyrkja, sparebanken og fengselet stod igjen på den vestlege delen av Vangen.

    Framleis finn ein udetonerte granatar på Voss, seinast i 2009.

    Bombingen av Vossevangen under andre verdenskrig

    BOMBINGA PÅ VOSS: Berre kyrkja, fengselet og sparebanken sto att på vestsida av Vossevangen etter tyskarane si bombing i 1940.

    Foto: Skredegård
    Kjartan Kvarekvål

    NABO: Kjartan Kvarekvål hugsar godt tida med tyskarane som naboar på Voss.

    Foto: NRK

    På landjorda vart Voss angripe frå tre sider, i eit såkalla knipetong-angrep. I vest langs jernbanen frå Vaksdal mot Evanger og Bolstad. I sør tok tyskarane seg frå Ålvik og over fjellet og nedover gjennom Bordalen. Det tredje angrepet kom i søraust frå Granvin og opp Skjervet, der dei møtte kampklare vestlendingar.

    1900 soldatar sette tyskarane inn i desse tre angrepa, og mange fall i dei harde kampane. Så mange som 30 tyske soldatar og fire norske skal ha vorte drepne i Skjervet. I kampane langs jernbanen skal 16 tyske soldatar ha falle for dei norske kulene.

    Å bli sendt til Noreg var som å vinne i Lotto. Alternativet var mykje verre.

    Ivar Kraglund, Heimefrontmuseet

    – Tyskarane oppførte seg fint

    Kjartan Kvarekvål (84) og Reidar Ringheim (82), som var smågutar under krigen, budde ikkje så langt frå Skulestadmoen leir.

    Tilbake i Skulestadmoen i dag mimrar dei to vossingane i dag om tida med tyskarane som naboar.

    Dei stadfestar at tyskarane oppførte seg bra, og at det gjekk greitt å leva side om side med dei frykta nazi-soldatane. Kjartan Kvarekvål hadde skulevegen sin tvers gjennom leiren, men slapp gjennom utan passersetel sidan han var for ung til å måtta legitimera seg.

    Rudolf Schmitz på ski i Noreg

    NORSK IDYLL: Rudolf Schmitz (i midten) vart til slutt lei den rolege tida som soldat på Voss, og reiste til austfronten for å kjempa.

    Foto: Privat / Schmitz-Köster

    – Dei var greie med oss, og av og til fekk me også noko av dei. Og det var gjerne sukkertøy, seier dei to.

    Meiner tyskarar i Noreg var heldige

    – Å bli sendt til Noreg var som å vinne i Lotto. Alternativet var mykje verre. Tyske soldatar var i all hovudsak trygge her, seier Ivar Kraglund, fungerande sjef for Hjemmefrontmuseet.

    Han er ikkje overraska over at soldatar som far til Dorothee beskriv tida i Noreg som den beste i livet.

    – Dei som kom hit var heldig. Det var nok verre å opphalde seg i Tyskland, som var utsatt for mykje bombing og uro. Soldatane i Noreg slapp unna mange av krigens verste sider.

    Historikar Lars Borgesrud fortel at tyske soldatar i Noreg også hadde det betre enn soldatar i dei fleste andre okkuperte land.

    – Her fekk dei god mat, forpleiing og hadde stort sett eit greitt forhold til nordmenn. Det var, med nokre få unntak, ikkje krigshandlingar her, forklarar han.

    Skjemst over faren

    Dorothee Schmitz-Köste fortel om ein far som verkeleg trudde på den nazistiske ideologien. Draumen om ein arisk dominans var også noko av grunnen til at han trivst så godt på Voss.

    – Det var storarta for han å vera soldat i Noreg, for alt var så «reint». Der var menneska var så ariske og reine i hans auge. Krigen var den store tida i livet, og den beste. Han hadde stor tru på tyskarane som det nye herrefolket. Raseideane stod veldig sterkt i sinnet hans.

    Dottera Dorothee derimot skjemdest over faren. Då ho sjølv vart vaksen prøvde ho å få han til å forstå at det han var med på var gale.

    Ho har skrive boka «Der Krieg meines Vaters», der ho blant anna prøver ho å få fram korleis det var for unge tyske menn som gjekk frå å vera naturinteresserte ungdommar til å bli ein del av det nazistiske krigsmaskineriet.

    Mange tyske soldatar forstod ikkje kva dei utsette det norske folket for under krigen. Det meiner dotter til ein soldat, som har skrive bok om faren sine opplevingar. Framleis skammar ho seg over at faren meinte krigsåra på Voss var den beste tida i livet hans.

    SE VIDEO: Dorothee Schmitz-Köste har skrive bok om faren si tid som soldat i Noreg.

    Sjølv hamna aldri Scmitz i noko som likna på skotvekslingar på Voss. Etter kvart syntest han det vart kjedeleg å plukka blåbær og leva fredelege dagar i Skulestadmoen leir. I oktober reiste han difor vidare, og var med i kampane på Austfronten i 1942.

    Han trudde heile tida under krigen at det tyske Riket skulle verta ein realitet. Han angra aldri.

    – Forstod ikkje kva dei gjorde

    For dottera er det framleis vanskeleg å fatta. Ho meiner faren og mange tyske soldatar med han aldri forstod korleis dei endra Noreg og det norske folk.

    – Han innsåg ikkje si rolle som soldat for ei okkupasjonsmakt. Han forstod ikkje kva dette betydde for nordmenn.

    Kraglund ved Hjemmefrontmuseet deler synet hennar.

    – Dei var i stor grad offer for eit regime, dei var her på tyske premissar og mange hadde nok ikkje ein grunnleggjande forståing om kva dei var med på, seier Kaglund.

    Likevel meiner Dorothee faren sitt liv og oppleving av Noreg kan vera godt for fleire å høyra, for å forstå korleis unge tyske soldatar tenkte om tida på norsk jord.

    – Eg trur denne måte å tenkja og handla på burde bli betre kjent for mange nordmenn.

    Ho fordømmer faren sine handlingar, og har alltid ønskt seg ein ting:

    – Det ville vore betre om han sa denne vesle setninga: Det vi gjorde var feil.

    Rudolf Schmitz

    NAZIST: Rudolf Schmitz si historie er ei viktig forteljing om korleis tida som okkupant kunne opplevast for unge, tyske menn.

    Foto: Privat / Schmitz-Kötzer