Lars Arne Nilsen

VIL STYRE: – I fjor la vi stort sett opp spelet etter kven vi spelte mot. I år vil vi i større grad styre kampane og spele vårt eige spel, seier Lars Arne Nilsen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Klar for nedturen

LA MANGA (NRK): Lars Arne Nilsen er ikkje sikker på at oppturen held fram i 2017. Brann-trenaren sette seg ned med NRK for å snakka om mål for året, talentsatsing og forholdet til media.

– Vi hadde ein utruleg flyt og entusiasme i fjor. Vi fortente sølvmedaljen, men mange av dei andre laga vil bli betre i år.

Lars Arne Nilsen har enno ikkje tapt to strake kampar med SK Brann. Han har tatt klubben frå kanten til avgrunnen til toppen av Eliteserien. Han vart kåra til årets trenar. Om det skulle byrje å butte sportsleg, med fleire strake tap, vil det vere ein ny utfordring for sotrastrilen.

– Eg veit det fort kan bli ein nedtur. Eg har førebudd meg på det. Men eg fryktar det ikkje. Slike ting må vi takle når dei kjem. Det er ein del av jobben.

Det vil bli meir attraktiv fotball, og vi kjem til å score fleire mål.

Lars Arne Nilsen

I angrep

Brann-trenaren lener seg tilbake i sofaen i ei av leilegheitene Brann disponerer under det ti dagar lange treningsopphaldet på La Manga, sør i Spania. Dagens trening er unnagjort, og Nilsen forklarer ope om tankane sine om årets Brann-lag.

Gjennom oppkøyringa har han ikkje sett spesielle faresignal om at Brann blir mykje dårlegare enn i fjor. Tvert om har han høgare ambisjonar for laget.

– I fjor la vi stort sett opp spelet etter kven vi spelte mot. I år vil vi i større grad styre kampane og spele vårt eige spel. Motstandarane må ta omsyn til oss. Det vil bli meir attraktiv fotball, og vi kjem til å score fleire mål. Men vi kan òg kome til å sleppe inn fleire.

Om laget ikkje vinn like mange kampar som i fjor, vonar trenaren at publikum vert nøgde med det dei ser på Stadion.

– I hovudet mitt speler vi offensiv fotball. Det er det vi vil. Ta større risiko og underhalde meir. Men vi må vere gode nok til det. Først og fremst vil vi vinne.

Men Nilsen meiner ein av og til må risikere å miste ein siger for å bli betre i framtida.

Vil ofre poeng

Nilsen ser på Brann som eit langsiktig prosjekt. Sjølv om det viktigaste er å vinne kampar, meiner han klubben må vere villige til å gå på tap i år for å bygge klubben.

– Å gje tillit til unge spelarar kan bety at vi mister poeng. Men det meiner eg klubben må vere villige til å gjere for å bygge opp talenta.

Til Spania har Brann med seg fleire juniorar. Både Marius Bildøy og Aleksander Fantoft har fått mykje speletid. Og austevollingen Halldor Stenevik er ein spelar Nilsen har sagt han vil bygge opp.

Fredrik Haugen

OPTIMIST: – Vi jobbar for at oppturen skal halda fram, seier Fredrik Haugen, her frå 1-1-kampen mot Haugesund på La Manga.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Om vi hadde nådd gruppespelet i Europaligaen, ville det ha vore enormt for klubben. Det kunne i stor grad ha berga oss økonomisk.

Lars Arne Nilsen

Herda av motgang

Mellom dei som spelar den nest siste treningskampen i Spania, har dei fleste opplevd både oppturar og djupe fall med raudtrøyene.

Brann har flaks som slepp tap mot Haugesund. Lite tyder på at dette er det nest beste laget i Noreg. Likevel fryktar dei ikkje at oppturen tek slutt.

– Eg er alltid optimist. Vi jobbar for at oppturen skal halda fram, seier Fredrik Haugen.

– Men Lars Arne Nilsen meiner klubben må vere klare for ein nedtur. Er den det?

– Vi rykka jo ned for to år sidan. Mange av oss har vore ute ei vinternatt før. Vi er klare for det som måtte komme, seier Haugen.

– Eg har tru på den mentale styrka i spelargruppa, seier Azar Karadas.

– Vi har blitt herda av oppturane og nedturane vi har opplevd. Men vi tenkjer ikkje at det skal bli eit tungt år.

Ikkje eit stabilt topplag

Brann har hatt ein varierande vinter. Stort sett har dei sett solide ut, men på La Manga kom to kampar der laget ikkje heilt fekk til spelet. Lars Arne Nilsen er klar på at klubben ikkje er eit stabilt topplag.

– Målet er å etablere Brann i toppen. Men vi har eit stykke igjen før vi er gode nok til å ta medalje år etter år. Likevel går vi alltid på bana for å vinne.

Han seier han har fire mål for året. Serien, cupen, meisterfinalen mot Rosenborg. Og den store draumen om Europa.

– Om vi hadde nådd gruppespelet i Europaligaen, ville det ha vore enormt for klubben. Det kunne i stor grad ha berga oss økonomisk.

– Prøver du å bygge eit lag som skal passe godt mot europeisk motstand?

– Vi prøver berre å bygge det beste laget vi kan. Den utfordringa tek vi når den kjem. Men for å nå langt i europacupen må vi ha eit solid forsvar. Det er framleis grunnmuren i spelet vårt.

– Hovudmålet for året er uansett å vekse som lag. At vi blir betre i alle spelets fasar. Klarer vi det, er vi på rett veg, sjølv om det ikkje skulle bli medalje i år.

Lars Arne Nilsen

STORT INTERVJU: Lars Arne Nilsen snakkar om forventningane til 2017-sesongen til Brann.

Sur på media

Lars Arne Nilsen meiner framleis han har draumejobben. Men på treningsfeltet på La Manga har han ikkje alltid vore i like godt humør.

Både BT og BA har skrive saker der det kjem fram at han ikkje har det beste tilhøvet til media. Nilsen innrømmer at han har reagert på korleis saker har blitt presentert.

– Det er ting eg meiner blir feil presentert. Då vert eg sur. Men det varer berre ein dag eller to.

– Kva saker tenker du på?

– Det er ikkje så nøye. Det er mest detaljar.

– Er det eit problem at forhold rundt Brann vert skeivt presentert?

– Media gjer ein viktig jobb. Det skal vere debatt om det som skjer i Brann. Og det er stort sett detaljar eg har reagert på.

Kjenner at han lever

Om to veker får vi dei første svara på kva sesongen 2017 byr på for Sportsklubben Brann. Sjølv om nedturen er venta, kvir ikkje Brann-trenaren seg for ei slik utfordring.

– Det er i motgang du kjenner at du lever. Då må du jobbe hardare enn elles. Det er lett å vere trenar i medgang, meiner Lars Arne Nilsen.

– Å jobbe saman i trenarteamet for å snu ein negativ trend, å stå i stormen saman, det er ein utfordring vi må takle. Å takle tap, kan gjere oss betre.

– Å kome ut av ein motgangsperiode, det er det herlegaste som finst.