Min stolne veslebror

Som femåring såg Juan broren sin bli bortført frå heimen i Colombia. I 30 år har han leita og lurt på kva som skjedde. Svaret fann han i Bergen.

Bergen, fredag 3. januar 2020: No er det like før. Juan kryssar over Fisketorget og går inn i dei tronge bergensgatene som minner han om heimbyen i Colombia.

Tallause gongar har han tenkt på det som no skal skje. På veslebroren Jhonatan.

Juan har snurra globusen heime og lurt på kvar i verda han er. Han har folda hender og bedt om at veslebroren har det bra. At han framleis er i live.

Gjennom dei siste 20 åra har han snakka med dusinvis med menneske som kanskje kunne hjelpe han på vegen. Han har søkt så mange databasar, teke kontakt med journalistar, prøvd å finne ut korleis broren kan sjå ut i dag.

Alt med berre eit einaste bilete, eit namn og eit barndomsminne til hjelp.

Mange har meint oppgåva var umogeleg. Men no har verda slutta å spinne.

Det kalde januarregnet slår over Juan Jimenez der han går gjennom gatene i ein liten by langt nord i verda. Han er ikkje kledt for været.

Alt er så annleis frå den korte barndommen dei delte, heilt til den augneblinken som endra liva til Juan og Jhonatan for alltid.

Då han rundar hjørnet til gata der dei har avtalt å møtes klarer han ikkje lenger å halde tårene tilbake. No skjer det endeleg.

Kidnappinga

Bogota, Colombia 1988: Familien på fem bur i eit lite hus med høge gjerde rundt. Sola skin nesten alltid her. Sjølv om mora Ana tek seg av fire små gutar åleine, klarer dei seg fint.

Familien bur i Bogota, i middelklassestrøket Minuto de Dios nord for sentrum av millionbyen.

Aerial view of the city of Bogota

Frå vindauget i andre etasje ser Juan ein mann som snakkar med Jhonatan. Han ser at den snart tre år gamle veslebroren blir med utanfor porten, og at dei går vekk saman.

Kidnappet - Boligen i Bogota

Litt seinare oppdagar dei andre at minsteguten ikkje er der.

Alt frå denne dagen brente seg fast i minnet til vesle Juan. Korleis stemmene ropte «Jhonatan, Jhonatan».

At dei lette under senga og i heile nabolaget. Korleis desperasjonen i familien vart stadig større.

Mora som var knust over at sonen hennar ikkje var å finne. Korleis ein klump av dårleg samvit festa seg i magen til Juan, og aldri slepte taket.

Denne kjensla vert ein drivkraft for Juan. Medan dei fleste meiner det er eit håplaust prosjekt å finne att Jhonatan, gjev ikkje Juan opp.

Han vil rette opp at han ikkje sa ifrå den gongen. Ein gong skal han finne veslebroren og ta han med seg heim.

Ein angrande syndar

Bogota, Colombia 1995: Det er sju år sidan Jhonatan vart bortført når familien får besøk.

Har ikkje Juan sett mannen ein gong før? Han som ringer på døra denne dagen og ber om å få snakke med mamma. 12 år gamle Juan hugsar godt tilbake.

Dette er same mannen som tok veslebroren hans. No har han noko han vil fortelje familien.

For første gong får dei ein forklaring på kva som skjedde med Jhonatan.

For dei andre brørne var tre år gamle Jhonatan sin pappa ein sporadisk stefar som kom på besøk i bland. Men så hadde noko skjedd, og stefaren hadde fått vite at han likevel ikkje var den biologiske faren til Jhonatan.

Dette skal ha gjort han rasande.

Mannen som no sit i stova til familien hevdar at det var den no avdøde stefaren som hadde gjeve han oppdraget.

Dei hadde forfalska papira. Difor fanga ingen opp at vesle Jhonatan ikkje frivillig var adoptert vekk. Kva som dreiv to menn til å kidnappe ein tre år gamal gut frå familien sin er den dag ikkje mogleg å vite for sikkert.

Kidnappet Stillbilde - begge guttene - fra privat samling

Mannen i stova til Juan sin familie har dårleg samvit. Men han ber familien om å ikkje uroe seg.

Han forklarer at Jhonatan vart levert til ein barneheim, og så adoptert til ein rik familie i USA. Mannen forsikrar om at guten har det bra. Og om at det vil vere nyttelaust å leite etter han.

Han ber om tilgjeving. Og mora tilgjev. Ho meiner Gud vil dømme. Og at Gud passar på Jhonatan.

Fargerik mellom dei grå

Stadlandet, 90-talet John Erik Aarsheim veks opp om lag så langt vest i Fastland-Noreg som ein kan komme. Berre eit par hundre menneske bur her, på ein stad kjent for storm og uver.

I den vesle heimbygda Årsheim finn han seg godt til rette. Han er aktiv i handball og i drama, og har mange venner. Til fest har han bunad. Mora skildrar han som «så fargerik mellom alle oss grå menneske her oppe».

Han er evnerik, og byrjar på skulen eit år før tida. Han får eit år på Årsheim skule før den vert lagt ned, så er det buss langs smale vegar til Stadlandet skule i nabobygda.

Kidnappet - Bilder fra Stadt

I barndommen er det viktigaste for John Erik å vere som dei andre. Han veit han er adoptert frå eit anna land, men snakkar ikkje eit ord av sitt eigentlege morsmål etter at han kjem til Noreg.

Han saknar ikkje noko, og i Noreg ligg mogelegheitene opne for han. Etter at han er ferdig med skulen vert det jusstudium. I slutten av 20-åra er John Erik Aarsheim etablert som forretningsadvokat i Bergen.

Det første minnet han har i livet er der.

Det første minnet i livet til John Erik er at han vert henta av sine norske foreldre. På ein barneheim i eit land som heiter Colombia.

Men Jhonatan kom aldri til ein rik familie i USA. I staden henta to norske foreldre han til eit liv i ei vestlandsk bygd.

Eit uønskt barn

Først som vaksen byrjar John Erik å tenke over kva det betyr at han faktisk er annleis. Kva betyr eigentleg det søramerikanske opphavet for kven han er?

Og kvifor ville ikkje dei biologiske foreldra ha han? Sjølv om han kjenner seg heilt norsk tenker han meir og meir på sitt andre heimland.

Som 30-åring reiser han tilbake til Colombia for første gong.

Her er det noko med lynnet og spontaniteten som han kjenner seg att i. Han elskar klimaet her rett ved ekvator. Men det er framleis så mange spørsmål.

Han vil sjå barneheimen i Ibaque, eit par timar utanfor hovudstaden Bogota. Han leverer til og med ei DNA-prøve til eit selskap som driv med slektsgransking.

Han leiter etter eit svar.

Men John Erik hadde aldri sett for seg det utrulege svaret på kva som eigentleg er historia hans.

Svar på ei bøn

Miami, 2. desember 2019: Juan Jimenez skrur på datamaskina si i leilegheita heilt sør i Florida, USA. Han har blitt 36 år gamal no.

Det har gått 14 år sidan han flytta til USA. Motivet var å leite etter veslebroren.

På desse åra har han slått seg opp som fotograf og skodespelar. Han har hatt hovudroller i filmar, han har til og med hatt sin eigen humorserie. Og han har fått sin eigen familie.

For han som vaks opp utan far er dottera det viktigaste i livet.

Men han har ikkje kome mykje nærare i å finne broren desse åra. Han er usikker på kva som vert neste steg.

Men han er urokkeleg i trua på at Gud har lova han at dei skal få sjå kvarandre igjen.

Difor vil han seinare sjå på e-posten han opnar som eit svar på ei bøn, ei guddommeleg handling.

E-posten er frå ein mann i Noreg.

Kan det verkeleg vere sant det avsendaren skriv? Juan er skeptisk.

Nordmannen forklarer på engelsk at han har fått svar på prøva si frå nettsida myheritage.com: Juan er halvbroren, nevøen eller onkelen hans.

Men stemmer detaljane? Var ikkje Jhonatan i USA?

Veslebroren ville vere 34 år no. Det er vanskeleg å sjå ut frå bileta om denne personen kan vere den same han sist såg som treåring.

Er det verkeleg mogeleg?

Juan har berre eitt bilete av broren frå tida i Colombia.

Først då han får tilsendt eit bilete av John Erik som treåring i Noreg forstår han at leitinga er over. Dette er broren hans.

Jhonatan er John Erik.

Det første møtet

Bergen, fredag 3. januar 2020: No er det like før. John Erik Aarsheim er nesten kvalm av spenning. Dette skal bli det første av fleire intense kjenslemessige høgdepunkt dei neste vekene.

Han har avtalt å møte Juan i ein restaurant i Vågsbunnen, den eldste delen av Bergen.

Her har dei fått låne eit møterom der dei kan få snakke andlet til andlet for første gong som vaksne.

Det har fått ein månad sidan John Erik fekk vite at han har ein familie. At han først heitte Jhonatan.

– Tida etter har vore så intens at eg eigentleg ikkje har fått tenkt så mykje over kva dette eigentleg betyr. Men i natt fekk eg nesten ikkje sove.

Juan kom allereie dagen før. Han ville ikkje bli møtt på flyplassen, men førebu seg litt. Han har jo sett for seg det som no skal skje så mange gonger.

Juan småspring opp dei siste trappene til rommet. Han har lengta i 32 år. Døra går opp.

Dei er både nære og framande etter eit liv i kvar sin verdsdel.

John Erik Aarsheim og broren Juan Jimenez smiler mens de ser inn i en telefon og tar selfie.

Leitinga er over. Juan har funne veslebroren sin.

Møtet har vore så uendeleg sterkt. Men det er ikkje det siste John Erik skal få oppleve denne vinteren.

Å bli kjende på ny

Men først må Juan og John Erik komme over det første møtet.

Dei er familie, men og framande etter eit liv frå kvarandre i ulike deler av verda. Det finst ingen fasit på korleis ein skal takle noko slikt. Det veit dei begge.

Dei rufsar kvarandre i håret, slik brør gjer. Det er nesten som om dei har vanskar med å ta inn over seg at dette faktisk hender.

Samtalen går på engelsk. John Erik har gløymd spansken frå barndomen.

– Vi må ha forståing for at dette er heilt nytt for Jhonatan. Vi har jo hatt han med oss heile liva våre. Vi har markert alle fødselsdagane hans med lengsel. Men han viste ikkje om oss. Ikkje før for ein månad sidan, seier Juan.

Den norske broren ser det slik: No har dei resten av liva sine saman.

– Eg hadde jo ei kjensle av å bli avvist av familien min. Men eg har aldri kjent meg så ønska som no.

Dei neste dagane er dei saman i Bergen.

Det er ein usedvanleg grå og regntung bergensk vinter Juan har fått sjå. Ute på gata lurer han på korleis broren held ut den norske vinteren.

– Ein blir jo vant til det. Men eg er mest glad i sol og sumar. Det har eg nok med meg frå Colombia.

Brørne er i ferd med å knyte eit brorskap som har vore borte så lenge. Men i Sør-Amerika ventar ei mor som lengtar etter å møte sonen som forsvann.

Vanskelege barndomsminne

Bergen, søndag 5. januar 2020: Dei sit ved matbordet. Det er kveld i Bergen. Frå leilegheita til John Erik og sambuaren kan dei sjå Fløibanen som dei tok tidlegare på dagen.

Dei har og sett hurtigbåten som byrja turen nær heimstaden til John Erik. No kjem båten inn Vågen i Bergen. Juan og John Erik har avtalt å ta reisa saman ein gong.

John Erik henter barndomsminner broren ikkje har fått ta del i. Før no.

"Dette er faren min som henter meg på barneheimen. Sjå kor beskyttande han er allereie då"

John Erik Aarsheim
Kidnappet Stillbilde - med far - fra privat samling

Jhonatan har fått ein ny familie. Han er på flyplassen, på veg til eit nytt heimland i Noreg.

Kidnappet Stillbilde - på gulvet - fra privat samling

John Erik viser Juan bilete frå ein lukkeleg barndom. Han har mange minne og bilete frå åra på kysten på Vestlandet. Her fekk han ein ny familie som er glade i den vesle guten som vart kidnappa frå heimen i Bogota.

– Dei veit at eg uansett kva som skjer vil eg vere sonen deira. Men det er viktig for meg å finne ut kvar eg kjem frå.

Medan familien i Colombia ikkje visste kvar Jhonatan var og berre hadde eit einaste bilete av han, var John Erik si verd på vêrharde Stadt. Det er ikkje berre enkelt for Juan å bla gjennom barndomsbileta til veslebroren.

– Det er så mange ulike kjensler. Eg veit ikkje kva eg skal seie. Det heile er som ei berg-og-dalbane. Men eg er glad for at Jhonatan hadde det bra i Noreg, seier Juan.

John Erik har samla kunst og fine møbel i den romslege leilegheita i Bergen sentrum. Han er ein framgangsrik advokat.

Har han fått eit betre liv i Noreg enn det han ville ha fått i Colombia?

Juan trur han veit.

– Det var Guds vilje. Og det var bra for Jhonatan. Det som var ei stor sorg for oss var ei velsigning for den norske familien hans. Men no skal dette bli ei god tid for alle.

Juan skal få oppfylt ønsket om å ta veslebroren heim til huset han vart stolen frå for 32 år sidan. Heim til resten av familien.

Den bortkomne sonen kjem heim

Bogota, 8. januar 2020: John Erik har inga aning om kva som ventar han. Storebroren hentar han på hotellet, og dei køyrer gjennom Bogota med politieskorte. Dette har han planlagt og organisert lenge. Alt må vere perfekt.

I bydelen Minuto de Dios står ein chiva, ein colombiansk «partybuss», klar. Om bord er det eit lite orkester.

Kvinna som mista Jhonatan skal no få møte John Erik.

Heile nabolaget er pynta for den bortkomne sonen som er komen tilbake.

Juan har oppfyld løfte han ga om at han skulle få lillebroren tilbake til mora.

32 år etter at han vart kidnappa herfrå, er Jhonatan endeleg heime.

Eit nytt heimland

Medellin, 16. januar 2020: Historia om Jhonatan løfter nokre vanskelege og viktige spørsmål for dei involverte.

Kven hadde Jhonatan vore om han hadde blitt hos den biologiske familien sin? Var det eigentleg til det beste for at han at han vart adoptert til Noreg?

Colombianarane meiner ingenting av det som har skjedd er tilfeldig. Dei meiner det er Guds vilje.

For den djupt religiøse Juan er det viktigaste at dette er eit vitnesbyrd om kva tru kan gjere.

Etter møtet med familien tek John Erik Aarsheim tid for seg sjølv. Han reiser rundt og gjer seg kjent med Colombia på eigen hand.

Han har sagt farvel til sin colombianske familie for denne gong. No har han tid til å reflektere over dei siste hektiske dagane.

Vi er med når han tenkjer over det han har vore gjennom dei siste vekene.

– Det var jo ein litt absurd situasjon. Men samstundes følte eg på eit vis at eg kom heim. Eg opplevde det som naturleg å vere der.

Ein ting la John Erik spesielt merke til: Kor lik han er den biologiske mora si, på så mange måtar.

– Både lynnet og veremåten er så lik at det er nesten skummelt. Vi har den same humoren, og ler til og med nesten likt. Og så liker vi den same maten, til dømes å dyppe pommes frites i majones.

Han ser på desse dagane med familien som ein start. Colombia skal for alvor bli hans andre heimland. Han planlegg allereie nye turar hit. Og no skal han lære seg morsmålet sitt for andre gang.

Tankane går og til kor annleis livet hans kunne ha vore.

– Det er eit vanskeleg spørsmål om det var til det beste slik det vart. Det som skjedde har vore utfordrande, men det ville nok livet i Colombia vore også. Så alt i alt trur eg at det har vore betre for meg å vekse opp i Noreg.

– Men noko klart svar på dette vil eg nok aldri få.

Jhonatan fått tilbake ein familie han ikkje visste han hadde.