Møllendal asyl, Bergen
Foto: Fotograf og år ukjent / Bergen byarkiv

Innlagde for onani og kjærleikssorg

Tvangstrøyer, isolasjon og opium. Om du var fattig og sinnssjuk for hundre år sidan, ville du truleg enda opp på ein stad som Møllendal asyl.

Det er julafta 1888 i Bergen. 29 år gamle «Anna» har dei siste åtte dagane hatt maniske anfall der ho har øydelagt møblar og klede, skreke og kjefta. Ho har knapt sove i det heile tatt.

Systra passar på henne. Dei har budd saman det siste halvåret, men no er det nok. Når julefreden er i ferd med å senke seg, orkar ho ikkje raseriet lenger og ber om hjelp.

Herifrå er det Fattigkassa som tar over. Jula ringer inn, og «Anna» blir sendt til sinnssjukehuset. Ho er framleis manisk når ho kjem til Møllendal asyl. Sengetøyet og kleda sine riv ho i stykke, før ho spring naken mellom veggane. Ansiktet er raudt og augo er blanke, ho nektar å sove.

Dei tilsette klarer ikkje å roe henne ned. Medan folk flest legg seg mette og gode etter julemiddagen, endar ho natta tvangsisolert på ei celle i asylet.

Der blir ho i 3 døgn og 14 timar.

Legen er sikker på at det må vere kjærleikssorg som har ført til denne plutselege ulukka.

Møllendal asyl blir siste stopp for henne. Ho reiser aldri heim, og får ikkje oppleve noko anna enn livet som pasient etter julafta 1888.

47 år seinare, i 1935, dør ho i ei seng på asylet.

Møllendal

​«Anna» budde 47 år på Møllendal asyl. Biletet er anonymisert av omsyn til mogelege etterkomarar.

Foto: Ukjent år og fotograf / Bergen byarkiv

Dei fattige fekk privat behandling

I norske arkiv står det hyllemeter på hyllemeter med personlege lagnader frå norsk psykiatri. Desse fortellingane er frå arkivet etter Møllendal asyl i Bergen som står i Byarkivet.

Møllendal asyl var eitt av to private sinnssjukehus i Bergen ved inngangen til 1900-talet. Dei blei finansiert ved at den kommunale fattigkassa betalte for opphaldet til sinnssjuke som kom i frå djup fattigdom.

– Utifrå dagens situasjon skulle ein tru at det var dei rike som fekk privat behandling, men slik var det ikkje. Dei som kom til Møllendal, var så fattige at dei absolutt ikkje klarte å ta hand om seg sjølv, fortel førsteamanuensis Svein Atle Skålevåg ved Universitetet i Bergen.

Dei som hadde litt betre råd, kunne betale si eiga behandling på første klasse ved det offentlege Neevengården sjukehus. Dei tilbaud einerom med flotte møblar og betre kost. Dei fattige måtte klare seg med enkle sovesalar på andre klasse.

Klassesamfunnet eksisterte i aller høgste grad også innanfor veggane i norsk psykiatri.

Møllendal asyl,
Foto: Ukjent år og fotograf / Bergen byarkiv

Konkurs og onani

I eit stort kvitt hus på adressa Møllendalsveien 69 låg asylet. Her budde 80 pasientar, 40 kvinner og 40 menn. På framsida var det ein hage delt i to, der kvinnene heldt til på ei side og mennene på den andre. Det var sunt for dei å vere utandørs, meinte legane.

Interiøret var spartansk. Enkle senger på sovesalar, nokre bilete på dei kvite veggane og langbenkar langs middagsbordet. Pasientane arbeidde, levde og sov tett på kvarandre. Det fanst også nokre celler der dei som blei for utagerande, blei isolert dersom dersom pleiarane ikkje klarte å få kontroll på dei.

Mange av pasientane levde årevis av liva sine på Møllendal asyl. Diagnosane deira minner lite om noko vi kjenner i dag. Mania, melancholia og dementia er ord som går att i pasientjournalane.

– Den same diagnosen kan bety svært forskjellige ting. Generelt betydde mania at pasienten var manisk og utagerande, medan melancholia betydde at han var deprimert. Dei som hadde dementia, hadde ei alvorleg svekking av den mentale tilstanden, men var ikkje nødvendigvis senil-demente. Mange hadde det som blei kalla «ungdomsdemens». Seinare blir dette til schizofreni, fortel Skålevåg.

Svein Atle Skålevåg, UiB

FATTIGE: Dei som kom til Møllendal, var så fattige at dei absolutt ikkje klarte å ta hand om seg sjølv, fortel førsteamanuensis Svein Atle Skålevåg ved Universitetet i Bergen.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Kjærleikssorg, religiøse grubleri, onani, overanstrengelse og konkurs kunne vere årsakar til at ein fekk psykisk sjukdom, meinte legane den gongen. Desse årsakene er ofte oppført i journalane frå Møllendal asyl.

– Det er tilsynelatande fantasien som set grensene for kva som kunne vere årsakar til at ein blei sinnsjuk. Jo lenger bak ein går, dess meir overraskande er grunnane dei opererer med, fortel forskaren.

Også arv blei ofte brukt som ei forklaring på sinnssjukdom.

– I denne perioden var det ein viss pessimisme som prega psykiatrien. Rundt 1850 trudde ein at pasientane kunne bli friske berre dei fekk kome på sjukehus, men det gjekk ikkje lenge før sjukehusa var overfylte og ein såg at langt ifrå alle blei friske. Rundt 1900 tenkjer ein difor at sjukdomen sit djupare enn ein hadde trudd og er ein del av arven til pasienten, fortel Skålevåg.

Akkurat rundt 1900 blir det diagnostiske kartet teikna på nytt, og ein deler pasientane inn i to hovudgrupper, slik som vi kjenner igjen frå i dag.

Mania og melancholia blir slått saman og blir dermed manisk depressiv eller bipolar. Delar av demensen blir til schizofreni.

Gjekk med sjelen i ei pakke under armen

For mange var også årsaken til at ein blei sjuk, eit mysterium. Ein av dei var tenestejenta «Ingeborg». Ho hadde eit tragisk, men også spennande liv.

Allereie som 18-åring reiste ho over Atlanterhavet til Amerika, truleg heilt aleine. Ho fekk arbeid som tenestepike på forskjellige stader i USA, før ho blei kammerpike til ei sangerinne som reiste rundt i Amerika og Europa.

Det omflakkande livet, mangel på søvn og stress skal ha ført til at ho blei innlagt på eit hospital i dårleg form. Ikkje lenge etter blei ho sendt heim til mor si i Noreg.

Det som skulle vere ei trygg havn, blei i staden starten på slutten.

Ho nekta å fortelje om det sjølv, men det blei sagt at ein mann hadde overfalt henne etter ho kom heim. Truleg var det snakk om ein valdtekt. Legen fortel nemleg at ho var redd, nervøs og søvnlaus fordi ho frykta at ho skulle vere frugtsommelig, eller gravid.

Etter dette er livet hennar ei einaste lang historie om innleggingar og utskrivingar frå forskjellige asyl i Noreg.

møllendal

​«Ingeborg» ville ikkje ete eller sove. Ofte gjekk ho med ein pakke under armen som ho hevda var sjela hennar. Biletet er anonymisert av omsyn til mogelege etterkomarar.

Foto: Ukjent år og fotograf / Bergen byarkiv

I 1906 kjem «Ingeborg» til Møllendal asyl. Ho rører knapt mat, berre vatn og kaffi. Søvnen står det også dårleg til med. Ho seier fleire gongar at ho ikkje ønskjer å leve lenger.

Tilstanden hennar blir tydeleg verre utover opphaldet. Ho hevdar ho ikkje har innvollar og at hjartet er ein svulst på hofta hennar. Sjela si har ho i ei pakke under armen.

Både dei andre pasientane og tilsette ved Møllendal synest ho var plagsom. Asylet forsøkte fleire gongar å få henne i privat pleie hos familien, men der var ingen som vile ta hand om henne. Ho var heilt aleine.

Som 62-åring blei ho utskriven utan å vere frisk. Vi veit ikkje kvar ho hamna, eller korleis det gjekk med henne etter dette. Til saman budde ho 26 år på Møllendal asyl.

Møllendal asyl
Foto: Ukjent år og fotograf / Bergen byarkiv

Skumle behandlingsmetodar

I likskap med «Ingeborg »budde mange av pasientane på asylet i årevis. Psykiatrien ønska at dei skulle delta i dei daglege gjeremåla og arbeide medan dei var innlagt. Syarbeid, klesvask, matlaging og reinhald var eksempel på arbeidsoppgåver dei kunne ha.

Arbeidsoppgåvene var ei blanding mellom eit sysselsetjingstiltak, tidsfordriv og behandling. Om det var effektiv behandling kan ein setje spørsmålsteikn ved, men det fins langt verre skrekkhistorier i psykiatrien på starten av 1800-talet.

– Rundt 1900 var det å leve på eit asyl med ein lege og orden rundt seg sett på som det viktigaste for å bli frisk. Tidlegare brukte dei til eksempel meir mekaniske behandlingsmetodar. På loftet til Mentalen, som var eit sinnssjukehus i Bergen sentrum tidlegare på 1800-talet, fann dei til eksempel tredehjul, svingmaskinar og korsfestingsapparat.

Desse opplysningnane kjem frå ein rapport skrive av Herman Wedel Major, som i 1846 inspiserte «dollhusa» (sinnsjukeasyla) i Noreg. Det blir ikkje skildra akkurat kva som var formålet med apparata, men illustrasjonar viser at tredehjul var eit hamsterhjul for menneske, medan svingmaskiner ser ut som ein slags stol-karusell.

Ei av bivirkningane skal ha vore oppkast. Sett vekk ifrå det namnet tyder på, er det usikkert kva som var formålet med eit korsfestingsapparat.

– Også badebehandling, som høyrest behageleg ut, var i bruk tidleg på 1800-talet. Nokre kunne ligge i badekaret ei heil veke, med ei plate over slik at berre hovudet stakk opp. Då blir det med eitt meir ubehageleg å tenkje på, seier Skålevåg.

.

Rosenberg asyl

TVANG: Det fanst få medisinar i psykiatrien rundt 1900. Opium og morfin blei brukt for å roe pasientane ned når dei var urolige. Biletet er frå Rosenberg asyl.

Foto: År og fotograf ukjent / Bergen byarkiv

Mange av dei eldre behandlingsmetodane minner meir om straff og tortur enn behandling for ein sjukdom.

– I ein periode spelte psykiatrien mykje på overraskingar. Det var ein tanke om at ein skulle «rykke» pasienten ut av tilstanden han var i. På eit sinnssjukehus i Tyskland hadde dei ei bru med ein fallem i parkanlegget, så når pasienten var midt på brua opna dei den og pasienten fall i vatnet. På slutten av 1800-talet er det ingen som trudde at dette vil gjere nokon friske lenger, fortel Skålevåg.

Det er svært få referansar i journalane til kva behandlingsform pasientane ved Møllendal fekk. Dette kan ha samanheng med at mange var så alvorleg sjuke at opphaldet på Møllendal blei meir oppbevaring enn behandling.

Opium og morfin

I dag finst dei ei lang rekke medisinar som hjelper mot psykiske lidingar, slik var det ikkje då. Opium, gjerne i form av morfin, var det viktigste medikamentet.

– Alle medikament som var i bruk, hadde som formål å roe ned utagerande pasientar. Det fanst ikkje medisin som betra sinnsjukdomen. Ein kan få forstopping av opium, så dei hadde nok også noko for å løyse det problemet, fortel Skålevåg.

Psykiatrien på dette tidspunktet var klar over risikoen for å bli avhengig ved bruk av desse tunge beroligande midla, men det var ikkje pasientane som var mest utsett.

– Det finst ein del narkomane på 1800-talet, og det er vanlegvis helsepersonell. Det eldste tilfellet eg kjenner til i Noreg er ei diakonisse som på 1910-talet mista jobben på eit norsk sjukehus på grunn av økonomisk rot og morfinisme. Det finst også dokumentasjon på morfinisme i dansk helsevesen frå rundt 1880, fortel Skålevåg.

Også forskjellige formar for tvang kunne nyttast for å få kontroll over pasientane. I ein pasientjournal ved Møllendal asyl blei ei kvinne lagt i tvangstrøye i 24 timar.

– Det var isolasjon på einecelle og tvangstrøyer som var mest vanleg. Før tvangstrøyene kom, hadde ein brukt lenker på pasientane, så det blei sett på som ei human utvikling innan psykiatrien, fortel Skålevåg.

Frå fengsel til asylet

På Møllendal asyl fanst det pasientar i alle aldrar. Den yngste vi fann, var berre 16 og eit halvt år då ho blei sendt til asylet.

Den 23 år gamle soldaten «Rasmus» var også ein av dei yngre pasientane ved asylet.

Han var korporal i militæret, men på grunn av «disiplinære forseelser» hadde han blitt dømt til 60 dagars isolasjon. Berre nokre dagar etter han begynte å sone straffa, dukka det opp mistanke om at han hadde psykiske problem, og ein lege blei tilkalla.

Etter å ha observert «Rasmus» i nokre dagar, konkluderte legen med at han hadde «tydelige tegn på mental forstyrrelse», og at han i tillegg leid av ein kjønnssjukdom som han ikkje skal ha fortalt om.

Legen sine skildringar om korleis han hadde det inne i fengselet, er tunge å lese: «Det synes ikke at være noget lyspunkt i hans sind, han taler om døden som en befrielse. Han har ikke sovet sidste nat og i dag ikke spist frokost.»

Som om situasjonen ikkje var dramatisk nok, kom også vaktmesteren i fengselet til legen med endå fleire opplysningar. «Rasmus» skal ha bede han om orsaking fordi han drap ein kaptein i militæret.

Legen bestemte seg raskt for å ta han ut av fengselet og inn til observasjon. I august 1889 kom han til Møllendal asyl i svært dårleg forfatning. Han var heilt sikker på at nokon forfølgde han, og heilt plutseleg kunne han bli utagerande og skrike høgt.

Då han blei innlagt, fekk han diagnosen melankolsk, men seinare blei han omtalt som dement med vrangforestillingar, altså nærare det vi i dag kallar schizofreni. Han var sløv og viste ikkje interesse for noko som helst. Som oftast stod han stille og samansunken.

Men så skjedde det noko som tyda på at det kanskje var håp for Rasmus likevel. Like før nyttår i 1889 såg han ut til å vere betre enn på lenge.

Nokre dagar virka han meir livlig, og blikket hans rørte seg meir enn før. Han viste interesse for det som skjedde rundt han, og han sa til legen at han ønskja å reise heim.

Berre ei veke seinare fekk han ønskjet sitt oppfylt. Mange av pasientane hadde ikkje familie som var villege eller hadde sjanse til å ta hand om dei, men det hadde «Rasmus».

Faren hans lova å passe på han, og 8. januar 1890 blei han utskriven på prøve. Korleis det gjekk, veit vi ikkje, men ein ting er sikkert, han kom aldri tilbake til Møllendal asyl.

Møllendal asyl

Å arbeide blei sett på som godt for helsa. Alt i frå handarbeid, fisking, gardsarbeid og klesvask kunne vere arbeidsoppgåvar for pasientane.

Foto: Ukjent fotograf og år / Bergen byarkiv

Diskusjonane går igjen

Påfallande mange av diskusjonane om psykiatrien i denne perioden kan vi kjenne igjen i dag. Mangel på behandlingsplassar går igjen, og heilt sidan den første lova om behandling av sinnssjuke kom i 1848, er ein bekymra for bruken av tvang ved sinnssjukeasyla.

– Eg trur definitivt at sinnssjukeasyla også fungerte som ein måte å stue vekk folk på. Særleg i England var det store offentlege diskusjonar der psykiatrien blei skulda for å låse inn folk som var heilt friske, fortel Skålevåg.

Også i Noreg fantest det slike debattar. Mellom anna hevda personar som hadde vore innlagt, at dei blei sperra inn utan grunn. Det finst andre som søkte Stortinget om erstatning for urettmessig å ha blitt lagt inn på psykiatriske sjukehus.

Stengd etter 97 år

I 97 år er dørene ved Møllendal asyl opne. Fleire tusen pasientar blei behandla der sidan brigadelegen Daniel G. Martens opna asylet i 1865. Hundrevis av dei levde store delar av livet sitt i det kvite huset ved Store Lungegårdsvann.

I 1962 blei psykiatrien i Bergen omorganisert, og asylet blei lagt ned. Frå då av var det Neevengården som skulle ta hand om dei sinnssjuke i Bergen. I 1972 blei namnet endra til Sandviken sjukehus, som framleis står utanfor bykjernen i Bergen.

Bygningen som stod i Møllendalsveien 69, er riven, og i dag står der ei grå karosseriforretning. Det er nesten ingenting som vitnar om tida, personane og livet som var, utanom nokre hyllemeter med bøker og brev i Bergen byarkiv.

Alle opplysningar om pasientane er henta frå journalar og protokollar frå Møllendal asyl sitt arkiv som står hos Byarkivet i Bergen. Namna til pasientane er anonymisert.