Hilde og sonen
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

«Ingen» visste at Hilde var blant dei fattigaste i Noreg

Åleinemora ville helst ikkje vere ei byrde for andre. Men om ingen visste, korleis skulle ho då få hjelp?

Hilde sat på foreldremøte for klassa til eldstemann. Han hadde akkurat starta i femte klasse, og læraren lista opp kva ungane trong.

Innesko. Gymsko. Støvlar. Ho la saman summane i hovudet. Tenkte at dette hadde ho faktisk ikkje råd til.

I fleire år hadde ho prøvd å skjule det. Frå foreldra i klassa, frå vener. Det var berre mor hennar som visste kor mykje dei sleit.

Gjekk det an å spørje om det held med eit par? Om gymskoa kunne brukast som innesko og omvendt.

Ville det gjort alt enklare?

Åleine om alt

Hilde (35) er åleinemor, og pengane strekk ikkje til.

I Noreg veks over 100.000 barn opp i familiar med låginntekt. Barn med åleineforeldre er ekstra utsett. Men mange av foreldra er flinke til å skjule kor vanskeleg dei har det.

For Hilde starta problema då ho blei gravid med fyrstemann for elleve år sidan. Ho var kvalm og blei sjukemeldt tidleg. Etter at han kom kjentest ikkje det nye livet slik det skulle. Fødselsdepresjon, sa legen.

Men plagene forsvann ikkje. Fødselsdepresjon blei til depresjon.

Før ho fekk barn jobba Hilde i fotobutikk. Ho elska det. Kontakten med kundane. Arbeidet på lageret. No orka ho ingenting.

Eit nytt opplegg med arbeidstrening frå Nav blei avløyst av det andre. Men ho kom seg ikkje tilbake.

Ho skjøna det ikkje sjølv heller. Kvifor det var så tungt.

Alle ekstra krefter blei brukt til å skjule kor vanskeleg dei hadde det.

Ho kjøpte inn kakemix eit halvt år før bursdagen fordi den kosta 20 kroner mindre. Laga lister over tilbod i avisene.

Det gjekk alltid på eit vis, men når pengane ikkje strakk til måtte ho spørje foreldra.

Så blei Hilde saman med barnefaren igjen. Det var enklare å vere to, også økonomisk. Ho blei gravid på ny, men forholdet rauk igjen.

Sonen hadde blitt åtte år, og ho hadde akkurat gitt bort alt babyutstyret, for ho skulle jo ikkje ha fleire barn. No måtte ho kjøpe inn alt på nytt. Det hadde ho ikkje råd til.

Alvoret seig innover Hilde. To barn med hennar økonomi var noko heilt anna enn eitt. Dette var ikkje var noko ho kunne planlegge seg ut av.

For fyrste gong kjente ho seg fattig.

– Det var flaut. Singel og åleinemamma. Igjen. Eg forstod korleis det såg ut.

Rottene

Babyen kom, og dei tre flytta frå hus til hus på Askøy. Med litt billigare husleige kunne ho kanskje klare å spare litt. Legge seg opp pengar slik at ting kunne bli betre.

Så fann ho det. Eit hus med god plass til alle tre, til 7500 kroner i månaden. Men draumehuset blei ikkje løysinga ho hadde håpa på.

Huseigaren hadde sagt at det var problem med vatnet. Det som kom ut av springen var ikkje klart, men brunt. Ho vegra seg for å bade ungane i det, men tenkte at dei berre måtte halde ut. Om det var dette som skulle til.

Vinteren kraup nærare, og det blei kaldt i huset. Dei sov på same rom for å sleppe å varme opp heile huset. Straum var dyrt.

I vaskekjellaren låg nyvaska ullklede til babyen. Bodyar som skulle varme den vesle, nye kroppen. Dei hadde kosta alt for mykje, men den norske vinteren krev ull.

Hilde hugsar enno dagen ho gjekk ned trappa for å hente dei. Ho løfta plagga opp og såg at dei hadde store hol i seg, alle saman. Noko hadde spist seg gjennom dei.

Om det var mus eller rotter visste ho ikkje. Men ho fann avføring i stova.

Ho forstod at dette ikkje kunne gå. Dei måtte flytte, igjen.

Askøy

Vest for Askøy ligg Fjell. På den andre sida ligg Bergen.

Kanskje kunne ho gitt sønene meir om dei budde ein annan stad?

Både Bergen og Fjell har tilbod til familiar og barn med låg inntekt. Tilbod ein må sjå langt etter på Askøy. Nabokommunane har aktivitetskort til barn frå familiar med dårleg råd, slik at dei kan svømme, gå på kino eller andre kulturaktivitetar gratis.

Men Hilde har budd nesten heile livet på Askøy. Det er her ho høyrer heime. Her vil ho at sønene også skal ha røtene sine.

Skulle det gå, måtte ho be om hjelp.

Ei annonse på Finn.no blei eit vendepunkt for Hilde.

Eldsteguten ønska seg mest av alt ein sparkesykkel.

Ho sat i sofaen heime og bladde gjennom Finn-annonsar då ho fann ein til 100 kroner. Det var pengar ho ikkje hadde. Men ho leita gjennom huset og fann 50 kroner i småmynt.

Ho hadde aldri bedt ein framand om hjelp før, men ho tenkte at ho ikkje hadde noko å tape. Så ho sende ei melding om at ho gjerne ville ha sparkesykkelen, men berre hadde halvparten av det den kosta. Forklarte situasjonen deira.

Dama bak annonsen svara at ho kunne få den for 50 kroner, så dei køyrde til Fjell og fann rett hus. Hilde rakk kvinna myntane, men ho la dei tilbake i handa hennar. Så spurde ho om guten også trong klede? For ho rydda i huset og vil gjerne gi dei bort.

Hilde køyrde tilbake til Askøy med ein lykkeleg åtteåring i baksetet.

– Det var då eg skjøna kva som skjedde om eg var ærleg.

Opplevinga gav henne mot til å leite etter andre som kunne hjelpe.

Ho fekk tips om ein organisasjon som delte ut matkasser, og fann KIL Fond Bergen og omegn på Facebook. Kjærleik, inkluderande og likeverd stod bokstavane for.

Ho tok sjansen på å sende dei ei melding.

30.APR 2018 KL. 23:29

Hilde Chatrine :
Hei! Kan jeg melde meg/oss på til å få mat hos dere? Vet ikke helt hvordan jeg går frem for jeg er ny innpå sidene deres :). Mvh Hilde

2.MAI 2018 KL. 17:55

Monika :
Hei. Takk for melding. Skal vi skrive deg opp til mat på fredag? Har du mulighet til å hente selv, og hvor mange er dere? Hører fra dere igjen.

2.MAI 2018 KL. 18:10

Hilde Chatrine :
Ja takk! Det hadde vært fint. Jeg kan hente selv, men hvor er det? Vi er 3, en voksen og to barn på 16 mnd og 9 år.

Svara kom frå ei som heitte Monika. Ho skulle kome til å bety meir for Hilde enn nokon av dei ante då.

Å starte på ny

Det har gått over to år sidan ho sende den. Meldinga som på mange måtar har endra livet hennar.

Gutane har blitt to og elleve år. Hilde har fått hjelp til å finne eit hus dei trivst i med grøne jorde rundt. Men ho klarer framleis ikkje ein vanleg jobb. No veit ho kvifor.

Ho har sjukdomen lipolymfødem, som får feittceller til å hope seg opp i kroppen. Smerter er vanleg. Det same er å kjenne seg trøtt og sliten. Legane har slått fast at ho ikkje kan stå i full jobb.

Nav meiner ho framleis bør prøve fleire tiltak for å kome delvis ut i arbeid. Men ho veit ikkje om ho orkar nye bedrifter, nye rundar med arbeidstrening. No ventar ho på at saka skal kome opp i Trygderetten.

– Det er jo ikkje det at eg ikkje vil jobbe. Det er berre det at eg ikkje blir frisk.

Nokon som forstår

I KIL Fond har dei bruk for ho likevel.

I dag køyrer ho saman med Monika Schelander, ho som svara då ho skreiv meldinga på Facebook, til Matsentralen i Bergen. Der kan organisasjonar hente mat frå butikkar og matprodusentar som elles ville blitt kasta.

Klokka er berre ni når dei opnar dørene. Hilde plukkar yoghurt og rømmegraut, druer og kålrot frå hyllene og stablar inn i bilen.

Frivillige står klare til å sortere maten. På kassene står namnet til familiane som skal ha dei.

Matkasser hos KIL Fond Bergen og omegn

Her kjenner eg meg ikkje annleis eller mindreverdig fordi eg ikkje har det andre har. Her har alle ei historie.

Hilde henter mat på Matsentralen i Bergen

Det kan vere vanskeleg å forklare. At ho orkar å jobbe frivillig, men ikkje å jobbe. Men til KIL Fond kan ho ringe to timar før og seie at i dag klarer ho ikkje å kome. Og folka der forstår.

Monika Schelander har også oppdratt to gutar åleine. Ho har også ein sjukdom som gjer at ho ikkje kan jobbe fullt.

Som Hilde har ho brukt mykje krefter på å skjule kor lite ho har.

Då sonen hennar blei tolv år, panta ho flasker for å ha råd til bursdagsselskap.

– Det er hardt å vere åleine med barn i Noreg, seier Monika.

Monika Schelander, KIL Fond Bergen og omegn

Monika Schelander starta KIL Fond fordi ho såg at familiar i nærmiljøet ikkje hadde råd til utstyr til ungane.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Gjennom KIL Fond hjelper ho familiar med klede og mat. Og ho ser på Hilde og dei andre frivillige at det er helse i å få lov til å hjelpe andre.

Hilde stablar fire fulle matkasser inn i bilen. På veg tilbake til Askøy stoppar ho og set kassene frå seg på trappene ho alltid køyrer innom.

Den siste kassa står det hennar namn på. Den skal ho ha til seg sjølv og barna.

Håp for andre

Hilde rekte opp handa på foreldremøtet og spurde.

Ho kunne tatt det opp med læraren etterpå. Men det var noko i henne som visste at det ville hjelpe om dei andre foreldra høyrde det.

Læraren svarte.

Jo, det gjekk an. Innesko og gymsko kunne vere dei same.

Og det blei enklare etterpå.

Økonomien er den same. Reknestykket går framleis ikkje opp. Men det har blitt lettare å invitere til barnebursdag heime med det ho har. Enklare å be om hjelp.

Hilde er glad for at ho valde å vere open.

– Eg er framleis redd for at foreldra i klassa hans skal sjå ned på meg, men eg prøver å gjere det beste ut av det.

No håper ho at det også vil hjelpe andre at ho er open. Kanskje vil ei anna mor eller ein annan far sjå at det finst andre som slit. At det går an å få hjelp.

– Innimellom tenker eg at eg ikkje orkar meir. Men eg må kjempe vidare for ungane. Andre tør ikkje ringe idrettslaget og høyre om dei har ordningar for barn med foreldre med dårleg økonomi. Det gjorde eg.

Måndag 26.august sender NRK1 folkemøte om sosiale forskjellar frå Korskirken i Bergen klokka 21.20.

Hvordan påverker politikken i Norge hverdagen til folk? 
I folkemøte om kampen mot sosial ulikskap, møtest politikere og publikum i Bergen. Med fokus på det lokale, viser vi hvordan politiske valg setter preg på hverdagen vår.
Programleiar er Ingerid Stenvold.

Hvordan påverker politikken i Norge hverdagen til folk? I folkemøte om kampen mot sosial ulikskap, møtest politikere og publikum i Bergen. Med fokus på det lokale, viser vi hvordan politiske valg setter preg på hverdagen vår. Programleiar er Ingerid Stenvold.