Yasir på Flesland
Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fekk aldri sjansen til å bli far til dottera si

Barnevernet meiner den tre år gamle jenta har godt av å vera med faren. Men ho vart plassert i fosterhjem lenge før Yasir (32) sleppte inn i Noreg. Dei to fekk aldri sjansen til å bli kjent, og no er han utvist.

14. september 2016: Han står på Flesland, på veg til Lahore. Bak seg har 32-åringen ei tungt lasta bagasjetralle, og ein tung kamp for å få vera far til dottera si. For to år sidan kom han motsett veg, frå Lahore til Bergen. Då var han for seint ute til å få omsorgsretten for jenta. No må han dra frå Noreg, for tidleg til å delta i ankesaka som kan gi han dottera tilbake.

Barnevernet overtok ansvaret for dottera hans den dagen ho vart fødd på Haukeland universitetssjukehus i 2013. Mora var psykisk sjuk, og Yasir fekk ikkje visum til Noreg før eitt år etter fødselen. Dottera har heile livet budd i beredskapsheim og fosterheim.

Nyleg gav Bergen tingrett Yasir auka samværsrett: Han og jenta får møta kvarandre åtte gonger årleg, mot berre tre-fire gonger før. Opptil to timar kvar gong. Seinare i haust skal Gulating lagmannsrett behandla anken i denne barnevernssaka. Men det siste året har Yasir budd ulovleg i landet medan han kjempa for omsorgsretten.

No har Utlendingsdirektoratet (UDI) vedtatt at han må ut av Noreg, med to års innreiseforbod.

«I løpet av dei siste månadane har han blitt tilkjent auka samværsrett av tingretten, og samstundes blitt utvist av UDI. Det er eit paradoks.»

Advokat Muhammad Siqab Rizwani

Seks dagar før: – Eg fekk ingen sjanse

8. september: – Eg har gjort alt barnevernet har bede meg om. Dei har berre gitt meg positive tilbakemeldingar. Likevel har dei ikkje gitt meg ein sjanse til å få omsorga for barnet mitt. Og likevel kastar Utlendingsdirektoratet (UDI) meg ut av landet. Det er så urettferdig, seier Yasir.

Yasir og Saima ser på fotografier

MINNER: Yasir og Saima ser på bilete frå dei få samværa dei har fått med si tre år gamle dotter.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Han sit i sofaen heime hos svigerforeldra sine i Åsane i Bergen, saman med kona si, Saima (36), og ein tolk. Det er seks dagar til han må forlata landet. Dei ser på fotografi av den vesle dottera si. Tilsynelatande vanlege familiebilete av jenta på pappas fang, eller på tur på Fløyen.

Men det som er foreviga, er dei sjeldne og korte samværa jenta har hatt med foreldra sine, sidan barnevernet kom og henta den nyfødde på Kvinneklinikken.

Yasir med dottera

EIT SJELDAN MØTE: Yasir har berre fått omlag fire samvære i året med dottera, opptil to timar kvar gong.

Foto: FOTO: Privat

Foreldra fortel ei historie som er både kompleks og full av paradoks.

(Av omsyn til 3-åringen, brukar NRK ikkje jenta sitt namn og foreldra sine etternamn).

– Dei lova oss støtte

Saima er fødd og oppvaksen i Noreg. Foreldra hennar er frå Lahore i Pakistan, men har budd over 40 år i Noreg. I 2012 var Saima på ferie i Dubai, og møtte Yasir, som jobba der. Seinare same året gifta dei seg i Pakistan og etablerte seg der. Snart venta dei barn.

Ho fekk råd frå legen om å kutta medisinbruken sin av omsyn til fosteret. Saima hadde i fleire år hatt ein alvorleg psykiatrisk diagnose, som vart halden i sjakk med medikament. Då ho tok mindre medisinar, vart tilstanden hennar forverra. Ho drog heim til foreldra for å føda i Bergen.

– Eg tenkte det var tryggare, og at det ville bli lettare å få hjelp, seier Saima.

I Noreg auka ho medisinbruken igjen, etter råd frå legar i Bergen. I tida fram mot fødselen tok barnevernet kontakt. Saima og familien følte dei var i trygge hender:

– Dei lova oss støtte og hjelp, og me kjende oss trygge på at ho var godt varetatt av både helsevesenet og barnevernet, seier far hennar, Haroon.

Henta barnet på Kvinneklinikken

Den dagen jenta vart fødd i 2013, vart ho tatt hand om av barnevernet som akuttplasserte henne i beredskapsheim.

– Eg låg i sjukesenga etter keisarsnittet. Dei kom og tok henne, og gav meg ei 50 siders saksmappe, seier Saima.

– Fram til då trudde me ho skulle få hjelp, men dei hadde andre planar heile tida. Den papirbunken hadde dei ikkje laga på éin dag, seier far hennar.

– Vi tok over omsorga for jenta fordi mora var psykisk sjuk, seier leiar Jan Helge Ringstad ved barnevernstenesta i Åsane bydel.

Jan Helge Ringstad

Barnevernssjef Jan Helge Ringstad i Åsane bydel meiner Yasir har god omsorgsevne men for lita tilknyting til dottera.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vurderte de Yasir som omsorgsperson?

– Nei, han var jo ikkje tilgjengeleg for oss.

– Kva med Saimas foreldre?

– Me vurderte at dei hadde for tett relasjon til Saima.

Barnefaren kom for seint

Yasir var framleis i Pakistan. Han hadde venta å få kona og barnet heim til Lahore igjen etter fødselen. No søkte han om visum til Noreg. Ikkje før sommaren 2014 fekk han midlertidig opphaldsløyve for eitt år. Då var dottera snart eitt år, og hadde allereie vore eit par månadar i fosterheimen der ho framleis bur i dag.

Yasir kom til Bergen berre nokre dagar før Bergen tingrett skulle behandla barnevernssaka deira. Kravet deira om å få dottera tilbake vart avvist. Foreldra fekk berre rett til samvær med jenta tre gonger i året, kvar gong i inntil to timar.

Yasir med dottera

FINE SAMVÆRE: Yasir har alltid fått gode tilbakemeldingar frå barnevernet etterpå.

Foto: FOTO: Privat

Sidan den gong har paret flytta frå kvarandre, men dei har kjempa vidare for å få omsorgsansvaret, og i alle fall meir samvær med dottera. Opphaldsløyvet for Yasir gjekk ut for eitt år sidan, men han har blitt verande.

– God omsorgsevne

Tidlegare i år var saka på ny oppe i Bergen Tingrett. Barnevernet uttalte då:

«Yasir fremstår som en fin mann som ønsker det beste for datteren. (..) Dersom han hadde vært etablert i Norge da barnet ble født, ville det offentlige antagelig ikke overtatt omsorgen, men dette var den gang nødvendig.»

Den sakkunnige psykologen meinte at Yasir «har grunnleggende gode forutsetninger for å være en omsorgsperson for barn (men) datteren kjenner ikke far, og far kjenner ikke datteren.»

Fekk auka samvære

Tingretten gav Yasir auka samværsrett – opptil åtte samvære årleg i inntil to timar kvar gong. Saima sin samværsrett vart derimot redusert frå tre til to gonger i året på grunn av hennar psykiske tilstand.

Saima

MISTA OMSORGA: Barnevernet akuttplasserte dottera hennar rett etter fødselen, fordi norskfødde Saima (36) var psykisk sjuk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Konklusjonen var likevel at det ikkje var til barnets beste å bli flytta frå fosterheimen til den biologiske faren sin. Heller ikkje denne gongen fekk foreldra omsorga for dottera.

Ifølge både barnevernet og Bergen tingrett har Yasir hatt så avgrensa samværsrett at han har lita tilknyting til dottera.

Saima er framleis sjuk, og ho og resten av familien ønsker derfor at Yasir får foreldreansvaret åleine.

– Det har eg tru på, sidan han er frisk, seier ho.

– Eg har eit lite håp, seier Yasir.

Fem dagar før: Det siste samværet

9. september: Yasir er på veg med gåve til dottera si. Dei skal møtast på barnevernskontoret i Åsane bydel. Det kan bli siste gong han ser henne på lenge.

Yasir utanfor barnevernskontoret

SISTE GONG: Yasir har kjøpt eit leikekjøkken som dottera skal få under det siste samværet før han blir kasta ut av Noreg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det er veldig vanskeleg for meg. For eg må tilbake til Pakistan, og barnet mitt bur i Noreg, seier Yasir på nølande men tydeleg norsk. I plastposen har han med seg ein stor flat pakke i gult gåvepapir.

– Det er eit leikekjøkken. Ho likar veldig godt å leika kjøkken.

Via tolken forklarer han at det å prata med dottera går lett:

– Eg snakkar norsk med henne. Me har ikkje problem med å skjøna kvarandre. Og så lærer ho meg nokre ord. Det har vore fine samvære. Og eg har alltid fått gode tilbakemeldingar frå barnevernet etterpå.

– Kor godt kjenner de kvarandre, med så få samvære de har hatt?

– Me har ein god tone, men eg må gjerne jobba hardt for å få merksemda hennar når me er i lag.

– Eg gler meg alltid lenge før eit samvære, og blir veldig glad av å vera der. Samtidig er eg jo trist innvendig fordi me møtest så sjeldan, men dei kjenslene kan eg ikkje fortelja henne om.

Yasir portrett

PRØVER Å SMILA: – Eg er glad men trist innvendig dei få gongene eg har fått møta dottera mi.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Forferdeleg oppleving

Før han skal møta henne denne dagen, veit han ikkje om – eller korleis – han skal snakka om at han må reisa til Pakistan.

– Det blir eit tungt møte. Men eg skal prøva å smila og gi henne ei god oppleving. Det må ikkje bli negativt i dag.

Men det vart det. Seinare på dagen ringer svigerfaren og fortel at Yasir er rasande og skuffa:

– Samværet vart ei forferdeleg oppleving! Dei fekk eit trongt, varmt og ukoseleg rom. Dei fekk ikkje flytta til ein annan stad, eller vera utandørs. Det vart ei hektisk og dårleg stemning. Han måtte avbryta samværet før tida.

Tre dagar før: Demonstrasjon

12. september: Denne dagen er det ei viktig muslimsk høgtid. I Vestlandshallen er om lag 3000 festkledde menneske samla til Id-feiring. Slekt og vener av Yasir har trykt opp plakatar og står utanfor då folkemengda kjem ut frå hallen.

– Me er svært kritiske til både barnevernet og UDI. Me gir oss ikkje sjølv om Yasir nå må forlata landet, seier svigerfaren Haroon.

Advokat Muhammad Saqib Rizwani i advokatfirmaet inSolidium representerer Yasir. Han meiner barnevernet og Utlendingsdirektoratet ikkje har samarbeidd for å løysa saka til beste for både jenta og foreldra:

– Han fekk ikkje visum før lenge etter at dottera var fødd, og dermed ikkje omsorgsansvaret. Nå blir han utvist, og får ikkje følga ankesaka i Gulating lagmannsrett for å få omsorga for barnet, og han får heller ikkje det samværet med dottera som dei to har krav på.

– Mellom to stolar

Rizwani meiner rigid byråkrati har splitta familien.

– Yasir fell mellom to stolar. I løpet av dei siste månadane har han blitt tilkjent auka samværsrett i tingretten, og samstundes blitt utvist av UDI. Det er eit paradoks.

Muhammad Saqib Rizwani

MELLOM TO STOLAR: Advokat Muhammad Saqib Rizwan meiner Yasir fell mellom to stolar på grunn av rigid byråkrati og manglande samarbeid mellom barnevernet og UDI.

Foto: NRK

Han meiner barnevernet burde spelt ei meir aktiv rolle.

– Dei har vore passive og har ikkje tatt initiativ overfor UDI. UDI har på si side ikkje tatt omsyn til barnevernsforholda. Styremaktene utviser ein ressurssterk og hyggeleg far med god omsorgsevne, slik at han og barnet mister all tilknyting til kvarandre.

Barnevernet: – Vi kunne gjort meir

Barnevernssjefen i bydelen, Jan Helge Ringstad, tar delvis sjølvkritikk.

– Vi kunne kanskje gjort meir overfor UDI. Men av omsyn til jenta er det ikkje eit tema for oss at ho skal bli ført tilbake til faren eller mora. Det er for stor risiko for jenta å bli flytta nå.

Når eit barn er så lite ved plassering, og har fått så god tilknyting til fosterfamilien, er det lite sannsynleg at biologiske foreldre får tilbake omsorgsansvaret. Så ærleg må eg vera.

– Men Yasir får gode tilbakemeldingar som omsorgsperson?

– Ja, både frå barnevernstilsette og frå den sakkunnige psykologen i tingretten. Men han og dottera har for lite tilknyting til at han kan overta omsorga.

– Kunne faren fått opphaldsløyve viss barnevernet hadde gitt han meir samvære med dottera?

– Då måtte han hatt like mykje samvære som er vanleg ved samlivsbrot – til dømes to overnattingar i veka og annakvar helg. Det er ikkje aktuelt i denne saka. Målet med samværa er at jenta skal ha kjennskap til opphavet sitt. Talet på samvære han har fått er tilstrekkeleg for eit så lite barn.

– Ikkje UDIs ansvar

Marit Holberg

KONSEKVENSAR: – Han har opphalde seg ulovleg i Noreg. Det får konsekvensar, seier einingsleiar Marit Holberg i UDI.

Foto: Nora Lie / UDI

I utvisingsvedtaket frå i sommar skriv Utlendingsdirektoratet:

«Det er ikke UDIs ansvarsområde å si noe om barnets omsorgssituasjon. (..) Hans tilknyting til barnet tillegges ikke avgjørende vekt.»

– Tar UDI omsyn til at vedtak i barnevernssaka og utlendingssaka gjensidig kan påverka kvarandre?

– Vi vurderer barnets beste i alle saker. Det er også gjort i denne saka, svarar einingsleiar Marit Holberg i UDI til NRK.

– Han har opphalde seg ulovleg i Noreg. Det får konsekvensar.

«Det vil vera til barnets beste om faren får bli i landet.»

Barnevernssjef Jan Helge Ringstad, Åsane bydel

Barnevernstenesta meiner derimot at Yasir burde få blitt i landet.

– Det vil vera til barnets beste, slik at han og dottera kan halda oppe ein viss kontakt med kvarandre, seier Ringstad.

Han meiner også at Yasir må få vera til stades under ankesaka i lagmannsretten.

– Utlendingsstyremaktene bør ta såpass omsyn at dei lar han få koma til Noreg under rettssaka.

– Eg har all mogleg sympati med denne mannen. Han har hamna i ein svært vanskeleg situasjon, seier barnevernssjefen.

Må søka frå Pakistan

Advokat Rizwani meiner det er svært viktig at klienten hans sjølv får vera til stades når lagmannsretten handsamar klaga hans i barnevernssaka.

– Det at han var til stades i tingretten førte til at han fekk utvida samværsretten sin. Det er vesentleg at retten får sjå at han er ein trygg og ressurssterk person.

Ifølge UDI kan han søka om midlertidig innreiseløyve for eit kortvarig besøk dersom det blir sett som nødvendig at søkaren er i Noreg under ankebehandlinga av barnevernssaka.

– Men det er eit absolutt vilkår at søknaden blir fremja frå heimlandet, ifølge Holberg i UDI.

Rizwani meiner det er illusorisk at Yasir faktisk får koma tilbake, når han først er sendt ut av landet, og når UDI vedtok utvising sjølv om dei kjende til anken i barnevernssaka.

– Når han blir utvist, risikerer han at heile kampen hans har vore forgjeves.

Ut av landet

14. september: Dagen for utreisefristen er komen. På fortauet utanfor flyplassterminalen står Yasir med bagasjen sin på trillevogna. Svigerfaren er der for å ta farvel. No ventar dei på politiet.

Yasir på Flesland

MÅ DRA ÅLEINE: Han kom til Noreg for seint til å få omsorga for dottera. Nå må han dra før barnevernssaka er avgjort i retten.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg håpar eg kjem tilbake snart. Nei, eg veit det, seier Yasir.

Han kjempar med å halda tårene tilbake.

– I Pakistan skal eg læra meg norsk 100 prosent, så kjem eg tilbake for å kjempa vidare.

Han fortel at han besøkte barnevernskontoret igjen i dag.

– Det vart eit fint møte med barnevernssjefen. Han føler med meg, og oppmuntra meg med at eg må få returnera til Noreg. Eg fekk ein klem av han, òg.

To sivilkledde politimenn kjem med ein brun konvolutt. Der ligg eit nytt, grønt pakistansk pass og dei nødvendige papira for at Yasir kan forlata Noreg etter eitt års ulovleg opphald i landet.

Svigerfaren gir han klem og kyss på kinnet. Yasir drar såkalla frivillig, men dei to politimennene følger han opp i avgangshallen. Klokka 14 lettar flyet.

Yasir og Haroon

AVSKILSKYSS: Svigerfaren Haroon gir ein siste klem før Yasir set seg på flyet til Pakistan.

Foto: Leif Rune Løland / NRK