Robin Dale Oen på Times Square
Foto: Ole-André Lagmanndokk / NRK

Eit løfte til ein bror

På grava til broren Alexander, gav Robin Dale Oen eit siste løfte. Fem år seinare har det fått hundrevis av ungdom ut i naturen.

NEW YORK/GULEN (NRK): Det er snart fem år sidan no.

11. mai 2012 vert verdsmeister Alexander Dale Oen gravlagt i Blomvåg i Øygarden. Åleine ved grava til broren gir Robin det løftet som no driv han. Det løftet som har ført ungdomsskuleelevar på så mange tokt i naturen.

Den visjonen dei hadde snakka om så mange gongar skal bli verkeleg. Det dei saman skulle gjere etter idrettskarrieren. Ungdom skulle få finne meistring i naturen. Slik dei to gjorde det.

Etter gravferda etablerer han «The Dale Oen Experience», DOE. I snart fem år har Robin jobba for å sette brørne sine draumar ut i livet.

Eit senter er etablert på Herdlevær, like ved heimstaden Oen. Hundrevis av unge har vore innom her. Andre har gått på ski over Hardangervidda eller reist på tøffe seglturar.

Men visjonen veks. No ser Robin ein mogelegheit til at stiftinga som ber familienamnet kan bli internasjonal.

Robin Dale Oen på graven til Alexander

2012: Det var her det heile starta, ved graven til broren Alexander i mai 2012.

Foto: NRK

Lar barn møte forsking

– Mange meiner nok at det me prøver å få til er galskap, at me er naive. Me prøver å få til noko som kanskje er umogeleg. Men det er vel derfor me får så mykje til.

Det er ein tidleg søndag morgon i januar. Ute er det regn og eit par plussgrader. Men det er ikkje vanskeleg å få 59 ungdomar opp frå dei varme soveposane i teltleiren ved Eivindvik i Gulen kommune.

Denne dagen har dei budd seg på lenge. I dag skal eit halvt år med førebuingar settast ut i livet.

– Det er vått i dag, så få på dykk godt med klede. Dei tolv første som er klare kan gå til båtane.

Alexander Dale Oen og Robin Dale Oen

TO BRØR: Brørne Alexander og Robin Dale Oen var svømmarar og toppidrettsutøvarar saman.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

Alle høyrer etter når Robin Dale Oen ber om ordet. Det er han som har laga valfaget elevane på Fjell ungdomsskule er med på. Og det er han som styrar det meste av opplegget.

Den tidlegare toppidrettsutøvaren sette fleire noregsrekordar i symjing. No driv han stiftinga «the Dale Oen Experience» til stadig nye mål. Og til nye hjørne i verda.

Med på laget har han fått ekspertar på teknologi, friluftsliv, naturvern og forsking. Elevane frå Fjell ungdomsskule er dei første i eit undervisningsopplegg Robin trur kan bli viktig for mange.

Dale Oen Experience i GUlen

GULEN: Dale Oen Experience starta med ein draum mellom to brør. No får det ungdom ut i naturen, som her i Gulen ein søndag i januar.

Foto: Ole-André Lagmanndokk / NRK

Ein visjon frå Øygarden

Sidan år 2012 har prosjektet sendt ungdom ut i naturen. I byrjinga var det vanskelegstilt ungdom som skulle oppleve meistring. No har det vakse seg breiare.

Målet er at dei som ikkje trivst i klasserom skal finne noko dei er gode til andre stader. Slik Oen-brørne gjorde i symjehallen og i fjæresteinane i Øygarden.

– Målet er at dei skal få eit møte med forsking. At me gjer dette slik at dei ser resultata av innsatsen sin. At dei opplever å vere med på noko meiningsfullt.

Elevane er delt inn i fem grupper. Somme dykkar eller køyrer minibåt, andre saumfer strendene, medan nokon tek seg av alt det praktiske på forskingsturen. Ungdomane skal lære seg samarbeid og at dei er avhengige av kvarandre.

Oppdraget er å finne ut kor mykje små plastpartiklar, mikroplast, som er i havet langs norskekysten. Dei trålar, noterer, plukkar boss og tek prøver. Ingen klager over regnet denne søndagen.

59 elevar frå Fjell ungdomsskule på forskingstokt i Gulen. Det er stiftinga Dale Oen Experiensce som står bak prosjektet som skal gje elevane ein meir praktisk skuledag.

Frå Øygarden til Manhattan

Robin Dale Oen kjem opp trappene frå undergrunnen. Han kjenner godt gatene i fasjonable Upper East Side på Manhattan i New York. Rett ved har blada starta falle frå trea i Central Park.

Men han skal inn ein stad der tida står stille. The Manhattan Explorers Club har sidan 1904 vore base for dei som har søkt verdas ytterpunkt.

Her var første mann på Mount Everest medlem. Og første mann til Sydpolen. Og første mann på Nordpolen. Og første mann på månen. Robin Dale Oen tek oss med forbi skiltet der det står "members only" og inn i fem etasjar med elfenbein, utstoppa afrikanske dyr, mørkt trepanel og tunge lærmøbel.

Det er som i ei anna verd. Her var Thor Heyerdahl, Fridtjof Nansen og Roald Amundsen medlemmer. Tesla-grundar Elon Musk og Virgin-eigar Richard Branson er her ofte. Det er og ein stril frå Øygarden med store draumar.

Andre medlemmar bad Robin om å fortelje om arbeidet til the Dale Oen Experience. Etter dette vart han sjølv tilbode medlemskap.

– Alle ekspedisjonane Robin Dale Oen har vore på kvalifiserer han til å bli medlem, forklarer Alexander Wallace, som er i styret til Manhattan Explorers Club i New York.

– Men vi er særleg begeistra for arbeidet han gjer mot unge. Difor prøver vi å støtte han med å få unge opptekne av forsking.

Robin Dale Oen i Explorer's Club i New York

OPPDAGAREN: The Manhattan Explorers Club er som tatt ut frå ei teikneserie eller ein eventyrfilm. Eitt av dei ferskaste medlemmene er Robin Dale Oen frå Øygarden.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Romfararar

I dag er det romfartsdag på klubben. Ein blid kar i blå skjorte med merket til NASA snakkar om reiser få har fått oppleve. Leroy Chiao har fem turar til verdsrommet. Med 229 dagar i verdsrommet er han ein av dei mest erfarne astronautane.

Det er han Robin Dale Oen har reist til New York for å møte. Han vil prøve å få ein ekte astronaut til Bergen for å snakke med norsk ungdom om kva som er mogeleg når du vil det sterkt nok.

Dei får fem minutt saman. Chiao får ein rask innføring om visjonar, «the Dale Oen Experience» og Øygarden.

– Dei har eit spanande opplegg, og vi dele fleire av dei same visjonane. Kanskje vi kan få til noko saman, vi får sjå, seier astronauten frå Wisconsin.

Robin Dale Oen er usikker.

– Han var hyggeleg og verka interessert. Men samstundes er det jo jobben hans å halde foredrag. Vi har ikkje pengar til å betale meir enn reisa til Noreg.

Alexander Dale Oen

MEISTEREN: Alexander Dale Oen er framleis Noreg sin aller største svømmar nokon sinne.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Mellom astronautar, oppdagarar, forskarar og pengesterke investorar leiter Robin Dale Oen etter dei som er villige til å vere med å løfte DOE til det neste nivået. Etter dei som kan sjå dei same mogelegheitene som dei to brørne frå Øygarden.

Kennedy sin gamle skule

Ekorn piler over store plenar. Staselege mursteinsbygg står mellom store lauvtre. Ein stor, svart bil svingar inn ved den godt vakta inngangen til den gamle skulen til John- og Bobby Kennedy.

Ut av den stig både Robin Dale Oen og klubbdirektør Alexander Wallace. Kontaktane i oppdagarklubben har kanskje opna ei dør. Dei er på veg til eit møte som kan endre framtida til the Dale Oen Experience.

Dale Oen på Riverdale skole i New York

NETWORKING: Vibeke og Robin Dale Oen har vore eit titals gonger i New York. Her i møte med rektor Dominic A. A. Randolp på Riverdale School.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Skulen Riverdale nord i bydelen Bronx er for dei aller rikaste i millionbyen. No er skulen kanskje interessert i eit samarbeid med ein liten organisasjon frå heilt vest i Noreg.

– Det vi prøver å få til er eit utvekslingsprogram. Tenk om klassar frå USA kunne reise til senteret vårt i Øygarden, seier Robin.

I ein og ein halv time snakkar dei med rektor Dominic A.A. Randolp. Om utdanning, skule – og kva the Dale Oen Experience kan tilby amerikanske skuleelevar.

-– Noreg er eksotisk. Vi er alltid på jakt etter nye opplevingar for elevane våre. Eg trur vi kan få noko til med the Dale Oen Experience, seier rektoren.

Skal DOE gå frå vanskelegstilt norsk ungdom, til privilegerte amerikanarar?

– Vi treng økonomiske støttespelarar som kan hjelpe oss nå fleire som treng oss, forklarer Robin Dale Oen. – Men eg trur og det er viktig å bringe ungdom frå fleire nasjonar saman. I alle fall slik det politiske klimaet er i dag.

The Dale Oen Experience har dei siste fire åra prøvd å hjelpa ungdom som ikkje kjem til sin rett i den tradisjonelle skulen. No håpar Robin å gjera ein skilnad langt utanfor landegrensene.

Robin Dale Oen knyt kontaktar med astronautar og

Eit familieprosjekt

Oen har mista tal over kor mange gongar han har vore i New York dei siste åra. Kanskje 13-15? Turane betaler han sjølv. Alle feriedagar går med til prosjektet. Denne gongen er og kona Vibeke Dale Oen med. Og ho er sterkt engasjert i DOE. Dei har slutta å halde oversikt over kor mange timar dei bruker på stiftinga.

– Dette har blitt eit felles prosjekt i familien. Eg og Robin deler dei same tankane og visjonane rundt dette, seier Vibeke.

– Om det er verdt det? Det svaret har vi ikkje enno.

Robin meiner at han er heilt avhengig av kona skal DOE halde fram.

– Vi utfyller kvarandre. Vibeke er fantastisk til å organisere og halde struktur på ting. Eg er meir den som trur alt er mogeleg og køyrer på der andre ville stoppa

Russland og USA i Bergen

Eit av årets mål er ein stor konferanse i Grieghallen. 9. februar er elevar frå alle vidaregåande skular i Hordaland invitert til å få vite meir om forsking og natur. Det kjem foredragshaldarar frå heile verda.

Elevane frå Fjell ungdomsskule får ei viktig rolle. Dei legg fram resultata frå jakta på mikroplast i Gulen, og fortel om skuleåret sitt.

– Denne konferansen har vore ein draum. Alle aktørane har vore positive. Er det ikkje fantastisk at me når ut på denne måten, spør Robin Dale Oen.

Fleire draumar er i ferd med å bli oppfylte. Russiske elevar kjem til konferansen. Og frå Riverdale i Bronx har han nettopp fått beskjed om at skulen sender ein delegasjon med både ungdom og vaksne med tanke på å få til eit langsiktig samarbeid.

Robin og Vibeke Dale Oen

NEW YORK: Vibeke og Robin Dale Oen har vore saman om det meste i prosjektet sidan Alexander sin død. – Han jagar stadig nye personlege rekordar i dette, seier kona om Robin.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Motivasjonen

Kva er det som får Robin Dale Oen til å ofre så mykje for å gjere the Dale Oen Experience stort? Sjølv meiner han løftet han gav broren framleis er viktig.

– Eg snakkar ofte om Alexander. Det som skjer er heilt i hans and. Eg liker ikkje å snakke om korleis eg kjenner på det at han døydde. Men eg veit at sorga er lettare å handtere når vi framleis har dette felles prosjektet.

Vibeke hadde og eit nært forhold til ektemannen sin veslebror. Men ho trur det no er toppidrettsutøvaren som har tatt over i ektemannen.

Robin Dale Oen

FEKK PRIS: Alexander Dale Oen fekk prisen for «årets forbilde» på Idrettsgallaen i 2013. Robin tok imot prisen for broren.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Det var sikkert bortgangen til broren som var viktigast i byrjinga. Men han har jo tatt sorgprosessen mykje lenger enn det som er normalt. No trur eg det mest gjeld å nå eit mål. Så er det å finne eit nytt. Det blir å jage stadig nye personlege rekordar.

Det kan bli nye persar for the Dale Oen Experience. Prosjektet er no i ferd med å bli større enn det sjølv to brør frå Øygarden drøymde om.

Sjå dokumentaren om Alexander Dale Oen:

Alexander Dale Oen gikk bort den 30. april, bare 26 år gammel. 
Han rakk likevel å bli en av Norges største idrettsutøvere gjennom tidene, med OL-sølv og VM-gull i svømming, verdensidretten Norge aldri tidligere har hevdet seg i. Vi minnes livet og karrieren til en som berørte en hel nasjon, så vel som idrettsmann som menneske. Programmet er ved Håvard Bergheim, Andreas Stabrun Smith og Jan Petter Saltvedt.

VIDEO: Sjå dokumentaren om Alexander Dale Oen frå 2012.