Alf Lund og Olaf Brattland ved Hellevassbu

TILBAKE: Alf Lund og Olaf Brattland er tilbake på Hellevassbu, der dramatikken utspilte seg for eitt år sidan. – Eg er heldig som er her i dag, seier Alf.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Då hjartet stansa på høgfjellet

Alf Lund hadde redda folk i fjellet i 40 år. Ein vårdag i fjor låg han sjølv og kjempa for livet på 1200 meters høgde.

«Pasienten har fått hjartestans.»

– Å få den beskjeden frå redningsmannskapa er det verste eg har opplevd. Heilt jævlig.

Det var 3. mai for snart eitt år sidan, og sjukepleiar Merethe Instanes Lund gjorde seg klar til å gå på jobb.

Då kjem telefonen ho aldri gløymer: Faren hennar kjempar om livet høgt til fjells, der han sjølv har berga mange andre.

Tobarnsmora jobba for tida på AMK-sentralen i Haugesund. Der går jobben ut på å ta imot nødmeldingar, og koordinere redningsaksjonar.

Akutte situasjonar høyrer kvardagen til. Men det som skal skje denne dagen, kan ingen menneske førebu seg på.

– Det gjer det ekstra spesielt, seier Merethe.

– Det gjer det ekstra spesielt.

Ein historie om marginar

Den dramatiske maidagen i fjor var Alf Lund (62) på veg inn over landskapet, langt sør på Hardangervidda. Saman med Olaf Bratland er han på jobb for Statens naturoppsyn.

Vêret var ikkje det beste. Dei nærma seg turisthytta Hellevassbu på 1200 meters høgde, då skodda møtte dei.

Ein grauttjukk vegg, som gjer sikten minimal. Dei to erfarne skuterkøyrarane måtte bruke både tid og kløkt for å finne vegen.

– Det var heilt merkeleg. Lenger inne på vidda skein sola, mens skodda omringa oss på alle kantar, minnest Alf.

Alf Lund og Olaf Bratland ved Hellevassbu

MARGINAR: Alf Lund og Olaf Bratland (til høgre), tilbake på Hellevassbu, der Alf hadde marginane på sin side.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Like bortanfor DNT-hytta ved Hellevassbu dreiv dei to oppsynsmennene med oppmålingsarbeid då Alf klaga over vond i magen.

– Eg tenkte først det var noko han hadde ete, eller at han mangla mat. Men så såg eg han kaldsveitta, og forstod at dette var alvor.

Tilbake på turisthytta, la Alf seg på sofaen, medan Olaf gjekk for å ringe etter hjelp.

– Kva om det verst tenkelege skjer? Det er klart eg tenkte den tanken. Eg skjøna fort at dette kunne bli farleg, så eg var aldri i tvil: Her var det berre å få tak i helikopter.

Ved Hellevassbu finst ikkje telefondekning. Men som oppsynsmann er Olaf utstyrt med satellittelefon. Problemet er berre at tresifra nødnummer, som 113, ikkje fungerer på slike telefonar.

Eit lite innslag av flaks gjer likevel at dei raskt får varsla hjelp.

– Det som berga oss, var at vi hadde redda ein forulykka skiløpar to veker tidlegare. Då hadde vi ringt direkte til vakta ved AMK, så det nummeret låg heldigvis lagra i telefonen. Dermed fekk eg varsla, og håpa på at hjelpa kunne vere på plass innan ein times tid.

Følgde faren sin kamp for livet

I Haugesund var dottera Merethe på telefon med sjefen på AMK-sentralen.

– Han fortalde at det er sett i gong redningsaksjon for ein pasient som truleg har fått hjarteinfarkt ved Hellevassbu, og at pasienten er pappa.

Medan faren kjempa for livet, fekk Merethe valet: Å vere heime eller dra ned på jobb og følge dramaet.

– Eg blei naturlegvis fritatt frå å jobbe, men valde likevel sjølv å dra ned på AMK. Der fekk eg sitte på såkalla medlytt, det vil seie at eg høyrer alle beskjedar som blir gitt.

Slik vart Merethe vitne til heile redningsaksjonen, som skulle vise seg å bli både dramatisk og tidkrevjande.

Herifrå vart ho vitne til ein aksjon der redningshelikopteret måtte gje opp fleire gonger, og nære kollegaer av faren skulle spele ei nøkkelrolle.

– For meg kjendest det trass alt betre å vere til stades der informasjonen kom, sjølv om det var beintøft.

Frå AMK-sentralen heldt Merethe også resten av familien oppdatert om situasjonen undervegs.

– Eg måtte informere både mamma og systera mi, og passe på at dei ikkje var åleine. Eg visste jo at dette kunne gå begge vegar.

Merethe Instanes Lund

DRAMATISK: Merethe Instanes Lund var på jobb her på AMK-sentralen i Haugesund då faren kjempa for livet.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Frå hovudredningssentralen på Sola hadde Sea King-helikopteret allereie tatt av, og sett kursen mot Hardangervidda. Men å komme inn til pasienten skulle vise seg å vere umogleg.

Problemet er den tjukke skodda rundt Hellevassbu.

– Helikopteret gjorde fleire forsøk, frå alle sider. Til slutt hadde det så lite drivstoff igjen, at det berre måtte gje opp, og lande i Røldal, fortel Merethe.

– Det var ein forferdeleg beskjed å få.

Inne i hytta låg Alf og sveitta, trass i at det er iskaldt. Etter kvart kom også kvalmen, og han begynte å kaste opp.

– Eg skjøna nok at dette kunne vere hjartet, men prøvde å ikkje tenke for mykje på det. Olaf var flink til å oppmuntre meg. Eg fekk stadig beskjed om at no var det like før helikopteret kom.

Røde Kors skuter på vei i fjellet

SKUTER: Helikopteret kom aldri fram. Her er Røde Kors sine mannskap på veg opp med skuter til plassen der Alf Lund låg med store helseproblem.

Foto: Røde Kors

Sendt ut for å redde ekssjefen

I den vesle fjellbygda Røldal bur Ellen Drangevåg. Ho jobbar som hyttevakt på Hellevassbu, og er med i Røde Kors.

Skuterturen opp til turisthytta har ho køyrt hundrevis av gonger.

3. mai i fjor vart ho kopla på redningsaksjonen til hytta på høgfjellet. Saman med ein Røde Kors-kollega fekk dei varselet: Pasienten inne på hytta må fraktast ut på skuter, fordi helikopteret ikkje kom seg inn.

– Det første eg tenkte var at då må vi ha med oss erfarne ambulansefolk.

På same tid på Odda sjukehus: På ambulansestasjonen får to av sjåførane beskjed om å utstyre seg for høgfjellstur, og komme seg til Røldal.

– Det er nok det mest spesielle oppdraget eg har hatt, fortel Sverre Molven.

Redningsaksjonen etter Alf Lund

I løpet av den 40 minuttar lange bilturen opp i fjellet, fekk han og kollegaen Yngve Vestrheim vite at det er den tidlegare sjefen deira som kjempa for livet inne på vidda.

– Vi køyrde alt vi kunne, men håpa heile vegen at helikopteret skulle klare å komme seg inn før vi nådde fram.

I Røldal treff dei Ellen Drangevåg som ventar med snøskuterane. Saman dreg dei opp i fjellet, med Hellevassbu som mål.

Så starta den mirakuløse redningsaksjonen.

Så starta den mirakuløse redningsaksjonen.

Hjelp etter fire timar

På hytta i Hellevassbu låg Alf framleis og vrir seg i senga, men var heile tida vaken og klar.

Olaf tenkte sitt, men prøvde å gjere situasjonen så udramatisk han kan for venen og kollegaen.

– Det gjekk rundt fire timar før eg endeleg høyrde lyden av snøskuterane. Det gjorde godt! Ein enorm lette, hugsar Olaf.

– Då tenkte eg at dette kunne gå bra.

Ambulansefolka fekk pakka den sjuke inn i varme kler, og støtta han mellom seg. Dei førebur seg på turen tilbake mot redningshelikopteret som ventar lenger nede i fjellheimen.

Men så skjer det.

Rett utanfor hytta sig Alf saman, og går i bakken.

– Eg hugsar endå andedraget, fortel Sverre Molven.

– Alf pusta tungt ut, og så vart det heilt stille. Ingen pust, og heller ingen puls.

Redningskasjonen etter Alf Lund

PÅ VEG NED: Her er Røde Kors på veg ned igjen frå høgfjellet. I den grå bårevogna ligg Alf og kjempar for livet.

Foto: Yngve Vestrheim / Røde Kors

– Eg kunne ikkje gi opp håpet

«Pasienten har fått hjartestans.»

Olaf Brattland stod over kollegaen då den fatale beskjeden kom. Etter så mange timar var det mykje som tyda på at det gjekk feil veg.

– Å få den beskjeden etter fire timar, var grufullt. Det er det verste eg har vore med på. Det var som alt rasa saman rundt meg. Men eg visste at han hadde dyktige folk rundt seg, som gjorde alt dei kunne, så eg kunne ikkje gi opp håpet. Eg måtte berre kryssa fingrane.

– Det gjekk minst fem minuttar, kanskje seks-sju. Men det kjendest som det var så uendeleg mykje lenger.

Sjølv dreiv han hjartekompresjon, medan dei to ambulansefolka gjorde utstyret klart. Dei hadde med hjartestartar, og ville prøva å "sjokka" Alf sitt hjarta i gang igjen.

Første forsøk gav ikkje noko resultat.

Sverre Molven i Røde Kors

BERGA KOLLEGAEN: – Det er det mest spesielle oppdraget eg har vore med på, seier ambulansemann Sverre Molven.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Eg hugsar eg såg mørkt på det, fortel Sverre Molven.

Han har vore med på fleire liknande tilfelle som ikkje har enda godt.

– Etter eit mislukka forsøk, må ein venta ei viss tid før ein kan prøva med nytt sjokk. Og i slike tilfelle tel kvart sekund.

Så, på andre forsøket, begynte hjartet til Alf å slå igjen.

– Det var ein stort augneblink, fortel Molven.

Men dramaet er langt frå over.

Ein siste kamp mot klokka

No starta ein ny kamp mot klokka.

Skuterførar Ellen Drangevåg hadde stort press på seg. På den eine sida veit ho at det hastar. På den andre må ho ta omsyn til at det ikkje skal humpe for mykje for pasienten som ligg på sleden.

Dessutan var sikten framleis elendig, og ho måtte passe på så ho ikkje køyrde feil. Nede ved vatnet i Valldalen såg ho omsider Sea King-maskina stå klar.

– Å sjå Alf bli lagt på båra og løfta inn i helikopteret var fantastisk. Vi hadde klart vår del av jobben, og Alf var eit stort steg nærare redninga.

Ellen Drangevåg på fjellet

Hyttevakt og skuterførar Ellen Drangevåg merka redningsaksjon på kroppen i lang tid etter.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Ellen fortel om ein sliten gjeng som la seg ned i snøen og pusta ut.

– Vi tenkte ikkje så mykje på det mens det stod på, då handla det mest om å komme fram i tide. Men den turen sat overraskande lenge i kroppen etterpå.

Den siste beskjeden

Frå AMK-sentralen på sjukehuset har Merethe følgt heile dramaet rundt faren.

Frå sjukdomsanfall til hjartestans har ho taust lytta til sambandet mellom ambulansefolket og Olaf på Hellevassbu.

Medan kollegaene hennar gjorde det dei kunne for å redde faren, har ho vore der.

Medan faren vart gjenoppliva på 1200 meters høgde, oppdaterte ho deira næraste på siste nytt om redningsaksjonen.

Gjennom heile skuterturen ned frå fjellet. Alle detaljane fekk ho med seg.

– Den siste beskjeden kom rundt klokka halv seks. Då stod det i loggen at «pasienten er vaken og kommuniserer greitt».

Endeleg kunne ho sleppe gledestårene og jubelen laus.

– Det er noko eg aldri vil gløyme, men heller aldri ønskjer å oppleve igjen.

– Skjønar nesten ikkje kor heldig eg har vore

Vel eitt år seinare susar to snøskuterar over kvite vidder. Steile, mektige nutar ligg bada i sol frå ein gnistrande blå himmel. Langt sør på Hardangervidda er dei to på ny på veg innover landskapet i fjellet.

Det er 28. mars 2017. Alf og Olaf er tilbake ved Hellevassbu, også denne gongen på jobb som oppsynsmann.

Alf Lund

TAKKSAM: – Å tenkje tilbake på den dagen gjev meg kalde grøss, seier Alf Lund.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Heilt utruleg. Eg skjønar nesten ikkje sjølv kor heldig eg har vore, seier Alf.

Han sender kollegaen eit takknemleg blikk. Utan innsats frå Olaf og ei rekkje andre, hadde han ikkje stått her i dag.

For den pensjonerte bergingsmannen Alf er deltidsjobben for Statens naturoppsyn perfekt. 40 år som ambulansesjåfør og Røde Kors-mann i Odda har gitt han smaken på livet til fjells.

Alf ser ned på snøen og får kalde grøss når han tenkjer tilbake.

– Her var det du datt om, seier Olaf.

– Det er rart. Veldig rart.

– No begynnar det for alvor å siga inn kva alle desse folka har gjort for meg. Eg er djupt takknemleg. Om det ikkje var for dei, hadde det vore slutten. Men det var ikkje min tur den gongen.

Alf Lund på snøskuter på Hardangervidda

OPPSYNSMANN: Alf Lund er framleis aktiv i fjellet, og evig takksam for hjelpa han fekk den gongen.

Foto: Halvor Folgerø / NRK