Arvid Lahti

ELSKA FJELLET: Arvid Lahti sette mest pris på å få vere ute i naturen.

Foto: Privat

– Fjellet ein lidenskap for Arvid

Fjellklatraren Arvid Lahti nådde sin siste topp på laurdag. Han døydde medan han gjorde det han elska mest.

– Det er eit kjempesjokk at han no er borte. Det er vanskeleg å ta innover seg. Fjellet var ein lidenskap for han, så han har døydd medan han dreiv med det som han var aller mest glad i, seier Marit Andreassen, som er nær venn av klatraren.

Mount Rainier i Washington, USA blei det siste fjellet nordmannen klatra til topps på.

Ein kraftig snøstorm møtte norske Arvid Lahti og den canadiske klatrepartnaren hans Monique Richard på veg ned frå toppen.

Dei måtte søka ly for natta, men dei hadde ikkje med seg utstyr for å sova ute i det vêret som var.

– Døydde i armane mine

Dei vart begge to kraftig nedkjølte, og berre ein av dei kom seg gjennom natta.

«Vi fart fanga i ein brutal storm, som kom heilt uventa på oss. Vi måtte tilbringe natta på ein steinete plass. Vi blei sterkt nedkjølte, og eg var sikker på at det var eg som kom til å døy, ... men Arvid døydde i armane mine«, skreiv Monica Richards i går på sin Facebook profil.

Richards skriv at ho etterpå klarte å prøva å komma seg ned til Camp Muir, der ho vart møtt av eit redningsteam.

Monique vart ifølge avisa The News Tribune henta ned med helikopter og transportert til eit lokalt sjukehus.

Dårleg vær gjorde at det var vanskeleg å henta ned Lahti, det blei onsdag kveld før dei lukkast å henta han ned med helikopter.

Marit Andreassen

Turoperatør Marit Andreassen har vore med Arvid på fleire av turane hans.

Foto: HALVOR FOLGERØ / NRK

Fekk smaken på høge toppar

For Lahti var det møtet med Kilimanjaro som blei starten på ei lang klatrekarriere.

– Han starta med å bli med på dei ordinære turane som me arrangerer rundt om i verda, mellom anna til Kilimanjaro i Tanzania, seier Marit Andreassen i turoperatøren Høgfjell-spesialisten.

Ho er sosialantropolog og har hatt turar til Kilimanjaro 56 gonger sidan 1991.

Lahti melde seg på ein tur hjå dei i 2003.

– Han vart tidleg hekta av basillen, og det å gå Everest vart eit mål.

Det målet skulle han nå.

I 2012 gjekk Lahti på Everest og vart første nordmann som nådde toppen to gonger på eitt år, med bestigingar frå begge sider.

– Det er ekstreme opplevingar med mykje fysisk slit som klistrar seg til hugsen. Ein har fjell på alle kantar i to månader, og det kjennast litt som at turen varer i fleire år, fortalde Lahti til avisa Strilen etter at han nådde toppen av Mount Everest for andre gong i 2014.

– Ein snill mann

Lahti var eigentleg utdanna ingeniør frå NTNU, og til dagleg jobba han i familiebedrifta heime i Masfjorden som laga garasjeportar.

– Han var arbeidsam, all treninga han gjorde var på fritida. Eg såg lyset frå hovudlykta når han trente oppe i fjellsidene her. Han kunne trena seint på kvelden, seier Karstein Totland, ordførar i Masfjorden.

Han budde like i nærleiken av Arvid i Masfjorden, og har vakse opp saman med han.

– Det er svært tragisk, og veldig rart å tenka på at han er borte. Me er ikkje så mange her inne, så det er eit sakn når nokon fell ifrå.

Nære venner av Lahti skildrar han som ein person i særklasse, som alltid stilte opp for andre.

Norske klatraren Arvid Lahti

– Det er spennande å tole den høgda. Dessutan er det ei fantastisk naturoppleving. – Eg har alltid vore fascinert av fjell, fortel Lahti til avisa Strilen etter å ha nådd Mount Everest i 2014.

Foto: Privat

– Han var ein veldig snill person, rett og slett. Han var alltid velvillig om ein spurte om hjelp til noko, seier Totland.

Byrja å klatra i vaksen alder

Lahti har også klatra fjell som Mt. Kenya (4.985) og Aconcagua i Argentina (6962). Han skal ikkje ha gått særleg mykje i fjella før han kom i midten av 30-åra, og har sagt at han var i elendig form før det.

– Eg trudde ikkje det var mogleg i min alder å gå slike fjell i det heile. Men det er akkurat som med alle andre typar idrett og hobby – føler ein at ein meistrar noko, er det artig å drive med det, sa Lahti til avisa Strilen i 2014.

I fjor prøvde han å klatra K2, som er verdas nest høgste fjell men langt farlegare og langt vanskelegare å klara samanlikna med "storebroren" Everest. Grunna fleire ras i området måtte ekspedisjonen avbrytast.

– Det er utruleg det han har vore med på og det han har klart, seier Andreassen.

– Forstod det med ein gong

Andreassen seier Lahti er blitt ein nær venn med tida, og at det har blitt mange telefonsamtalar på satellitt-telefon frå ulike plassar i verda.

Karstein Totland, ordførar i Masfjorden for Høgre

Ordførar i Masfjorden Karstein Totland seier heile bygda er prega av det som har skjedd

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg skjøna med ein gong at det var han då nyheitene skreiv om at ein norsk fjellklatrar truleg var omkomen i USA. Han har lenge reist saman med canadiske Monique Richard.

Ho fortel at Lahti var ein som tok gode val når han klatra.

– Han er ein roleg og sindig kar, og det var ein av styrkane hans i fjellet. Han har ikkje latt seg skremma og beheldt alltid roa, noko som har gjort at han har klart å nå alle desse toppane.

Men han snudde også når han måtte, seier ho.

– Han gjorde alltid ting etter boka, og har klare meiningar om når ein bør snu på topptur. Dette vêret som har kome over dei i USA, det må ha komme plutseleg.

Arvid Lahti

TIL TOPPS: Her er Arvid på toppen av Makalu. Fjellet ligg i Himalaya, på grensa mellom Nepal og Tibet. med sine 8 463 moh. er det verdas femte høgast fjell.

Foto: Privat

– Me visste det var risikosport

Namnet Lahti kom frå bestefaren som var finsk og flytta frå Finland til Noreg.

Han vaks opp på ein veglaus gard i Skuggedalen. Her kom ein berre til med båt. Seinare då Arvid skulle byrja på skule flytta dei inn til bygda Andvik i Masfjorden.

Her har han budd heile livet, og klatring og ekspedisjonar over heile verda vart lidenskapen hans.

– Me visste at klatringa hans var ein risikosport, men samanlikna med mykje av det andre han har gjort trudde me dette var ein enkel tur han skulle på. Men alt kan skje, det ser me jo berre på påskefjellet heime til dømes, seier ordførar Totland.

Totaland har sjølv snakka med familien til Lahti, som seier at dei ikkje ønsker å uttala seg til media om saka.

– Familien er sjølvsagt i djup sorg, og treng tid og ro for seg sjølv.

Familien vart tidleg varsla av UD om at Lahti var sakna i fjellet, og truleg omkomen.

Arvid Lahti

Her er Lahti på veg ned frå Mount Rainier, fjelltoppen på 4393 moh. som han nådde laurdag. Ikkje lenge etter bildet vart tatt kom snøstormen brått.

Foto: Monique Richard