Mor til den sakna ventar

VENTAR: Mora til den utviklingshemma kvinna har stått mange gonger på Bystasjonen i Bergen og håpa at den rusmisbrukande dottera skulle dukka opp.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Dottera mi set narkosprøyter i bufellesskapet

BERGEN (NRK): Mor skuldar kommunen for omsorgssvikt etter at dei flytta den utviklingshemma dottera hennar til eit mindre bemanna bufellesskap. Sidan har ho kome stadig lenger inn i eit tungt rusmiljø.

13. november 2017: Telefonen ringjer. På skjermen lyser namnet til dottera som ho har prøvd få tak i så mange gonger dei siste to vekene.

Ho tek telefonen. I den andre enden høyrer ho dottera si. Og at ho er rusa.

– Ja, no sit me i bufellesskapet med sprøyter. Me skyt i armen, seier dottera.

– Set de sprøyter inne i leilegheita di? spør mora vantru.

– Ja, er det ikkje gale, mamma?

Dette er historia om ei ung, utviklingshemma kvinne som ikkje får det tilbodet ho seier ho ønsker og treng. Mora kallar det kommunal omsorgssvikt.

Alle bestemmer over meg, mamma. Kvifor er det ingen som hjelper meg?

Den utviklingshemma kvinna

Det er også historia om kor grensene går for tvangsbruk og kommunalt omsorgsansvar overfor ein myndig person.

Eit bufellesskap for utviklingshemma

NÆRARE RUSMILJØET: Bergen kommune plasserte i juni kvinna i eit bufellesskap nærare rusmiljøet i byen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vart flytta til nytt bufellesskap

Den unge kvinna har fritatt kommunen og andre offentlege instansar frå teieplikta. Ho har fire diagnosar: autisme, lettare psykisk utviklingshemming, Tourettes syndrom og ADHD.

Både før og etter at ho blei 18 år og flytta heimanfrå, har ho hatt eit turbulent liv med nasking, trugslar, vald og rus. Sidan ho vart myndig har ho hatt fem ulike kommunale butilbod.

Frå 2016 og i nesten eitt år, budde ho midlertidig i eit bufellesskap med forsterka bemanning for utagerande personar med alvorleg psykisk utviklingshemming. Der hadde ho tett tilsyn av fagpersonar, ofte to tilsette saman med seg samstundes.

Kommunen skriv at ho fekk plass der for å unngå at ho blei bustadlaus, men «forutsetningen var hele tiden at boligen var midlertidig».

Og i sommar blei ho flytta til eit nytt bufelleskap, nærare Bergen sentrum.

– Mentalt er ho eit barn

Mora er sterkt kritisk til det som har skjedd.

– Tilbodet ho har no, fungerer ikkje. Ho treng veldig tett oppfølging for å fungera i det daglege og halda seg borte frå rusmiljøet. Ho er alltid redd for å vera åleine. Utan folk rundt seg trekker ho til rusmiljøet, seier ho til NRK.

Bergen kommune svarar at kvinna har tilbod om den omsorga og oppfølginga ho bør ha, men at ho avviser hjelpa. Ifølge kommunen bør lovverket for tvungen rusbehandling bli endra.

Kommunen slår fast at dei sjølvsagt har omsorgsansvar for henne, men samstundes at ho er vaksen og myndig. Ho har sjølvråderett og står fritt til å ta eigne avgjerder.

Ole-Daniel Virkesdal

GODE TENESTER: – Vi tilbyr henne gode miljøterapeutiske tenester, men dessverre vel ho i stor grad bort denne hjelpa, seier etatsdirektør Ole-Daniel Virkesdal i Bergen kommune.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

Mora meiner at kommunen ikkje har forstått kva behov dottera har.

– Behandlarar og fagfolk seier at på mange område er ho mentalt som ein 10- eller 12-åring, og fastlegen seier rusmisbruket er ein følge av autismediagnosen hennar. Men kommunen held fast på at ho er vaksen, myndig og ansvarleg for sine eigne val.

Etatsdirektør Ole-Daniel Virkesdal i Etat for tenester til utviklingshemma skriv følgande til NRK.

«Vi forsøker så langt som mulig å motivere våre brukere til å foreta gode valg. (..) Dette er en bruker som har ressurser til å fungere godt på mange livsområder, men brukeren har i likhet med de fleste andre mennesker anledning til å foreta dårlige livsvalg.»

Virkesdal understrekar at det er spesialisthelsetenesta – ikkje kommunen – som har konkludert at ho er myndig – såkalla samtykkekompetent.

Var borte i to veker

NRK har jobba med saka sidan november. Det siste halvåret etter at den unge kvinna blei flytta frå bufellesskapet ho var i, har situasjonen utvikla seg dramatisk for henne.

31. mai 2017: Bergen kommune flyttar henne mot hennar vilje til eit anna bufellesskap nærare sentrum, og med lågare bemanning. Sidan då har ho hamna permanent i eit etablert, tungt rusmiljø i byen.

28. oktober. Etter éi natt på ein klinikk for frivillig avrusing forlèt ho staden, og dukkar ikkje opp att, verken på klinikken, i bufellesskapet, eller hjå mora. Kommunen melder henne sakna til politiet. Ein sjeldan gong får mora kontakt med henne, men dottera nektar å seia kvar ho er.

2. november dukkar kvinna opp på kontoret til den som er verje for henne. Ho kjem saman med ein eldre mann frå det kriminelle rusmiljøet i Bergen. Ho seier han er kjærasten.

– Ho var veldig rusa. Aggressiv og frustrert. Verja hennar hadde ikkje sett henne slik før, seier mora.

Sende uromelding til kommunen

Verja informerer kommunen om hendinga. Dagen etter, fredag ettermiddag, diskuterer etaten situasjonen.

Etatsdirektøren skriv til NRK at dette ikkje var eit møte der dei vurderte tvangstiltak. «Jeg har hatt et rutinemessig møte med enhetsleder. Dette var ikke et krisemøte».

Same dag sender verja uromelding til kommunen:

«Jeg ser meg nødt til å melde bekymring for hennes situasjon. Det er klart at hun befinner seg i et svært belastet miljø, hvor hun lett kan bli utnyttet. Jeg er selvfølgelig også redd for hva hun kan få i seg av narkotiske stoffer og vi vet at hun selv, på grunn av sine diagnoser, ikke er i stand til å bedømme verken hva hun tar eller mengde.»

– Livet er håplaust

8. november overnattar ho i bufellesskapet for første gong på elleve døger. Dagen etter får mora ei privat melding på Facebook frå dottera: «Har dessverre begynt å skyte, sprøyter altså. Livet er helt håpløst, har bare lyst å dø».

Nokre dagar seinare ringjer ho altså til mor si og fortel at ho sit i leilegheita si og set sprøyter i armen.

NRK har snakka med fleire tilsette i etaten. Dei er sjokkerte over det som skjer. Den eine seier det slik:

– Viss ho døyr no, skal eg ikkje lenger jobba i Bergen kommune. For dette er galskap. Å la eit menneske gå til grunne på denne måten.

Ein annan seier:

– Det er fælt å sjå kor raskt det har gått nedover med henne.

Tilsette i etaten stiller spørsmål ved om kommunen vurderte risikoen ved å flytta ei kvinne med rusproblematikk til eit bufellesskap nærare sentrum og dermed nærare rusmiljøet.

Kvinna si verje skreiv i eit brev til Bergen kommune at «flyttingen ble svært vanskelig for henne. (..) Hun har et kjent rusproblem og den siste uken, etter at hun flyttet, har rusbruken eskalert. Hun ruser seg nå daglig.»

Eit bufellesskap for utviklingshemma i Bergen

MOTVILLIG FLYTTA: – No bur eg i eit narkohelvete. Eg treng personale som likar meg og bryr seg om meg, seier kvinna etter sju månadar i nytt bufellesskap.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Får ikkje hjelpa eg treng

21. november: NRK får snakka med den unge kvinna for første gong. Ho er på handletur saman med mor si.

– Eg får ikkje den hjelpa eg treng, seier kvinna.

Ho fortel om eit møte med etatsdirektøren og andre i kommunen tidlegare i sommar.

– Eg trygla om hjelp. Han svarte at dei verken har pengar eller bustad til å gi meg eit slikt tilbod som eg hadde før eg blei flytta.

Etatsleiar Virkesdal i kommunen avviser at han har vist til pengemangel.

«Bytte av bolig er ikke økonomisk begrunnet. Det var ingen økonomisk besparelse i å flytte. (..) Brukers behov for forsvarlige tjenester er avgjørende for hvilke tjenester som skal gis».

Mora fortel at ho ikkje maktar å ha ansvaret for å få dottera til å fungera i kvardagen.

– Viss eg skal kunna hjelpa henne i det daglege, må eg setja mannen min og dei yngre borna til side, for eg klarer ikkje å kombinera det.

– Fekk diagnose for seint

NRK har sett konklusjonane i to ulike psykologiske kartleggingar av kvinna frå då ho var 18 år.

Dei indikerer at ho har lettare psykisk utviklingshemming, og ho scorar lågt på «generelle adaptive ferdigheiter».

Fastlegen hennar seier til NRK at kvinna har hatt autisme sidan barndommen, og at ho skulle fått diagnosen lenge før ho blei vaksen.

I møte med kommunen har fastlegen understreka at det er autismen som dominerer handlingane og styrer rusbruken hennar: at narkotikamisbruk er ei av hennar former for autistisk utagering.

– Fare for liv og helse

Då ho blei 18 år, vurderte Helse Bergen si habiliteringsavdeling for vaksne kva behov kvinna har for hjelp og oppfølging.

Psykologspesialisten som gjorde utgreiinga «anser henne ikke for å være samtykkekompetent i forhold til rusmidler. Hun kan ikke regne, vet ikke hva hun får i seg, står i fare for å bli lurt. (..) Hun er særlig utsatt for rusutløst psykose».

Ho skriv også at kvinna sine diagnoser «forsterker hverandre og påvirker hele hennes væremåte og evne til å planlegge og ta beslutninger i livet.»

Mora fryktar kva farlege stoff og mengder dottera kan komma til å ta.

– Ho forstår ikkje kva eit gram eller ein liter er. Det mangla ikkje på åtvaringar mot å flytta henne eller redusera oppfølginga.

Randi Myklebust, Helse Bergen

MOT FLYTTING: – Helse Bergen si habiliteringsavdeling for vaksne åtvara Bergen kommune mot å flytta kvinna, seier seksjonsleiar Randi Myklebust.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Åtvara mot flytting

Før kvinna blei flytta i sommar uttalte psykologspesialisten at flytting ville vera veldig negativt.

Seksjonsleiar Randi Myklebust i Helse Bergen stadfestar dette, og at kvinna har stort behov for tett oppfølging på alle kvardagsområde.

– Ho treng stabile forhold og trygge rammer. Det er viktig å bruka tid og ha stort tolmod med henne. Me konkluderte at det ville vera uheldig å flytta henne.

Det er ikke endring i botilbudet som har økt risikoen for rusmisbruk, men endringer i hennes omgangskrets.

Ole-Daniel Virkesdal, etatsdirektør

Myklebust seier at dette var rådet habiliteringsavdelinga gav Bergen kommune, men vedgår at saka er vanskeleg.

– Dette er ei kompleks sak som me prioriterer høgt, men det er veldig vanskeleg å komma i posisjon til å gi henne den oppfølginga ho treng.

– Fri til å ta dårlege val

I helse- og omsorgstenestelova heiter det:

«Kommunen skal sørge for at personer som oppholder seg i kommunen, tilbys nødvendige helse- og omsorgstjenester.»

Kva som er naudsynt må vurderast individuelt og konkret.

Virkesdal opplyser at kommunen tilbyr kvinna praktisk bistand i kvardagen, til dømes å setja opp vekeplan og meny, handla inn og laga mat, motivera til å bu sjølvstendig og søka arbeid.

Ho er vaksen og myndig, og fri til å gjera sine val. Me kan ikkje tvinga folk.

Etatsdirektør Ole Daniel Virkesdal, Bergen

«Det er svært krevende (..) når brukere av våre tjenester for utviklingshemmede får utfordringer med rus. Miljøpersonalet jobber kontinuerlig med motiverende tiltak. Vi strekker oss langt (og) mener at vi tilbyr denne brukeren gode miljøterapeutiske tjenester i tråd med dagens regelverk. (..) Problemet vårt er at hun dessverre i stor grad velger bort denne hjelpen.»

Han påpeikar generelt at behandling av rus og psykisk helse ikkje er kommunen, men Helse Bergen, si oppgåve. Kommunen har like fullt tett og jamleg kontakt med ei rekke faginstansar om situasjonen og behova hennar.

Habiliteringsavdelinga for vaksne, Helse Bergen

LIVSFARE: Habiliteringsavdelinga i Helse Bergen meiner kvinna er «særlig utsett for rusutløst psykose».

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Kan sjeldan tvinga

Fylkesmannen har godkjent eit tvangsvedtak om å kunna låsa seg inn i leilegheita om natta for å sikra helsesituasjonen hennar. Men Nav har konkludert at kriteria for tvungen rusbehandling ikkje er oppfylt.

Virkesdal skriv:

«Hvis vi skulle unngått at hun skulle ferdes i farlig miljø og utsette seg selv for vesentlig skade, ville bruk av tvang medført frihetsberøvelse (..) som vi ikke har mulighet til ifølge Helse- og omsorgstjenesteloven.»

– Kva er då kommunens omsorgsansvar overfor vaksne utviklingshemma?

– Me skal tilby nødvendig omsorg, motivera og legga til rette, men vanlegvis ikkje gi det mot deira vilje, seier Virkesdal.

Ønsker lovendring

Kommunaldirektør Nina Mevold skriv at kommunen meiner verkemiddelapparatet overfor personar med lettare utviklingshemming bør bli styrka.

Nina Mevold

UTFORDRANDE: Kommunaldirektør Nina Mevold meiner det er for høg terskel for tvangsavrusing av menneske med lettare utviklingshemming.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

«Det er vår oppfatning at vi får flere brukere i denne kategorien. Det fører til mange utfordringer.»

Ho viser til statistikk som tyder på at mange med lettare utviklingshemming hamnar i kriminalitet.

Kommunen seier lovverket har svært høg terskel for tvangsavrusing av menneske med lettare utviklingshemming. Bergen kommune meiner lovverket om bruk av tvungen avrusing bør endrast for denne sårbare gruppa.

«Vår vurdering er at dagens regelverk ikkje gir god nok adgang til tvungen avrusing. I slike saker mener kommunen at lovverket burde gitt oss større muligheter for bruk av tvang for å sikre en god livssituasjon for våre brukere med et rusproblem.»

– Fell mellom stolar

– Lettare utviklingshemma som handlar til skade for seg sjølv, fell mellom stolar, seier kvinna si verje.

– På den eine sida har samfunnet omsorgsansvar og seier 'du klarer ikkje å ta vare på deg sjølv'. På den andre sida seier me 'du må ta vare på deg sjølv'.

Muligheten til å anvende tvang er svært begrenset.

Etatsdirektør Ole Daniel Virkesdal, Bergen

Verja meiner paradokset viser eit hol i lovverket som gjer at omsorgsapparatet ikkje klarer å fanga denne kvinna opp.

– Menneske med lettare utviklingshemming er svakare stilt enn dei fleste. Likevel skal det mykje til før det er lov å bruka tvang mot denne gruppa, også når vala er klart til skade for dei sjølv. Grunnen er at dei i større grad enn alvorleg psykisk utviklingshemma må ta ansvar for eigne val.

Der ho kanskje oppheld seg

BUDDE HJÅ KRIMINELL: Medan ho var borte frå bufellesskapet, budde den unge kvinna saman med ein sentral mann i rusmiljøet i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Hjelpa må komma til henne

«Det er et stort paradoks at bruker på den ene siden motsetter seg å motta hjelp fra kommunen, og at kommunen på den andre siden blir kritisert for at hjelpetilbudet ikke er omfattende nok», skriv etatsdirektør Virkesdal og viser til at «at beboer er tilbudt egen nattevakt i boligen hun nå bor i, men at hun har takket nei til dette».

Kjelder i etaten meiner kommunen i større grad må gi omsorg uansett.

– Ein person som er så hjelpelaus, må ikkje bli overlaten til seg sjølv og sine eigne val. Ho treng heile tida å vita at me bryr oss.

– Ho er ikkje i stand til å kontakta hjelpa og seia kva omsorg ho treng. Me må vera nærare henne, vera til stades, insistera på at ho ikkje skal ut og rusa seg, setja grenser for henne. Det er ikkje tvang. Det er omsorg.

Tilsette viser til at det første bufellesskapet var ope og oversiktleg.

– Ho høyrde personalet og dei høyrde henne. Det gav henne tryggleik. Tilsette kunne heile tida visa at dei var der når ho trong det. No bur ho i ei blokk der personalet verken kan sjå eller høyra noko i leilegheita hennar. Då har dei ikkje høve til å bygga relasjonane ho må ha for å føla seg trygg.

Leigde inn vaktselskap

Den som er verje skreiv i fjor haust til Bergen kommune at den utviklingshemma kvinna har eit stort hjelpebehov og at bufellesskapet meinte ho burde få bli verande.

«Det er stor enighet fra hjelpeapparatet rundt (henne) at hun trenger ro og stabilitet og at dette får hun (nå). (..) hun begynner å knytte seg til personalet. (..) En flytting vil derfor bli en stor belastning for henne», skriv verja i dokument som mora har gitt NRK tilgang til.

Etatsdirektør Virkesdal gjentar at det aldri var aktuelt at ho skulle bli buande der.

«I den avgrensede perioden hun skulle bo (der) fikk fagpersonale som oppgave å kartlegge hennes behov for bistand. Etter kartlegging var det enighet om hva som var riktig omsorgsnivå for brukeren.»

Kjelder seier derimot til NRK at dei var uroa for at det ville gå gale viss ho blei flytta vekk frå personale og oppfølginga ho hadde på bufellesskapet.

– Kommuneleiinga meinte heile tida at kvinna ikkje trong forsterka bemanning. Det var me heilt usamde i.

Virkesdal seier bemanninga og tilbodet der ho budde ikkje er tilpassa personar med lettare utviklingshemming, og at ein brukar med alvorleg utviklingshemming trong bustaden.

I det nye bufelleskapet har kommunen leigd inn tenester frå eit vaktselskap. Det betyr at det kvar natt sit ein vektar i eit fellesrom med oversikt over kven som kjem og går i bufellesskapet.

– Før flyttinga hadde ho tett og god omsorg frå fagpersonale som ho hadde tillit til. No er tilbodet frå kommunen i stor grad ein vakt frå Securitas, seier ei kritisk mor.

Etatsleiaren stadfestar at før flyttinga var det ein personleg nattevakt disponibel for henne. I det nye bufellesskapet «er dette erstattet med egen vektertjeneste i tillegg til felles nattevakt (..) for å ivareta sikkerhet til tjenestemottaker, andre beboere og personale.»

Mora ventar

HÅP: Mor til kvinna håpar Fylkesmannen no vil sørga for at dottera får eit omsorgs- og butilbod som får henne ut av rusmisbruket.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ho er tilbake

Kommunen opplyser at kvinna i november har vore sporadisk innom bufellesskapet, men vore heilt borte frå leilegheita si i totalt 11 døger. Dei har jamleg ringt inn uromeldingar til politiet.

Virkesdal skriv at kommunen no har sendt ei uromelding til sosialtenesta i Nav for å be dei vurdera på nytt om ho innfrir kriteria for tvungen avrusing, og «det jobbes også med å motivere til frivillig avrusing.»

Når det gjeld episoden med sprøytebruk i bufellesskapet, skriv Virkesdal at det blir meldt til politiet om det blir oppdaga.

«Vi har ingen observasjoner som tilsier at beboeren har satt sprøyte i bofellesskapet.»

I januar skal kommunen svara på søknaden hennar om å få bytta bustad.

Livlause auge

11. desember varslar bufellesskapet mora om at dottera denne kvelden er så rusa at ambulansepersonell blei tilkalla. I løpet av natta sjekkar personalet i bufellesskapet henne kvar halvtime.

– Dei klyp henne i handflata og får livsteiknet som viser at ho ikkje er død. Der sit dei og ser på at dottera mi går til grunne. Ho har sjølv sagt til meg at eg må feira jul utan henne, for då er ho i himmelen.

Dottera seier ho no har fått ein ny kjærast i rusmiljøet. Mora fortel at dottera har gått ned sju kilo dei siste tre vekene.

– Det er forferdeleg å sjå på henne no. Ho er så livlaus i auga, tynn, liksom gjennomsiktig, og veldig nervøs. Ho kunne vore ein heilt annan stad i denne verda viss kommunen hadde gjort det dei skulle. Ho kunne gått på skule, eller vore i arbeid no. Ansvarsfråskrivinga frå kommunen er enorm.

Vil bli rusfri

18. desember er det eit møte mellom einingsleiaren for bufellesskapet og kvinna i lag med mora og verja. Mora fortel kva dottera sa i møtet.

– Eg vil vekk frå sentrum. No bur eg midt i narkohelvetet. Eg treng personale som likar meg og bryr seg om meg. Elles blir det for vanskeleg for meg. Mitt høgaste ønske er å bli rusfri og å få ny bustad innan nyttår.

20. desember har Fylkesmannen i Hordaland kalla inn til møte om situasjonen til kvinna. Bakgrunnen er ei ny uromelding frå verja.

Bergen kommune, fylkeslegen, Nav og Helse Bergen skal drøfta kva som skal gjerast for henne. Kvinna sjølv ønsker å sleppa møtet, men mora og verja deltek på hennar vegne.

– Eg føler at folka hjå fylkesmannen er samde med meg i at kommunen har svikta grovt i omsorga. No håpar eg me endeleg blir høyrd og at ho får tilbodet, personalet og tryggleiken ho treng, avsluttar mora.