Hopp til innhold

Wormgoor senka Sarpsborg

Vito Wormgoor sto for den avgjerande scoringa då Brann slo Sarpsborg 2–1 i Eliteserien i fotball for menn. Brann har fått ein eventyrleg start på sesongen.

Eliteserien fotball 2018, Sarpsborg 08 - Brann.

STRAFFE: Branns Vito Wormgoor scorar på straffe.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Sivert Heltne Nilsen sende Brann i leiinga tolv minutt ut i kampen. Fem minutt etter pause utlikna Harmeet Singh for Sarpsborg, før Wormgoor og Brann scora på straffe 79 minutt.

– Dette er ein tøff motstandar, og eg hadde vore nøgd med eitt poeng, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen.

Brann spela ein god kamp og hadde gjort heimeleksa si, og gjekk i strupen på Sarpsborg frå fyrste minutt.

– Planen var at me skulle vera betre enn dei på alt dei er gode på. Og det fiksa me, seier Nilsen.

Eliteserien fotball 2018, Sarpsborg 08 - Brann.

JUBEL: Brann går opp i leiinga mot Sarpsborg 08.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Straffebom

Trenaren skryt av moralen til spelarane, som hentar seg inn att og scorar på straffe.

Sarpsborg hadde teke poeng i alle kampane sine så langt i sesongen før møtet med Brann, og like før slutt kunne dei ha redda eitt poeng, då dommaren bles straffe.

– Frå min ståstad såg den straffa billeg ut. Men er det ikkje straffe, så skal han ikkje i mål heller, seier Nilsen.

Haugen ut med skade

Sarpsborg-spelarane Patrick Mortensen og Ole Jørgen Halvorsen fekk gult kort. For Brann fekk Vito Wormgoor og Sivert Heltne Nilsen gult kort.

Fredrik Haugen var ein av dei som fekk røff behandling, og måtte gå av banen med skade etter 59 minutt.

– Det er veldig stivt no. Eg trur eg fekk ein olboge inn over hofta, men eg håpar at det skal vera fint om nokre dagar, seier han.

Eliteserien fotball 2018, Sarpsborg 08 - Brann.

GULT KORT: Dommar Tom Harald Hagen gjev Branns Sivert Heltne Nilsen gult kort.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Utan tap

Etter kampen på Sarpsborg stadion har Brann ti poeng og Sarpsborg åtte poeng.

Med tre sigrar og ein uavgjort etter fire kampar, har Brann fått ein veldig god start på sesongen.

Kun Molde har tatt fleire poeng, men dei har også spela ein kamp meir enn Brann. Me må tilbake til 1997 for å finna sist gong Brann hadde like mange poeng etter fire kampar som dei har no.

Tom Harald Hagen var dommar i kampen, og 5258 tilskodarar hadde teke turen til stadion.

Slik var kampen:

Laster innhold, vennligst vent..