Hopp til innhold

Walde-tap på kring 200 millionar

Mellombelse tal frå bystyret syner at tapa ser ut til å ende på heile 200 millionar kroner.

Walde - folk på veg inn

PÅ VEG TIL Å MISTE JOBBEN: Her er dei tilsette i Walde Entreprenør og Walde Byggevare på veg inn til møtet der dei blir fortalt at dei mistar jobben.

Foto: Ketil Falch

Rett før jul slo ein av dei største bustadentreprenørane i Hordaland, Walde Byggvare AS og Walde Entreprenør, seg konkurs. Arbeidet vart lagt ned på dagen og 173 tilsette mista jobben.

No syner mellombelse tal frå bustyret at tapa etter konkursen kjem til å ende på over 200 millionar kroner.

– Dette er blant dei største tapa på ein konkurs her i Hordaland på lang tid, seier bustyrar Bjørn Åge Hamre til Strilen.

LES OG: Ivan (40) ventet på julelønnen - i stedet mistet han jobben på dagen

LES OG: – Dette slår ned som en bombe rett før jul

Fleire tapar store pengar

Like etter den første meldinga om konkursen, vart det kjent at også morselskapet Waldegruppen, Walde Hus og Walde Bolig meldte oppbod. Buet har fått inn og behandla 143 søknader om uteståande løn og feriepengar, og har betalt ut i alt over 15 millionar kroner.

LES OG: Tre nye Walde-selskap til skifteretten

Men framleis står det att mange krav, og fleire kjem til å måtte ta store tap. Blant dei er:

  • Skatteetaten
  • Ramirent som driv maskinutleige
  • Fleire bemannings-selskap
  • Magne Hope AS
  • Lindås Rør og Sanitær
  • I tillegg kjem ei rekkje andre lokale selskap

Den mellombelse innberetninga, som kom i slutten av juni, syner at innmeldte krav har kome opp i 234 millionar kroner.

Bustyret jobbar no med å finne pengar gjennom realisering av verdiar i dotterselskap og opsjonar.

– Me prøver mellom anna å finne ein eigar til halve Frekhaug Senter Nord AS, som eig ledig næringsareal på kring 16 mål. Her var Walde inne med 50 prosent. Rema Eigedom eig resten, opplyser Hamre.

Bustyret vurderer i dag restverdiane i selskapet til omlag 20-30 millionar kroner.

Desse selskapa er råka av konkursen:

  • Walde Gruppen AS (morselskap): 200 tilsette
  • Walde Hus AS: ni tilsette
  • Walde Bolig AS: ni tilsette
  • Walde Entreprenør AS: 150 tilsette
  • Walde Byggvare AS: 38 tilsette
kirke knarvik

Walde entreprenør har slått seg konkurs, og kyrkja dei holdt på å føre opp i Knarvik blir ståande halvferdig inntil vidare.

Foto: 03030-tipser