Hopp til innhold

Vurderte å ta med kamera – blei verdsmeister

I går vart motbakkespesialist Stian Angermund-Vik (29) verdsmeister i «Skyrunning». I dag vann han på ny – i eit fjellmaraton han sprang for moro. – Eg er heilt sett ut!

Stian Angermund-Vik

BRATT: Varegg-løpar Stian Angermund-Vik vart dobbelt verdsmeister under VM i Skyrunning i Spania i helga. Her frå motbakkeløpet fredag, då han var først opp dei 2.8 kilometrane. Stigninga var på 1.030 høgdemeter.

Foto: Philipp Reiter

– Eg er heilt sett ut. Løpet i går har vore det store målet for meg det siste halvåret. I dag hadde eg eigentleg ikkje tenkt å delta, fortel Angermund-Vik.

Skulle delta som "turist"

Fredag vann motbakkeløparen frå Varegg IL i Bergen greina vertikalløp. Løypa var 2,8 kilometer lang med 1.030 høgdemeter stigning. Angermund-Vik slo alle med tida 34.21.

I dag vart han igjen verdsmeister, då han sprang først i mål på det 42 kilometer lange fjellmaratonet i Pyreneane.

Motbakkefenomenet skulle i utgangspunktet ikkje delta i maratonen.

– Planen var å ta det roleg og vera med som turist. Eg vurderte lenge å ha med meg kamera for å ta bilete av omgjevnadene undervegs, men eg droppa det.

Måtte fella nokre tårer

Det var Varegg-løparen truleg glad for då han halvvegs i løpet fann han ut at han låg i leiinga.

– Eg merka i den første lange stigninga at eg sprang forbi mange. Då eg vart teken igjen av ein utøvar i ei utforkøyring, spurte eg han kor langt framfor dei første låg. "Me er nummer 1 og 2", svara han, fortel Vik på telefon frå Vall di Boí i Spania.

Motbakkeløparen trudde knapt sigeren var i boks då han sprang i mål til bestetid.

– Det var først då eg snakka med kona i telefonen at det gjekk opp for meg. Då kom det nokre tårer, vedgår verdsmeisteren.

Stian Angermund-Vik

DOBBEL: Stian Angermund-Vik vart dobbelt verdsmeister i VM i Skyrunning i Spania i helga. Her frå motbakkeløpet fredag. 2,8 kilometer og 1.030 høgdemeter vart forsert på tida 34.21.

Foto: Philipp Reiter

– Stort i Europa

Skyrunning er ei smal grein i norsk målestokk, men oppslutninga kring konkurransen aukar i Europa, meiner Angermund-Vik.

– VM-gull på friidrettsbanen er nok større, men for oss som deltek er dette enormt stort. Løpa tek deg ut i naturen, og mange av løypene er teknisk utfordrande med heftig terreng.

Skyrunning er ein serie med internasjonale motbakke- og terrengløp. Om to veker skal Angermund-Vik delta i Tromsø.

– Då satsar eg igjen på vertikalløp: 2,5 kilometer langt og med 1.000 høgdemeter stigning.

Stoltzekleiven-spesialist

Angermund-Vik deltek saman med tre andre frå Varegg. Også utøvarar frå bergensklubben Gular er med i den norske delegasjonen i skyrunning-VM.

Angermund-Vik vann motbakkeløpet Stoltzekleiven opp for to år sidan. I fjor vart han berre slegen av Torbjørn Ludvigsen, som sette ny løyperekord opp steinura i Sandviken.