Hopp til innhold

Vurderer splitter nytt museumsbygg

Universitetet i Bergen vurderer å byggje eit splitter nytt museumsbygg, for å hindre fleire tjuveri, skriv BT. I august vart 400 historiske gjenstandar stolne, då tjuvar braut seg inn i Universitetsmuseet. Sidan den gong har UiB arbeida med ein ny sikringsplan, der det kjem fram at universitetet vurderer å byggje eit heilt nytt magasinbygg mellom Kulturhistorisk og Naturhistorisk museum for å hindre at noko slikt skal skje igjen. – Dette vil truleg bli greia ut innan eit års tid, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm til avisa.

Universitetsmuseet i Bergen
Foto: Floflo / Wikimedia commons