Hopp til innhold

Familien: – Vi håpar å få svar

Politiet står framleis utan spor etter Agnar Ingemar Holtås (74). Søndag gjorde dei sine førebels siste planlagde søk.

leiteaksjon

KAN BLI FLEIRE SØK: 74 år gamle Agnar Ingemar Holtås har vore sakna frå bustaden sin i Mathopen sidan laurdag 28. juni. Politiet vurderar å gjere fleire søk etter den antatt omkomne.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Agnar

SAKNA: 74 år gamle Agnar Ingemar Holtås

Det siste søket etter den sakna vart gjennomført med sonar i Vatlestraumen søndag.

– Vi hadde eit overflatesøk på strekninga mellom Haakonsvern i sør til Sotrabroen i nord. Heile søndagen vart brukt, frå klokka 09.00 om morgonen til 19.00 på ettermiddagen, men diverre utan resultat, seier politistasjonssjef Tore Salvesen ved Bergen vest politistasjon.

74 år gamle Agnar Ingemar Holtås har vore sakna frå bustaden sin i Mathopen sidan laurdag morgon 28. juni. Mannskap frå Brannvesenets klatregruppe, Røde Kors, Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp og frivillige naboar har delteke i den omfattande leitinga, men framleis står politiet utan spor.

Kan bli nye søk

Status på leiteaksjonen er at ein no leitar etter ein antatt omkomen. Politiet skal møte dei pårørande og diskutere om det er nye områder det kan vera aktuelt å leita i.

– Vi må vurdere på nytt om det er stader som er teoretisk mogleg for nye søk. Så må det vurderast opp mot det praktiske. Vert vi samde om ein stad å søkje, så gjer vi det. Terskelen er låg. Hovudmålet vårt er å finne den sakna, seier Salvesen.

Han legg til at politiet også gjorde søk med sonar i eit tjern søndag.

– Sonar skal vere noko av det mest nøyaktige og sikre som er og det har ikkje gitt oss noko. Vi kan ikkje sei at området er søkt ferdig men vi har søkt med det beste reiskapet.

– Overveldande

74-åringen sin son, Kjetil Holtås seier familien er glad for innsatsen som er sett inn i søket etter den sakna.

– Då vi først melde han sakna, så vart det tatt på alvor av politiet. Det vart sett inn eit fantastisk apparat. Det var overveldande og dei har brukt bra med ressursar. Vi er uendeleg takknemlege.

Politiet ønskjer framleis tips og ved observasjon av vedkommande kan ein ringja politiet på 02800. Agnar Ingemar Holtås er 174 cm høg og har normal kroppsbygning. Han er skalla med litt grått hår på sidene. Han snakkar vestlandsdialekt og var iført beige bukser og gul skjorte då han forsvann frå heimen sin.

Salvesen seier dei so langt har fått få tips i saka, men håpar folk som kan ha fleire opplysningar tek kontakt.

– Det er verst for dei pårørande som ikkje finn sin kjære. Vi jobbar mot at vi skal finne den sakna.

– Vi i familien går med uvissa her og ønskjer ei avklaring. Vi skal finne vår kjære far, seier Kjetil Holtås.