Hopp til innhold

Politiet vurderer dusør for å finne kinakunst

Politiet og forsikringsselskapet Tryg avgjer om det skal utlovast dusør for den forsvunne kinesiske kunstsamlinga til Permanenten.

Kina-samlingen
Foto: Kunstmuseene i Bergen

Politiet og forsikringsselskapet Tryg avgjer om det skal utlovast dusør for den forsvunne kinesiske kunstsamlinga til Permanenten.

– Vi får sjå kva dette møtet vi skal ha fører til, men joda: Vi vurderer dusør.

Det seier avdelingssjef Knut Ellertsen i Brann- og Tjuveriavsnittet ved Hordaland Politidistrikt.

På eit møte like over påske skal han, forsikringsselskapet Trygg og dei andre råka partane ta stilling til om ein pengepremie skal lovast til den som kan bidra til å løysa "Mysteriet om den forsvunne Kina-skatten".

Saka har vore karakterisert som den verste sidan Munch-ranet, og dei mange gjenstandane har stor verdi.

Står utan spor etter tjuvane

For, fleirfoldige månader har gått sidan nokon i desember braut seg inn i Vestlandske Kunstindustrimuseum sine Kina-samlingar, og stakk derifrå med fleire verdifulle gjenstandar - både i økonomisk og kulturhistorisk forstand. Og ettersom tida går, svinn håpet om å finna att kunsten.

Likevel står politiet framleis heilt utan spor.

Så no vuderer de seriøst dusør for å få oppklart saka?

- Som sagt er dette noko vi skal vudera på dette møtet, som vert halde like over påske.

– Men de er iallfall ikkje avvisande til ei slik ordning?

– Neida. Vi er i utgangspunktet ikkje avvisande til noko. Som sagt, dette er eit dialogmøte, det er mange som skal sei noko om saka, så får vi koma attende med ein meir handfast plan etterpå.

Det er ein open dialog som vi har, så får vi sjå kva møtet fører til. Då har jo vonleg etterforskinga kome eit steg vidare, så får vi diskutere vidare etterpå, avsluttar Ellertsen.

Les også: